I konkurranse med tv-paret Magnus og Alec frå tv-serien «Shadowhunters», har lesarane til underhaldningsnettstaden E! News kåra Even og Isak til årets tv-par. Det stadfestar redaksjonssjef i P3, Håkon Moslet.
På vegen fram til finalen har det norske paret blant anna slått ut Clarke og Alexa frå tv-serien «The 100», som vann i fjor, og Stefan og Caroline frå «The Vampires Diares».
Redaksjonssjef i P3, Håkon Moslet, meiner den amerikanske tv-kåringa er ein siger for «Skam»-fansen.
Foto: Per Christian Gråberg / NRKMoslet skriv i en sms at det er veldig gøy at «Skam» gjekk til topps:
– Dette er ein siger for kjærleiken, og eit skritt på vegen til å fjerne «jævla homo» som skjellsord. Men først og fremst er dette ein siger for den fantastiske «Skam»-fansen. Alt er love.
Mobilisering av fans
Even og Isak gjekk til topps i kåringa, trass i at serien ikkje har vore vist i USA. Men mange har likevel sett serien på nett. Men sigeren i kåringa, skuldast nok også ei massiv mobilisering av skandinaviske fans på sosiale medium.
På Twitter har det vore ein eigen profil som har oppmoda folk til å stemme på Evak, som har blitt fellesnamnet til Even og Isak:
I tillegg har fansen mobilisert på Facebook og Instagram, og oppretta ei eiga nettside der fans har kunne følge avstemminga med oppdaterte stemmetal og differansar i kåringa.
Serieskapar Julie Andem har også oppmoda publikum om å stemme fram tv-paret:
Og no takkar Henrik Holm, som spelte Even i tredje sesong av serien, fansen for all støtta under kåringa:
I løpet av året får USA og Canada truleg sin eigen versjon av ungdomsserien. Simon Fuller, som blant anna står bak tv-suksessar som «Idol» og «So You Think You Can Dance», kjøpte i fjor rettane til å gjere ei nyinnspeling av «Skam».
«Skam»-ros
Opphavleg var «Skam» ein serie retta mot norske ungdommar. Men det siste året har serien blitt populær langt ut over landegrensene. Serien er vist både i Sverige og Danmark. Serien har også blitt hylla av ei kinesisk partiavis.
«Skam» har også fått mykje ros for å ta opp tema om korleis det er å vere ung i Norge i dag. Serien har også fått fleire prisar fordi dei tek opp vanskelege spørsmål, og for å bidra til meir openheit i samfunnet.
Serien har blant anna omtala tema som spisevegring, psykisk sjukdom, valdtekt og homofili.