Hopp til innhold

– Eurovision-artistar frir til TikTok

Å skape TikTok-danser kan vere viktig for å få fleire stemmer frå dei unge sjåarane, trur ekspertar. Men dansefenomen er ikkje noko nytt i Eurovision-historia.

Islands bidrag i Eurovision Song Contest 2021
Daði og Gagnamagnið — «10 Years»

Islands bidrag i Eurovision Song Contest 2021 Daði og Gagnamagnið — «10 Years»

Fleire av årets Esc-artistar har skreddarsydd koreografien og kostyma for å slå an på TikTok.

Janne Monsen Tveit, redaktør i 730.no

Redaktør i 730.no, Janne Monsen Tveit meiner at fleire av årets Eurovision-bidrag har potensial til å gjere det bra på TikTok.

Foto: Privat

– Som verdas heitaste app for unge er det heilt naturleg at også Eurovision-artistar frir til TikTok, seier Janne Monsen Tveit, redaktør i 730.no, ein frittståande norsk nettstad for popkultur.

Eurovision-vinnar i 2019 Duncan Laurence fekk ein stor TikTok-hit i år med «Arcade», sjølv utan dans. I fjor oppdaga også mange islendingane Daði & Gagnamagnið via TikTok.

Emneknaggen, #danceaboutthings, til fjorårets Daði-hit «Think About Things» har i underkant av 7 millionar visningar.

Tiktok er ein sosial plattform der folk over heile verda deler små videosnuttar - og veldig ofte dreier det seg om dans.

Daði & Gagnamagnið skal også i år representere Island med songen «10 Years» og er blant konkurrentane til Tix. Med 50.000 TikTok-følgjarar og nær 600.000 visningar av låten har Daði alt ein god fanskare på plattforma.

– Dei er tilbake med dei grøne joggedraktene sine og ein dans som er minst like teit som den førre. «10 Years» kan gjere det sterkt i både Eurovision og på TikTok, seier Monsen Tveit.

Ved å lage videoar tilpassa TikTok håper dei nok å treffe dei yngre sjåarane av Eurovision, og dermed sanke fleire stemmer i den målgruppa. Det seier ansvarleg redaktør i KK Ingeborg Heldal, som er ein av paneldeltakarane i «Adresse Rotterdam» på NRK.

– Viss dei treff mange på TikTok og klarer å skape eit dansefenomen, er det nok ikkje umuleg at det vankar ein del fleire stemmer i semifinalar og finalar, seier Ingeborg Heldal.

– Store og rare bevegelsar

Ingeborg Heldal

Ingeborg Heldal, paneldeltakar i «Adresse Rotterdam» og ansvarleg redaktør i KK held ein knapp på at Litauen sitt bidrag i Eurovision blir årets dansefenomen.

Foto: Stig Karlsen / NRK

– Det geniale i dansinga til det islandske nummeret er kor enkel det er. Det bør ikkje vere for komplisert koreografi, men enkle bevegelsar som alle kan få til raskt. Den litt rare, fine nerdedansen treff på alt i så måte, meiner Heldal.

Monsen Tveit forklarer at dei mest kjende TikTok-dansane ofte er kjenneteikna av store, gjerne banale bevegelsar, eller moves som speglar teksten eller temaet i songen.

– Dansen til Litauen er så enkel at den potensielt kan fungere på TikTok, spesielt for barn. Det hjelp at låten i seg sjølve er festleg og minneverdig, seier Monsen Tveit.

Heldal er einig.

– Dette er bra dansing. Ein uimotståeleg kombinasjon av humoristisk, litt rart og veldig fengande. Viss eg skulle sett pengar på ei «dansedille» i år måtte det blitt denne, seier Heldal.

Historiske «dansediller»

Også historisk har vi sett artistar som har gjort meir eller mindre vellykka forsøk på å skape ein dans som tek av. Vi har børsta støv av nokre eldre bidrag som kanskje kan ha eit potensial til å gjere det stort på TikTok i dag.

I 2005 vant Hellas Eurovision då Helena Paparizou framførte «My Number One».

– Eg er ikkje veldig aktiv på TikTok, men det eg har sett liknar jo dansemessig veldig på dette, så her var Paparizou kanskje forut for si tid. Melodien er ikkje 10 av 10 etter min smak, men dansinga er spot on.

For nybegynnarar

I 1984 var det tre svenske brør som gjekk av med sigeren i Eurovision. Per, Richard og Louis Herrey, betre kjent under namnet Herreys sjarmerte Europa i senk med songen «Diggi-loo diggi-ley».

– Ååååh, for eit underbart gjensyn. Tenk om nokon kunne laga ein TikTok-versjon av dette. Det hadde den fortent. Og dette er ein «dans» alle kan få til, då du kjem langt med begeistring og litt klønete piruettar. Blir du ikkje i godt humør av dette er det ikkje håp, seier Heldal.

Ein av storfavorittane til å vinne heile Eurovision i Kiev i 2017 var Francesco Gabbani med «Occidentali's Karma». Trass selskapet av ein dansande gorilla på scena enda Gabbani til slutt på ein sjetteplass.

– Denne låten er veldig fengande. Dansen er ikkje så mykje meir enn vinking med armane og løfting av eit og eit bein, så eg tviler på at dette hadde blitt eit dansefenomen. På den positive sida er det noko absolutt alle kan få til, seier Heldal

– Eurovision-ikon

I Helsinki i 2007 blei nok mange blåst av bana av Verka Serduchka sin «Dancing Lasha Tumbai», som var Ukraina sitt nummer.

– Her snakkar vi Eurovision-IKON. Dette var og er ei dansedille, som eg er sikker på lev i beste velgåande blant ESC-fans over heile verda. Meir ko-ko og fantastisk enn dette blir det faktisk ikkje, seier Heldal

Dei meir avanserte TikTok-dansarane kan prøve å etterlikne hårflippinga til Ieni Foureira frå Kypros. Ho nådde nesten heilt til topps i 2018, men enda på andreplass med songen «Fuego».

– Dette er min absolutte favoritt dei siste åra. Eg meiner framleis ho blei rana for sigeren. Hadde eg kunne dansa slik hadde eg laga TikTok-videoar døgnet rundt. Denne låten kjem til å leve evig i ESC-samanheng, seier Heldal.

Ein song som fekk heile Europa til å danse i 2010 var ikkje eit av bidraga i sjølve konkurransen, men pausenummeret under Eurovision-showet i Oslo.

Med låten «Glow» hausta rapgruppa Madcon også internasjonal suksess. Ikkje minst takka vere dansen som blei laga til songen.

– Dette var eit legendarisk pausenummer. Og den har eit potensial til å bli ein perfekt TikTok-dans. Enkle, tydelege bevegelsar, som er lette å kopiere. Kanskje er det på tide å børste støv av flashmoben, spør Heldal.

For ordens skyld: Journalist Aurora Henni Krogh har tidligere jobbet for 730.no.

Du kan sjå fleire av årets Eurovision-bidrag i NRK-programmet «Adresse Rotterdam».

Verdens største musikkshow nærmer seg, og vi presenterer dere for låtene og artistene som skal delta i Eurovision Song Contest.

Verdens største musikkshow nærmer seg, og vi presenterer dere for låtene og artistene som skal delta i Eurovision Song Contest.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.