Alfred Nobel
Foto: AFP PHOTO

Nobels forbanning

Historia til verdas største litteraturpris er full av kontroversar.

Torsdag 7. oktober 2021 blir vinnaren av Nobelprisen i litteratur annonsert i Stockholm.

Prisen har blitt delt ut kvart år sidan 1901 (med nokre få unntak) og er den gjævaste utmerkinga ein forfattar kan få. Med prisen følgjer også 10 millionar svenske kroner.

Som regel går det roleg for seg, men nokre gongar har baksida av medaljen fått vel så mykje merksemd som framsida.

Her får du ein rask gjennomgang av sju kontroversar rundt Nobelprisen i litteratur.

#metoo – då kongen måtte gripe inn

Sveriges kong Carl Gustaf og dronning Silvia.

KONGEPAR: Sveriges kong Carl Gustaf og dronning Silvia.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Hausten 2017 slo #metoo ned som ei bombe i Sverige. Ein mystisk mann, som den første tida berre vart omtalt som «kulturprofilen», vart skulda for trakassering og overgrep av 18 ulike kvinner.

Mannen det var snakk om heitte Jean-Claude Arnault. Han vart seinare sikta og dømt til to års fengsel for valdtekt.

Arnault var gift med ein medlem av Svenska Akademien, juryen som deler ut Nobelprisen i litteratur. Akademien vart oppretta av den svenske kongen i 1786 for å fremme svensk litteratur og språk. Det består av 18 personar frå svensk kulturelite som har hatt medlemskap på livstid.

Jean-Claude Arnault i Stockholms tingsrett i 2018.

KULTURPROFIL: Jean-Claude Arnault i Stockholms tingrett i 2018.

Foto: Fredrik Sandberg/tt / NTB

I kjølvatnet av skuldingane kom det fram mykje anna grums. Det vart mellom anna kjent at ektemannen (som aldri sjølv var medlem av Akademien) hadde avslørt fleire vinnarar av litteraturprisen før utdelingane.

I 2018 endra Kong Carl Gustav av Sverige statutta til Akademien, slik at det vart mogleg for medlemar å fråtre posisjonane sine. I dag er halvparten av gruppa byta ut.

Alt bråket rundt Akademien førte til at prisutdelinga for 2018 vart utsett til 2019.

Den forbanna prisen

Då forfattaren Jean-Paul Sartre fekk Nobelprisen i litteratur i 1964, nekta han å ta imot. Franskmannen var redd for å bli institusjonalisert, og frykta at utmerkinga skulle gå ut over skrivinga si påverknadskraft. Han fann det difor tryggast å takke høfleg nei.

Mange rista på hovudet over Sartre si avvising. Korleis kunne han takke nei til verdas største litteraturpris? I ettertid har det vist seg å kanskje ikkje vere så dumt likevel.

Jean-Paul Sartre, forfatter Simone de Beauvoir og advokat Gisele Halimi (til høyre) i Paris i 1970.

NOBELPRIS? NEI TAKK: Jean-Paul Sartre og advokat Gisele Halimi (til høyre) i Paris i 1970.

Foto: AFP

Fleire av prisvinnarar har nemleg klaga på at dei synest det er vanskeleg å skrive.

Forfattarar som til dømes Derek Walcott og Wislawa Szymborska klaga over all merksemda dei fekk på grunn av prisen, som distraherte dei og lokka dei vekk frå skrivearbeidet.

Amerikanske Time Magazine antydar at det kviler ei forbanning over prisen, som gir dei utkåra forfattarane eit siste dødskyss.

Ei anna forklaring kan moglegvis vere at snittalderen til vinnarane er nærmare 70 år. (Den eldste vinnaren er britiske Doris Lessing, som var 88 år gammal då ho fekk prisen i 2007.)

«Äntligen!»

Sjølv om Nobelprisen i litteratur er kjent over heile verda, betyr ikkje det nødvendigvis at forfattarane er kjente. Ofte går prisen til personar som (i alle fall utanfor dei litterære krinsane) er heilt ukjent.

Spesielt mange amerikanarar har klaga. Kva skal vi med prisen når vi ikkje får tak i vinnaren sine bøker i bokhandelen?

I 2000 vart det gjort eit humoristisk poeng av dette. Då den fransk-kinesiske avantgarde-forfattaren Gao Xingjian vart annonsert som vinnar i Stockholm, ropte den svenske radioverten Gert Fylking ut i publikum: «Äntligen!» (Endeleg!)

Gao Xingjian og Gert Fylking.

Gao Xingjian og Gert Fylking.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Mats Andersson / NTB

Ein kunne trygt anta at Fylking verken hadde lest eller høyrt om Xingjian før, og reaksjonen skapte difor latter i salen.

Spøken fall ikkje i god jord hos juryen i Svenska Akademien, men Fylking våga seg likevel tilbake året etter, denne gongen i forkleding, og ropte nok ein gong ut: «Äntligen!»

Men kvifor vann ikkje ...?

Kva har Henrik Ibsen, Lev Tolstoj, Anton Tsjekhov, Mark Twain, James Joyce og Marcel Proust til felles? Forutan å vere nokre av dei mest kjende forfattarane i historia, har ingen av dei vunne Nobelprisen i litteratur.

Mange ukjente vinnarar har naturlegvis ført til at fleire store forfattarar ikkje har fått prisen, men andre argument har også blitt brukt for å forklare forbigåingane.

ØVERST FRA VENSTRE: Marcel Proust, Mark Twain, Henrik Ibsen og Lev Tolstoj.

ØVST FRÅ VENSTRE: Marcel Proust, Mark Twain, Henrik Ibsen og Lev Tolstoj.

Foto: NTB

Sveriges kjølige forhold til Russland skal vere grunnen for at verken Tolstoj eller Tsjekhov vann prisen. Russland (eller Sovjetunionen) fekk sin første litteraturpris i 1933 (Ivan Bunin) og sin andre i 1958. Den gjekk til forfattaren Boris Pasternak som året i førevegen hadde skrive romanen «Doctor Zhivago».

Sovjet meinte boka var antisosialistisk og stansa utgjevinga. Myndigheitene pressa også Pasternak til å takke nei til prisen.

Sverige 8 – Afrika 4

Alle prisar som er over 100 år, vil nødvendigvis ha litt trøbbel med mangfald, sett med 2021-briller. Likevel, alle forfattarar i heile verda skal kunne vinne Nobelprisen i litteratur – men det er stort sett ein europear som stikk av med sigeren.

Som eit lite eksempel på det nokre kanskje vil hevde verkar litt skeivt fordelt: Sverige har åtte prisar, kontinentet Afrika (med 1,2 milliardar innbyggarar) har fire. (To av vinnarane er kvite frå Sør-Afrika.)

Frankrike har soleklart flest: Heile 17 vinnarar! Félicitations, France! Ok, men korleis står det til med kvinneandelen, da?

Nja. Men ok, igjen må vi minne om at denne prisen har blitt delt ut i lang tid. Viss vi viser kjønnsbalansen per tiår vil vi kanskje sjå ei endring?

Ja, ein gjer vel det. Juryen kan likevel ikkje bli skulda for å vere veldig langt framme i skoa, med ein soleklar 10–0 til herrane så seint som i tiåret 1980–1989.

Folkemord, sjølvmord og Bob Dylan

Mange av utdelingane har blitt kritisert, og det er kanskje ikkje så rart når ei heil verd av forfattarar kan vinne. Nokon kjem alltid til å bli misnøgd. Her får du tre utdelingar som fekk ekstra mange til å reagere:

Peter Handke, fekk prisen i 2019

Peter Handke

KONTROVERSIELL: Peter Handke

Foto: OLIVER BUNIC / AFP

Kva var problemet?

Vel, FNs krigsforbrytardomstol og den internasjonale domstolen ICJ i Haag har slått fast at massakren i Srebrenicia i 1995, der oppunder 8000 bosnisk-muslimske gutar og menn vart drepne av bosnisk-serbiske militærstyrkar, var eit folkemord. Slikt pleier som regel å bety at diskusjonen er over, men Serbia-vennen Peter Handke meiner at massakren ikkje bør bli rekna som eit folkemord.

2019: Bosniske kvinner som mistet sine menn og barn i Srebrenica protesterer mot prisutdelingen utenfor den svenske ambassaden i Sarajevo, Bosnia-Herzegovina.

2019: Bosniske kvinner som mista sine menn og barn i Srebrenica protesterer mot prisutdelinga utanfor den svenske ambassaden i Sarajevo, Bosnia-Hercegovina.

Foto: Almir Razic / AP

– Det var hemn, ikkje folkemord, slik krigsforbrytardomstolen påstår, sa Handke til DN i 2014.

(NB: Han har aldri nekta for at uhyrlegheitene skjedde.)

Det hjelpte heller ikkje at Handke heldt tale i gravferda til den serbiske ekspresidenten Slobodan Milošević i 2006. Han var sikta for omfattande krigsbrotsverk, men døde i fengsel før ein dom vart felt.

Bob Dylan, fekk prisen i 2016

Bob Dylan på scenen.

SOM VI ER VAN MED Å SJÅ HAN: Bob Dylan på scena med gitar.

Foto: KEVIN WINTER / Afp

Alle likar vel Dylan?

Ja, jo, kanskje, men er han forfattar? Alle var ikkje like overtydde då juryen kunngjorde vinnaren.

Det vart heller ikkje betre av at mr. Dylan ikkje gav lyd frå seg før lang tid etter at han vann, og at han ikkje dukka opp på seremonien ... (Han sende rett nok Nobel-foredraget sitt på video før fristen gjekk ut. Det MÅ vere levert innan ei viss tid for at vinnaren skal få pengane som følgjer prestisjen.)

Eyvind Johnson og Harry Martinson, delte prisen i 1974

Forfatterne Harry Martinson og Eyvind Johnson tilldeles Nobelprisen i litteratur i 1974.

GLADE VINNARAR: Forfattarane Harry Martinson og Eyvind Johnson fekk Nobelprisen i litteratur i 1974.

Foto: TT NYHETSBYRÅN

Juryen kan vel ikkje gi prisen til eigne medlemmar? Jau da. Både Eyvind Johnson og Harry Martinson sat i Svenska Akademien då dei delte prisen i 1974.

Utdelinga vart sterkt kritisert av media og kultureliten.

Forfattar Lars Gyllensten hevda i sine memoarar frå 2000 at all uroa medverka til at Martinson tok sitt eige liv i 1978.

– Harry Martinson vart fullstendig nedbroten av det. Han vart fiksert på den tarvelege og arrogante kritikken, sa Lars Gyllensten til Aftonbladet same år som boka kom ut.

Ein japansk skandale

Murakami-fan i Tokyo har fått seg boka «Killing Commendatore» i 2017. Flere av de store bokhandlerne i byen hadde nattåpent med forskjellige events for å feire den nye boka fra sin store forfatter-yndling.

DRAUMEN ME BER PÅ: Murakami-fan i Tokyo har sikra seg boka «Killing Commendatore» i 2017. Fleire av dei store bokhandlarane i byen hadde nattopent med forskjellige arrangement for å feire den nye boka frå sin store forfattar-yndling.

Foto: TORU YAMANAKA / AFP

Japanske Haruki Murakami har lenge vore ein av dei store favorittane til å vinne Nobelprisen i litteratur.

År etter år har Murakami-fansen samla seg i Japan for å følgje med på annonseringa frå Stockholm. Folk kjøper inn konfetti, bokhandlarar ryddar heidersplassen til Murakami-bøkene og TV-stasjonar sender ut sine beste reporterar. Gatene er klare for folkefest!

Dessverre blir dei like skuffa kvart år.

For sjølv om Murakami ofte er heilt i toppen hos bookmakerane (det er han også i år), har han enda ikkje vunne prisen. I vinter vart forfattaren 72 år. Det begynner å haste om han skal få utmerkinga.

Får Murakami endeleg prisen i år?

Ja, no er det sanneleg på tide! 60%

Nei, han må nok vente nokre år til. 40%

Avstemningen er lukket. 3831 stemmer totalt

Her i Noreg håpar vi stadig på at Jon Fosse skal vinne. I år fullførte han storverket sitt «Septologien», som han har fått svært gode kritikkar for over heile fjøla. Kan 2021 vere året Nobelprisen igjen går til Noreg?

Torsdag 7. oktober 2021 veit vi svaret.

NRK1 og P2 sender annonseringa av prisvinnaren direkte frå klokka 13:00, med ekspertar og andre gjestar i studio som gir deg det du treng for å bli godt oppdatert på årets vinnar.

0
dagar
0
timar
0
minuttar
0
sekundar

RETTING: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at Boris Pasternak var første russar / sovjetar til å vinne Nobelprisen i litteratur. Det var openbert feil i og med at Ivan Bunin vann i 1933. Vi beklagar.

Anbefalt vidare lesing: