Hopp til innhold

Drift og død i Torshamn

Det er livsfårleg å vere fødd på Færøyane. I alle fall om ein skal tru på romanen ”Glansbildesamlarane” av forfattaren Jóanes Nielsen.

Jóanes Nielsen

Jóanes Nielsen er aktuell i Norge med 'Glansbildesamlarane'.

Foto: Randi Ward

Dess mindre kunnskap ein har om eit land, dess lettare er det å leite etter dei få tinga ein trass alt veit når ein får ei bok derfrå i hendene. Under lesinga av ”Glansbildesamlarane” leitar eg dermed etter det som sit att frå geografitimar og avisoppslag om Færøyane, nemleg hardt vêr, havfiske og økonomisk krise. Og ja, det er der alt saman.

Men ettersom denne romanen ikkje er skriven for å opplyse meg og andre vankunnige om livet på øyane, så ligg dette berre der som noko sjølvsagt. Eit bakteppe. For ”Glansbildesamlarane” er skriven på færøysk og utgjeven av forfattaren sjølv i hovudstaden Torshamn og der treng dei ikkje bli informert om slikt.

Eg seier dette, fordi det slett ikkje er sjølvsagt. Den store færøyske forfattaren på 1900-talet, William Heinesen, skreiv alle sine bøker på dansk, og svært mange andre forfattarar frå små eller unge nasjonar vel gjerne å skrive på større språk og gje ut bøkene i byar som har ein større litterær nimbus enn Torshamn.

"Glansbildesamlarane"

'Glansbildesamlarane' av Jóanes Nielsen.

Foto: Heinesen forlag

Med i pakka kjem då fort ein trong til å forklare og fortolke sitt eige for eit utanlandsk publikum, noko som kan verke temmeleg forvirrande og ikkje lite irriterande på forfattarens eigne landsmenn. Utan at eg kan seie dette gjeld for Heinesen, som forresten får ei riktig sympatisk rolle som gammal mann på gata i den romanen eg no skal snakke om.

Høyr meldinga av "Glansbildesamlarane" her

Dødsmåtar

Framfor bakteppet av hardt vêr, fiske og økonomisk krise spelar det seg eit drama. Eit kollektivt oppvekstdrama, der den indre, harde kjerne er fem gutungar som går i same klasse på ein katolsk skule i Torshamn. Dei tilhøyrer kullet som vart fødde i 1952, og i løpet av dei ikkje altfor mange åra denne romanen gjev oss del i, er fire av dei fem gått i grava. Dette blir det gjort kort og usentimentalt greie for på første side:

”Djalli var den første av 52-årgangen frå Sankt Frans’ skole som dødde”.

Så kjem det litt om hans 11 år lange liv før historia går vidare:

”Den andre i klassen som dødde, var Ingimar. Han vart skylt over bord borte ved Grønland 23 år gammal. På rekefeltet vest av Sisimut by ligg restane av den lange, hengslete kroppen hans.Staffan dødde fem år seinare. Noen københavnarungar fann han i eit kjerr ute i fristaden Christiania.”

Og så vidare. Men før all denne døden er det mykje liv, og det startar nedanfor hønsehuset til nonnene når gutane er i 10-årsalderen og let seg fascinere av vakre, uskuldige bilde av englar og eventyrfigurar. Men idyllen slår raskt sprekker. Det viser seg at nokon har klipt sine glansbilde ut av bildebibelen til nonnene, og før nemnte Djalli er hovudmistenkt for han kjem frå ein familie søster Clerenze synst verkar temmeleg tvilsom.

Når driftene styrer

Det handlar om brå død og urettferd. Det handlar også om familiar som bryt saman, og årsaka er ofte å finne i driftslivet. Ein dansk kritikar kallar det for ”driftsdeterminisme” og det er ganske presist. Her går det for seg på kryss og tvers av familie- og kjønnsgrenser, ofte med døden til følgje både for barn og vaksne. Då den femte glansbildesamlaren, Olaf, ligg og skal døy av AIDS, held han eit flammade innlegg for dobbeltmoralen:

”Utan dobbeltmoralen, sa han, hadde dei reine i ånda for lengst smuldra opp samfunnet. Dobbeltmoralen og hykleriet var livsnødvendige sikringsventilar, og spesielt i ein liten, sladresjuk by som Torshamn.”

Kva som ligg i dette, kan ein jo tygge på. Men historia om glansbildesamlarane har altså svært lite glansbildeaktig over seg. Reint unntaksvis finst det nokon som i glimt greier å heve seg over drifter og eigeninteresser, men det er unntak. Og trass i at det finst ein tydeleg kritikk her både av menneskeleg intoleranse og økonomisk frislepp, er det deterministiske synet på menneskedyret det som sit att.

Presise historiar

Godt då, at det finst nokon eksemplar av arten som i alle fall maktar å lage gode historier av elendet. For historia om denne gutegjengen og folka rundt dei er skriven med presisjon i detaljen og i replikken, og ikkje minst viktig: med blikk for det humoristiske oppi det heile. Det går rett og slett an for ein lesar å bli glad i slike figurar som desse her.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift