Hopp til innhold

15 er eigentleg 20

Mange menneskjer lyg ofte om kor mange sexpartnarar dei eigentleg har hatt. Gutane plussar ofte på, medan jentene trekkjer frå.

sex, samliv
Foto: lev dolgachov

- Det er fordi vi ønskjer å framstå i best mogeleg lys for andre. Vi lyg når vi blir spurt om kor mykje vi har drukke, det er presis på same måte, fortel samlivsekspert Bente Trææn.

Sex, samliv

Mange jenter trekker ifrå på kor mange partnarar dei har hatt.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Status

Men det er forskjelleg frå gutar og jenter når det gjeld korleis dette lyset ser ut.

- Menn har ein tendens til å rapportere om at dei har hatt fleire partnarar, noko vi kan seie at ligg i mannsidealet, kor mange partnarar du har hatt er beviset på kor attraktiv du er.

Men det er heilt annleis for jentene.

- Vi jenter underrapporterer. I staden for å seie at vi for eksempel har hatt 20 partnarar vil vi då seie at vi har hatt 15, fortel Bente.

Ikkje så mange

Når ein skal måle kor mange partnarar det norske folk har hatt kan ein anten bruke gjennomsnitt eller median. Median målar kva halvparten av befolkninga har hatt, og det er median som er brukt i dette tilfellet.

For kvinner er det seks partnarar og for menn er det sju, for gifte er det tre for kvinner og fire for menn.

- Vi kan sjå i dei yngste aldersgruppene at kjønnsforskjellane forsvinn meir og meir, og det ser vi på nesten alle seksuelle vanar, fortel Bente.

På veg mot likestilling

- Det handlar nok om at vi går meir og meir mot likestilling i vårt samfunn. Og det positivt med økt grad av likestilling er at det blir færre restriksjonar eller tvangstrøyer på kvinner sin seksualitet, forklarer Bente.

Bente fortel og at det er kvinnene sin seksualitet som alltid har vore kontrollert av eit samfunn.

- Det vi ser i Norge er at det lempast på desse restriksjonane, det er ikkje fullt så ille som det var for ei dame å innrømme at ho har hatt 20 partnarar og ikkje 15, seier Bente som eit eksempel.

HØYR: Bente Trææn i Nitimen.

IKKE BRUK

Han vil kanskje fortele om dette, men kanskje ikkje ho...

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Ut av Norge

Det er forskjell frå Norge og mange andre land i dette med pluss og minus på sexpartnarar.

- Ein finn i større grad overrapportering fordi det kanskje ligg meir til machokulturen, der det er status å ha hatt mange partnarar, og for ei dame er det motsatt, der du helst skal vere jomfru på bryllaupsnatta.

Med andre ord er det kanskje ikkje så gale i Norge.

- Eg bruker å seie at eg helst vil vere dame i vårt land snarare enn eg vil i for eksempel Portugal, seier Bente.

Lyge kan gje tryggleik

- Om partnaren spør og om ein kjenner tryggleik for det så bør det ikkje vere noko ein skal skamme seg for.

Og Bente syns det er feil å pynte på korleis ting eigentleg er, men det finnes alltid unntak.

- Har du ein veldig sjalu partner vil ein nok justere ting ned, og har du ein partner som kanskje syns det at den nye kjærasten har hatt mange partnarar er spanande så vil ein nok seie det som det er.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters