Hopp til innhold

- Største mediefenomen sidan 30-tallet

 - Merksemda rundt kidnappinga av Madeleine overgår det meste, seier mediekommentator i NRK, Per Olav Reinton. Han meiner vi må tilbake til 30-talet for å finne liknande mediedekning av ei kidnappingssak.

Madeleine McCann

Ein av plakatane som er hengt opp like ved sakna Madeleine McCann sin heim i Rothley i England.

Foto: DARREN STAPLES / REUTERS

I tre veker har bortføringa av fire år gamle Madeleine frå hotellrommet i Portugal vore hovudtema i medienes overskrifter. Fotballstjerner og andre kjendiser har engasjert seg i saka - og nettsida, som er sett opp av foreldra, har no fått over 100 millioner treff.

Appell på FA-cupfinalen

Rundt 500 millionar TV-sjåarar fekk laurdag ei litt spesiell opplading til FA-cupfinalen i fotball på Wembley. Over skjermen rulla appellvideoen, som byrja slik:

”Madeleine McCann har nettopp fylt fire år, men foreldra fekk ikkje dele denne spesielle dagen med henne. Torsdag 3. mai blei ho kidnappa.”

 

Madeleine McCann

Liverpool-spelarar held fram ein plakat før dei går ombord på flyet til Athen og Champions League-finalen.

Foto: STR / Reuters

Globalt mediefenomen

Dei siste vekene har Madeleine McCann blitt eit globalt mediefenomen. Bortføringa den 3.mai av fire år gamle britiske Madeleine McCann på ferie i Portugal - ei sak som har rysta medier verda rundt, og videoen er no laga på seks ulike språk.

- Overgår det meste

Eit tal på over 100 millionar treff på nettsida findmadeleine.com er eit godt uttrykk for kor stor interessa og mediemerksemda rundt saka har vore dei siste vekene. Støttande e-postar har gått verda rundt. Mediekommentator i NRK, Per Olav Reinton, seier saka er heilt spesiell.

- Den toppar dei fleste nyheitssendingane på TV, radio, tabloidaviser og nett over heile verda. Den har overgått dei fleste saker no. Det er berre ein sak frå 30-tallet som kanskje toppar denne, og det er saka kor Charles Lindbergh sine born vart kapra – ei sak som pågjekk i mediene i fire år.

30 millionar kroner i dusør

I Storbritannia har særskilt tabloidavisene News of the world og The Sun engasjert seg i saka. Begge avisene har bidrege med fleire hundre tusen pund til ein dusør-pott. Her har også kjendisar som Harry Potter-forfattar JK Rowling, Virgin-sjef Richard Branson og American Idol-dommar Simon Cowell spytta inn pengar - og dusøren er no oppe i 30 millionar norske kroner.

Bevisst medieprofilering

Fleire kjendisar og fotballstjerner har engasjert seg, mellom andre superstjerne David Beckham.

I forrige veke takka foreldrene til Madeleine, Gerry og Kate McCann, media for den store merksemda dei har fått. Dei trur ein høg medieprofil kjem til å hjelpe dei å finne dottera raskare:

- Vi vil seie tusen takk til alle for den flotte jobben de har gjort med å profilere Madeleine. Vi trur dette er heilt essensielt for å få henne tilbake, sa Gerry McCann då.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters