På laurdag skal Bjørn Tomren, Carina Dahl og Alexandra Rotan kjempe om finaleplassen i Stjernekamp.
Men for å kome dit må dei fyrst gjennom sjangrane storband og musikal – med sjølvaste Kringkastingsorkestret i ryggen.
Når NRK møter semifinalistane før prøvane på Korks heimebane, nemleg Store Studio på Marienlyst, er nervane til å ta føle på.
– Det kjennest nesten uverkeleg å ha eit så stort orkester bak seg. Det har eg aldri opplevd før så det blir gøy, seier Alexandra Rotan.
Ærefrykt
Det stiller Carina Dahl seg også bak
– Eg synest det er kjempestas og rått å få synge med KORK. Eg må berre passe på å ikkje skremme meg sjølv opp. For eg kjenner på skikkeleg ærefrykt, seier ho.
Bjørn Tomren har derimot ei meir avslappa tilnærming til det heile, i alle fall foreløpig.
– Det blir nok veldig spesielt å stå der, men eg kan ikkje førestille meg korleis det blir akkurat no.
– Storbandmusikken «himself»
Alle tre skal synge låtar som Frank Sinatra hadde på repertoaret, men Alexandra understrekar at nettopp det var heilt tilfeldig. Ho skal synge «New York, New York»
– Originalsongen er ein låt eg likar svært godt, men eg har aldri hatt moglegheit til å synge den før nå.
– Eg ville ikkje halde noko attende, han er jo ein legende vi må hylle, legg ho til.
Mens Bjørn Tomren beskriv han på denne måten:
– Han er jo storbandmusikken «himself»
Fjorårets vinnar tilbake
I tillegg til Storband skal artistane prøve seg i musikal-sjangeren.
– Eg elskar det. Eg er veldig interessert i musikalar, og her får ein sjansen til å hente fram skodespel-element og med det blir det noko ekstra.
Her har dei Henriette Steenstrup som mentor.
– Eg får lyst til å vere bestevenninna hennar, eg synest ho er veldig kul. Ho har ei utstråling som er så herleg, seier Carina.
Henriette Steenstrup og mentor for storband, Odd Rene Andersen er kveldens gjestedommarar.
Og ein storslegen songkveld toppar seg med gjesteopptreden av fjorårets vinnar Knut Marius Djupvik.
Kven går vidare til finalen? Følg med på NRK 1 laurdag kl. 19.50 eller i NRK TV.