Hopp til innhold

– Konsertar gjer deg lykkelegare

Festivalpublikummet visste det kanskje allereie, men no slår australske forskarar fast at du blir lykkeleg av å gå på konsert og høyre på musikk saman med andre.

konsertopplevelse

Konsertopplevingar gjer deg meir lykkeleg, ifølge australske forskarar.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Forskarar ved Deakin University i Australia tok utgangspunkt i ei undersøking der folk vurderte kor lykkelege dei var. Så har dei spurt 1000 tilfeldige personar frå denne undersøkiga om korleis dei brukar musikk. Dei fann ein klar samanheng mellom lykkekjensle og kor ofte ein deltok på konsertar, skriv nettstaden Consequence of Sound.

Funna viser at dei som høyrer på musikk ved å danse saman med andre eller går på konsert, oftare rapporterer om lykkekjensle enn dei som høyrer på musikk aleine. Forskarane skriv at forholdet mellom oppleving av musikk og lykke er tovegs.

– Dei som er over gjennomsnittet lykkelege, oppsøker nok oftare konsertar og situasjonar der dei kan synge og danse saman med andre. Samtidig er dansing og det å delta på musikkarrangement med på å auke kjensla av velvære.

Ulykkelege artistar

Obit Amy Winehouse Amy Winehouse

Artisten Amy Winehouse døydde av alkoholforgifting i 2011. Ho er ein av mange artistar som berre blei 27 år.

Foto: Brian Kersey / Ap

Men dei som lagar musikken, ser ikkje ut til å oppleve den same graden av lykke. I ein annan australsk studie frå 2014, fann forskarar ut at rockeartistar i snitt lever 25 år kortare enn ein gjennomsnittsperson.

Forskarane tok for seg nesten 13.000 dødsfall av pop- og rockemusikarar som døydde i perioden 1950 til 2014. Dei fann at den gjennomsnittlege levealderen var ein stad mellom seint i 50-åra og tidleg 60-åra.

I tillegg var sjølvmordsraten blant musikarar opp mot sju gongar større enn i folket elles, og faren for å bli drepen opp mot åtte gongar større.

Introverte platekjøparar

FRANCE-FESTIVAL-MUSIC-PRINTEMPS-BOURGES

Dei som kjøper vinyl er einsame, middelaldrande og introverte, ifølge britisk kartlegging.

Foto: GUILLAUME SOUVANT / Afp

Dei australske forskarane har altså funne ut at du kjenner mindre lykke når du høyrer musikk aleine, enn om du høyrer saman med andre. Samtidig har YouGov kartlagt dei britiske kjøparane av vinylplater.

Det viser seg at den typiske platekjøparen er einsam, middelaldrande og introvert. Dei er også over gjennomsnittet interessert i musikk. 66 prosent av platekjøparane seier at dei ikkje kjem seg gjennom dagen utan å høyre på musikk.

Lykkeforskinga frå Australia tyder kanskje på at det kunne blitt enda lettare å kome seg gjennom dagen om dei oftare også høyrde på musikk saman med andre.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.