Hopp til innhold

– Sean Connery er den beste Bond

Tidlegare 007, Sir Roger Moore seier Sean Connery er den beste skodespelaren som har spelt James Bond i sin nye bok «Bond om Bond».

Roger Moore

Sir Roger Moore.

Foto: Berit Roald / SCANPIX

Sir Roger Moore spelte i sju filmar om Ian Flemings berømte spion James Bond mellom 1973 og 1985.

I den nye boka si «Bond om Bond» erklærer han at han synest Sean Connery er den beste Bond.

– Eg blir ofte spurt: «Kven er den beste Bond?» «Sett bort frå meg sjølv?» svarar eg beskjedent. «Det må vere Sean», skriv Moore.

– Sean var Bond. Han skapte Bond. Han personifiserte Bond og på grunn av Sean vart Bond ein kjenneleg karakter verda over – han var røff, tøff, slem og morosam. Sjølvsagt var det eit alter ego han ikkje alltid sette pris på, men det var eit «eg», som eg likar å tru at han til sjuande og sist var stolt av – ettersom han var ein «blodig» god 007, skriv Moore.

  • Sei di meining i kommentarfeltet: Kven var den beste Bond?

Nøgd med Craig

Daniel Craig

Daniel Craig som Bond.

Foto: Susie Allnutt / AP

Bond-ekspert John Berge, som driv nettstaden jamesbond.no, omset boka til norsk for Ex Libris.

Utanlandske nettstader skriv at Moore skal ha sagt at Daniel Craig er den beste Bond. Mellom anna skriv BBC dette:

– Eg elskar Casino Royale og Daniel Craig. Han er ein flott skodespelar, og utan tvil den beste skodespelaren til å spele Bond, seier Moore.

Moore la også til at han synest 44-årige Craig har den beste kroppsbygnaden av alle Bondane som har vore.

Ifølgje John Berge seier Moore dette om Daniel Craig:

– Personleg likte eg ideen om Daniel Craig etter å ha sett han i «The Mother», «Munich» og «Layer Cake». Han er ein fabelaktig god skodespelar. Hans Bond er fantastisk og eg håpar han vil ha trona i mange år framover.

– Russisk skurk

John Berge

John Berge driv nettstaden jamesbond.no.

Foto: Per Mork / jamebond.no

Sjølv meiner Berge det er ein mann som fekk spele rolla «berre» to gonger som er den beste Bond.

– Eg meiner det er Timothy Dalton, fordi han spelte rolla som om det var ein ekte agent, seier Berge.

Det er no 25 år sidan filmen «The Living Daylights» kom med Dalton som Bond, og det var den som fekk Berge til å bli ihuga Bond-fan.

– Han oppførte seg som Bond i bøkene til Ian Fleming, og reflekterte ein realisme. Eg meiner han også at var den beste skodespelaren, seier Berge om Dalton.

Den nye Bond er han mindre nøgd med.

– Eg synest Daniel Craig er den minst riktige Bond. Han har ikkje den ikoniske James Bond-utsjånaden. Han liknar meir på ein russisk skurk, seier Berge.

– Manglar humor

Ein annan Bond-ekspert, Bernt Ringvold er einig med Moore, den fyrste Bond var den beste.

– Eg meiner det er Sean Connery. Og det er det jo mange som synest. Han hadde ein perfekt balansegang mellom action og sjølvparodisk humor, seier Ringvold.

Han meiner Bond har mista glimtet i auga med Daniel Craig i hovudrolla.

– Filmane har ypparlege stunts, men lite humor og britisk eleganse. Ein kan nesten ikkje skilje han frå ein actionhelt frå Hollywood, seier Ringvold.

Mimrar om gamle dagar

Det er ikkje berre «Daniel Craig versus Sean Connery» boka til Roger Moore handlar om. Den inneheld også mange humoristiske gullkorn.

84-årige Moore er ikkje lenger så fornøgd med sin eigen fysikk som i sine 007-dagar.

– I gamle dagar kunne eg hoppe opp frå ein stol utan å vere redd for at knea skulle svikte, tyggje toffee utan å vere redd for å miste ei tann, og kunne beundre mine fløymande lokkar og min tynne, solbrune overkropp, seier Moore.

Og Moore held fram med sjølvnedsetjande utsegn.

– Med eit rykk i augebrynet kunne eg få hjarte over heile verda til å slå fortare, seier dei. I desse dagar er det pacemakeren min som får hjarte mitt til å slå, seier han.

Boka til Roger Moore kjem på norsk 8. oktober 2012.

Den tredje Bond-filmen med Daniel Craig i hovudrolla heiter «Skyfall» og har Norgespremiere 26. oktober.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.