Monster-slepp om andre verdskrig
Den 9. april skal Arkivverket offentleggjere mange brev og private dagbøker frå sentrale personar, skrive under andre verdskrig. – Det er all grunn til å ha store forventningar, enten ein er historikar, forfattar, journalist, eller ein som berre er interessert i krig og okkupasjon, seier historikar Guri Hjeltnes.