Hopp til innhold

– Kunnskapsnivået er lavt og fordommane mot jødar lever vidare

Sidsel Levin fekk ikkje høyre om krigens redslar verken heime eller på skulen då ho vaks opp i etterkrigsåra, men har sterke minne om haldningane ho møtte. – Presset mot jødiske born og unge er på mange måtar sterkare i dag, seier Levin.

Sidsel Levin, daglig leder for Jødisk Museum i Oslo.

Sidsel Levin, dagleg leiar for Jødisk Museum i Oslo, arbeider for å samle og formidle kunnskap om jødane si historie i Noreg.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Ein gong eg gjekk opp for å leike hos ei venninne i nabooppgangen, titta tre venninners ansikt ut av ein bitteliten sprekk i døra, fortel Sidsel Levin i radioprogrammet Sommer i P2:

– Dei sa: «Du får ikkje leike med oss, for du er jøde». Eg var forvirra då eg gjekk heim og fortalde det. Far gjekk opp dit om kvelden, fylt av eit fortvila sinne. Eg veit ikkje kva som vart sagt, men det vart nok ubehageleg for dei foreldra.

Faren var den namngjetne pianisten Robert Levin, som er sentral i mange av barndomsminna Levin fortel om i radioprogrammet – også mange lysare minne.

– Det var ikkje plass til den sorga i det norske samfunnet

Familien Levin i Stockholm

Familien Levin i Stockholm under krigen, truleg i byrjinga av 1945. Sidsel på fanget.

Foto: Jødisk Museum i Oslo

I vaksen alder forsto Levin at ho hadde hatt fleire venninner på skulen med foreldre med nazistisk bakgrunn og antisemittiske haldningar. I barneåra var det stort sett taust om det som hende med jødane i Noreg under krigen:

– Vi fekk i alle fall ikkje høyre noko på skulen, der lærte eg ingenting. Og mange opplevde at foreldra heller ikkje ville fortelje noko. Det vi fekk vite, kom i små drypp. Vi måtte finne ut av ting sjølve, etter at vi hadde lært å lese og byrja å forstå rekkjevidda av det som hadde hendt – kanskje i 13-14-årsalderen, seier Levin til NRK.no.

– Dei som hadde overlevd krigen, heldt ein lav profil og retta blikket framover: «No skal vi bygge, no skal det bli betre.» Alle bar med seg sorga, kunnskapen og angsten over det som hadde skjedd og alle dei hadde mista. «Dei vart borte» var uttrykket om alle som vart deportert og drepne. Men den sorga var det i det heile ikkje plass til i det norske samfunnet – det brydde seg heller ikkje om den.

– Mange ungdommar synest det er for vanskeleg å vere jøde her

Sidsel Levin trur ikkje det har blitt lettare for jødiske born å vekse opp i Noreg – snarare tvert imot:

– Presset mot dei unge er på mange måtar sterkare i dag. Det er trist å sjå at mange jødiske ungdommar synest det er for vanskeleg å vere jøde her, og flyttar til større jødiske samfunn der det er lettare. Vi er så få, og derfor opplevast presset stort.

Om det vart i overkant taust etter krigen, synest Levin det i dag er vanskeleg for jødar å vere i fred.

– Det som var ein vanleg del av livet då vi vaks opp, er no blitt noko ein må svare for heile tida. Det er slitsamt, og viss ungdommen flyttar, blir det ikkje så mange igjen av oss her i landet.

Les: Ett av tre jødiske barn hetses på skolen

– Det jødiske perspektivet manglar

Som museumsleiar er Levin dagleg i kontakt med behovet for kunnskapsformidling – og ikkje berre til unge.

– Kunnskapsnivået hos folk flest er forferdeleg dårleg. Når eg held foredrag for vaksengenerasjonen om jødisk historie i Noreg, får eg stadig høyre at «dette har vi aldri høyrt om før.»

Levin meiner både skulen og media framleis treng ta større ansvar for fordommane som framleis eksisterer, og at antisemittisme er samfunnets ansvar.

– Skulen må ta eit større ansvar for det som står i skulebøkene. Mykje av det som står er nok skrive i beste meining, men det kjem gjerne feil ut fordi det jødiske perspektivet manglar. Jødane står fram som passive i si eiga historie.

– Eg las til dømes i eit skulebokmanus at jødane «fekk kome tilbake til Noreg» etter krigen. Norske jødar sat faktisk i Stockholm i 1944 og bestemte seg for å reise heim – eg har protokollane her i museet. Det manuset vart heldigvis endra – og jødisk historie har nok i større grad blitt anerkjent som ein del av norsk historie dei siste tiåra enn før.

Sidsel Levin viser bilde av familien sin i det jødiske museet.

Sidsel Levin viser fram bilete av familien i Jødisk Museum.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Vi skulle ikkje vite

Dei vaksne jødane var etter krigen svært medvitne om å skjule sorga over dei mange som vart borte under krigen. Sidsel Levins foreldre hadde mista ei rekkje nære slektningar; søsken, onklar, tanter og besteforeldre.

– Eg kan hugse korleis det var å kome inn i rom der dempa stemmer brått vart tause, ei svartlilla stille fylte rommet og dei vaksne hadde raude auge dei prøvde å skjule. «Men hysj ... borna kjem ... ikkje snakk om det.» Vi skulle ikkje vite, ikkje ha med oss den hukommelsen. Men det har vi fått, og denne bagasjen har sterkt prega også min generasjon.

Først fleire tiår seinare fekk Levin høyre mora gi detaljerte skildringar frå familiens dramatiske flukt til Sverige, i samband med eit minnearrangement i Ørje.

– Eg gjekk heile flyktningruta saman med mor, og det var første gongen ho fortalde om flukta i detalj. Det var ei stor oppleving for meg – og ei stor påkjenning for henne.

I arbeidet med å byggje opp Jødisk Museum i Oslo fungerer mora Solveig (97) framleis som eit levande oppslagsverk.

– Det gir meining å ta tilbake, samle og formidle så mange aspekt og bitar av livet, kulturen og historia som mogleg, og gi det ein rettmessig plass i det offentlege rommet. Dessutan trur eg at kultur er ein vel så viktig brubyggjar som mykje annan dialog.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters