Hopp til innhold

«Alle» vil ha norske tv-konsept

Norskutvikla tv-underhaldning er populært blant utanlandske oppkjøparar. Og det neste store talentshowet kan kome frå Norge.

Deltaker Ylva Olaisen i The Stream

TV 2-programmet «The Stream» kan bli den største norske tv-eksporten. Amerikanske NBC har kjøpt rettane, og skal etter planen på lufta neste år. Her syng Ylva Olaisen i den norske originalversjonen.

Foto: TV 2

Dei siste åra er over 20 norskutvikla tv-format eksportert til utlandet, og blitt laga i nasjonale versjonar i fleire europeiske land, i USA og i Kina. Det viser tal frå norske tv-kanalar og produksjonsselskap.

Espen Huseby

Administrerande direktør Espen S. Huseby i Nordic World merkar auka etterspurnad etter norske format.

Foto: Nordic World

Administrerande direktør Espen S. Huseby i Nordic World seier dei merkar ein auka interesse for norske format:

– Interessa har utvikla seg eksplosivt. Dette skuldast først og fremst drama, som alle skal ha no, Men dette har også smitta over på alt som er av kreativ utvikling, og vi ser no at det er stor interesse for norske format på tv-messene.

Faktabasert underhaldning

Det er særleg faktaunderhaldning utlandet spør etter frå Norge. Dette er program der ein blandar fakta og underhaldning. Som i NRK-programmet «Ikke gjør dette hjemme», som har fått avleggarar i seks land, så langt.

Flere land har laget egne versjoner av NRK-program

Dette er ein sjanger der det er enklare å stikke seg ut samanlikna med klassiske underhaldningsformat, seier utviklingssjef Ole Hedemann i NRK:

– Lagar du eit nytt gameshow eller ein talentkonkurranse, er det vanskeleg å stikke seg ut samanlikna med alle dei andre formata som finst. Men med ein original vri på det som blir kalla factual entertainment, er det lettare å bli lagt merke til.

Nye marknader

Ole Hedemann

Utviklingssjef Ole Hedemann i NRK meiner det er enklare å lukkast med eit faktabasert underhaldningsprogram.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Det siste året har også engelskspråklege land fått auga opp for norsk tv. Channel 4 i England har laga «Datoen», USA Network laga ei nyinnspeling av dramaserien «Øyevitne» i fjor haust. Denne hausten kjem etter planen den amerikanske versjonen av «Skam», og til neste år skal den amerikanske versjonen av «The Stream» på lufta på NBC, ifølge TV 2.

Det er Monster som i samarbeid med TV 2 og Little Hill har utvikla «The Stream»-formatet. Formatmanager Eva Marie Uddu i Monster er spent på korleis den amerikanske versjonen blir:

– Det er historisk at eit norskutvikla underhaldningskonsept skal på lufta i USA. Vi er involvert, men er spent på korleis dette blir. I NBC sit det folk som har arbeidd med store konsept som «The Voice» tidlegare. No skal dei ta vårt relativt vesle konsept ut til den store marknaden.

– Vanskeleg å tene pengar

Men norske produsentar blir ikkje særleg rike av programutviklinga. «Vil du bli millionær» er eitt av dei største tv-formata verda har sett. Det er produsert i rundt 150 land, og har gått i fleire sesongar. Det er langt fram dit, seier Uddu.

– Dersom du har eit program som kan gå i mange år i mange land, kan du tene gode pengar. Men det er vanskeleg. Det blir stilt høge krav til ideen. Men får du det til, då er det mykje pengar å tene.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters