Hopp til innhold

8 fakta om opera

Kvifor syng operasongarar så høgt? Og er det ingen kvinnelege komponistar? Her er åtte fakta om opera.

Operataket i Oslo med snø
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

1. Kva er opera?

Fra forestillingen Tito ved Den Norske Opera

Frå førestillinga Tito ved Den Norske Opera & Ballett.

Foto: Erik Berg

Ordet «opera» kjem frå italiensk av opera per musica, og betyr «musikkverk». Opera er dramatiske skodespel der orda heilt eller delvis blir sunge til musikken frå eit orkester. Publikumsfavorittane i opera er i stor grad verk som er skrive for over hundre år sidan, trass i at det finst nyare operaer.

2. Ingen mikrofonar

Hovedscenen

Hovedscenen i Operaen.

Foto: Jaro Hollan/Statsbygg

I operaen trengst det kraftige stemmer! Grunnen er at det ikkje blir brukt verken mikrofonar eller teknisk forsterking, og stemma skal høyrast over eit hundretals orkestermusikarar, og skal nå ut til 1400 menneske. For at det skal gå er også akustikken på Hovedscenen i Operaen heilt spesiell. Både stolar, vegger, og lysekrone er tilpassa for å gi best mogeleg lyd og akustikk.

3. Libretto?

Når ein opera skal skrivast, så startar ein med sjølve teksten, eller det som kallast librettoen. Den byggjer på til dømes eit drama, ein roman, ei novelle, eller eit diktverk. Fordi ein opera skal syngast, så tar det gjerne lenger tid enn å spele det ut, og ein libretto er difor ofte kortare enn teaterstykke, fordi den uttrykt med færre ord. Ein operalibretto skrivast av ein librettist, og når librettoen er klar kan komponisten skrive musikken.

4. Kvinnelege komponistar?

Kaija Saariaho

Kaija Saariaho.

Foto: ERIK MARTENSSON / Afp

Kvinnelege komponistar er mangelvare i operaverda. Då det i sesongen 2016/2017 vart sett opp ein opera komponert av finske Kaija Saariaho på the Metropolitan Opera i New York, så var det den første kvinnelege komponisten som hadde blitt sett opp der sidan 1903.

I Operaen i Oslo vart Saariaho sett opp i 2014, og er den einaste kvinnelege operakomponisten som har blitt sett opp på Hovudscenen. Men, derimot har fleire kvinnelege komponistar blitt sett opp på Scene 2 i Oslo.

5. Eit bygg for alle

Carmen live overføring

7000 menneske på direkteoverføringa av Carmen på Operataket 18. april 2009. Dette var første overføring i Operaen si historie.

Foto: Erik Berg / DNO&B

Med operabygget som opna 12. april 2008 ville Snøhetta demokratisere kunsten og opne for publikum. Arkitekturen gjer det mogeleg for dei som vil å gå på taket, og dei store vindauga gir god sikt inn i bygget. Foajeen er open stort sett heile dagen, med billettluke og bar, og det at det er mogeleg å ha konsert på taket (til og med), gjer bygget unikt.

6. Kirsten Flagstad

Kirsten Flagstad

Kirsten Flagstad.

Kirsten Flagstad blei født på Hamar 12. juli 1895, og er den største dramatiske sopranen Noreg har hatt. Ikkje nok med det: Ho var Noreg sin første operasjef i perioden 1958-1960, og mange kjenner ho nok igjen frå den gamle hundrelappen som vart bytta ut i 2017. Trass i kva alle på Hamar seier, Flagstad budde aldri der, men stolte kan Hamar-buarane få vere uansett.

Kirsten Flagstad som Brünnhilde i Wagner-operaen «Valkyrien», en rolle hun skal ha sunget 77 ganger. Innspilt i Universal Studios i 1938.

Kirsten Flagstad i Universal Studios i 1938.

7. Ballett i verdsklasse

Øving med Nasjonalballetten

Nasjonalballetten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ballett byrja som hoffdans ved fyrstehus i Italia og Frankrike på 1400- og 1500-talet, der adelen dansa til fest under leiing av ein ballettmeister. I Noreg har Nasjonalballetten markert seg stort internasjonalt sidan dei byrja å produsere signaturverk, altså ballettførestillingar som balletten har utvikla sjølv, med verk som Ghosts og Hedda Gabler. Balletten satsar også på dei unge, og Nasjonalballetten UNG, der dansarane er 17 til 23 år, er eit av dei få juniorkompania i verda som gir dansarane full lønn. Før det kan barn takast inn på ballettskulen frå dei er seks år gamle.

8. Ikkje berre i Oslo

Da Stortinget vedtok at Operahuset skulle bli bygd, i 1999, blei det sett i gang ein «operasjon operanasjon» som skulle sørge for at heile landet skulle få oppleve den auka operasatsinga. I dag får ti regionale- og distriktsoperaer auka støtte, og den summen er på rundt 1/6 av summen operahuset i Oslo får åleine.

Sjå fleire saker om opera:

Operafabrikken

Operafabrikken
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bak ei opera- eller ballettførestilling finst det 600 menneske du aldri får sett. Kven er dei?

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters