Bekymra for debattklimaet
– Eg syns det er forstemmande og trist å høyre at politikarar i starten av si politiske karriere opplev at det er utrygt å vere politikar.
Det sa politidirektør Benedicte Bjørnland under ein debatt som er arrangert av Kulturytring Drammen.
Debatten kan høyrast på NRK P2 tirsdag kveld. (sjå lenke)
Debattklimaet er nå hardt mange stader. I Kristiansand har trugslar, sjikanering og hatytringar blitt kvardagskost.
– Viss store grupper med stemmer ikkje lenger orkar å delta i ordskifte fordi det blir for hardt så går vi glipp av dei stemmene og det undergrev både demokratiet og ytringsfridomen, sa førsteamanuensis ved UiO, Anine Kierulf.