Hopp til innhold

25 ting du ikkje visste om namn

Visste du at Linn var ulovleg, at ein ville forby -sen-namn og at Stinken levde på 1800-talet?

I Larsens leilighet

Komikar Linn Skåber er fødd fleire år før fornamnet hennar blei lovleg.

Foto: Robert Rønning / NRK

Det finst minst 40.000 fornamn, 150.000 etternamn og ei ukjend mengde kallenamn her til lands. Og talet berre stig.


Kva heiter du? Kvifor heiter du akkurat det? Og kvifor er det så mange som mislikar fornamnet sitt, men så få som byter?

Tysdag startar TV-serien Nomino på NRK1. I den samanheng får du servert artige og fascinerande namnehistorier frå heile landet.

  1. Folk i Møre og Romsdal er minst nøgde med namna sine. Der kan 1 av 5 tenkje seg å byte fornamn.

  2. I 1902 foreslo Justisdepartementet å forby -sen-etternamn som Olsen, Johnsen, Hansen og Nilsen fordi dei mange like etternamna skapte forvirring. Forslaget blei aldri gjennomført.

    Kåre Willochs historie

    Kåre Willoch er kjend for å ha lite hår. Men namnet hans betyr krølltopp.

    Foto: Anne Liv Ekroll / NRK
  3. 7 nordmenn heiter Homse til etternamn.

  4. Kåre betyr krølltopp, Erlend betyr utlending, Halfdan betyr halvt dansk, og dette er berre tre av svært mange norske fornamn som ein gong oppstod som kallenamn.

  5. 133 norske menn heiter Adolf. 12 heiter Vidkun.

  6. Du kan skifte namn kvart tiande år.

  7. Dei fleste som byter fornamn i Noreg er utlendingar som vil ha eit meir norskklingande namn.

  8. Oppkallingstradisjonane var ein gong så strenge at du kunne bli frosen ut av lokalsamfunnet om du ikkje kalla opp borna dine etter besteforeldra deira.

    Justisdepartementets forbodsliste over namn, 1950

    I 1950 avslo Justisdepartementet namn som Jensenius, Jimmy og Johs.

    Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK
  9. I 1950 stod namna Ronnie, Jimmy, Falk og Storm på statens forbodsliste. I dag finst det ikkje lenger slike lister.

  10. Gamle norrøne namn som Olav, Ragnhild, Sverre, Harald, Håkon, Sigurd, Solveig, Sigrid, Arne og Rolf var i ferd med å gå i gløymeboka fordi bibelske namn var så populære i Noreg. Fyrst under nasjonsbygginga på 1800-talet blei desse namna tekne i bruk att.

  11. På 1800-talet heitte 25 norske kvinner Stinken. Ei av dei var gift med hr. Dass.

    Stinken i Digitalarkivet
    Foto: Skjermdump: Digitalarkivet
  12. Fram til 1979 måtte gifte kvinner få ektemannens samtykke om dei ville behalde pikenamnet sitt.

  13. Børge Brende er oppkalt etter Børgefjell nasjonalpark.

  14. Palma Hånes frå Volda.

    Fornamnet til Palma Hånes frå Volda finst nesten berre på Sunnmøre.

    Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK
    Mange namn er svært lokale, som Margido i Trøndelag, Jone i Rogaland, Palma på Sunnmøre, Dyveke i Bergen og Rino i Austfold. Fram til 50-talet var namnet Hege kun brukt i Telemark.
  15. I Estland heiter Pippi Langstrømpe Pipi Pikksukk.

  16. Deler du etternamnet ditt med færre enn 200 andre nordmenn, har du eit beskytta namn.

  17. Samegutten Ante spilles av Sverre Porsanger. Her sammen med skuespiller Nils Utsi

    TV-serien Ante tok opp minoritetgruppers problem. Samane blei tvungne til å ta norske namn under kristninga.

    Foto: SCANPIX
    Samiske fornamn finst knapt lenger. Dei forsvann då samane blei påtvinga norske namn under kristninga på 1700-talet. Namna sørfrå fekk snart samisk språkdrakt: Andreas blei til Ante, Margrete til Magga, Nils til Niilas og Berit til Biret.
  18. Muhammed er truleg verdas vanlegaste fornamn. Ein trur meir enn 150 millionar menn verda over heiter Muhammed, og over 10 000 av dei bur i Noreg.

  19. Pondus bur i Trondheim. Landets einaste ekte Pondus tok namnet fordi han diggar teikneseriefiguren til Frode Øverli.

    Millennium 1900-2000

    Noregs nye konge valde dei mest brukte norske kongenamna til seg og sonen. Statsminister Christian Michelsen tok imot då dei steig iland 25. november 1905.

    Foto: ARKIVFOTO / NTB scanpix
  20. Dei steig i land i Noreg i 1905 som kong Haakon og kronprins Olav, men dei forlet Danmark som Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel og Alexander Edward Christian Frederik.

  21. På 50-talet hadde halvparten av alle nordmenn to fornamn. Skikken med fleire enn eitt fornamn nådde norskekysten med tyskarane på 1700-talet.

  22. Ola er eit vanleg jente- og gutenamn i Nigeria.

  23. Det blei påbode med faste etternamn i 1923, men berre dei som var fødd etter dette årstalet MÅTTE ha eit etternamn. Heilt fram til 70-talet levde det difor nordmenn som kun hadde fornamn. Faste etternamn blei innført for å kunne skilje folk frå kvarandre. Difor blei etternamna våre på sett og vis overflødige då personnummeret blei innført i 1964.

  24. 69 nordmenn heiter Flygel. 29 heiter Tuba.

  25. Linn var lenge eit ulovleg fornamn. Det var nemleg fyrst i bruk som eit etternamn, og i namnelova står det at etternamn ikkje kan bli til fornamn. Fyrst i 1982 fastslo Eidsivating Lagmannsrett at Linn kunne brukast som jentenamn.

Kilder: SSB. Sentio. Gulbrand Alhaug, UiT. Ivar Utne, UiB. Line Grønstad. Benedicta Windt-Val.

Kulturstrøm

  • Norsk dokumentar fikk pris på italiensk festival

    Regissør Emilie Beck fra Horten var blant prisvinnerne på festivalen Bergamo film meeting, som ble avsluttet søndag.

    Beck fikk prisen for dokumentarfilmen «Veien hjem» om en norsk kvinne som er adoptert fra Sri Lanka.

    Hun har lengtet etter sin biologiske familie, men letingen gir henne ikke den sinnsroen hun hadde håpet. I stedet blir det en jakt som avslører hemmelighold og løgner knyttet til utenlandsadopsjon.

    Spanske Irene M. Borrego fikk pris i samme kategori for filmen «The visitt and a secret garden».

    (©NTB)

  • Taylor Swift åpnet turne foran 80.000 i Arizona

    Den amerikanske artisten Taylor Swift har lagt ut på ny USA-turne som åpnet fredag i Glendale i Arizona, der hun spilte for 80.000 tilhengere. Det er hennes første turne på fem år.

    Swift bød på 44 sanger og 10 kostymeskift i en konsert som varte i tre timer og et kvarter, skriver BBC.

    I alt skal Swift til 27 steder i USA før hun avslutter i Los Angeles 5. august. Etter planen skal Swift ut på internasjonal turne etter runden i USA, men spillesteder og datoer er ikke kjent. Blant artistene som skal spille med Swift, er norske Girl in Red, Marie Ulven.

    Taylor Swift er blant verdens ti best betalte i underholdningsbransjen, ifølge Forbes.

    Taylor Swift - The Eras tour - Arizona
    Foto: Ashley Landis / AP