Norsk Journalistlag inviterte søndag til dialog mellom danske, norske og arabiske journalistar. Bakgrunnen er striden rundt Muhammed-karikaturane.
- Det er i turbulente tider som dette ein treng den gode journalistikken, seier Aidan White.
Ny mistru
- Striden rundt Muhammed-karikaturane opna augo til skandinaviske medier. Det seier Muhammed Chebaro, sjef for TV-kanalen Al Arabyia sitt London-kontor. Han meiner publiseringa av karikaturane av profeten har skapt ny mistru i Midt-Austen.
Chebaro meiner den arabiske og den vestlege verda held seg med mange fordommar om kvarandre, og trur det krevst mykje meir dialog i tida som kjem.
I dei arabiske landa har ekstreme grupper kuppa merksemda, og ein stille majoritet føler seg sett på sidelina. Arabiske medier har mykje å stri med. Korrupte, diktatoriske regime der ytringsfriheita har dårlege kår.
Skuggar over
Maher Othman er politisk redaktør i den arabisk-språklege avisa Al Hayat, som kjem ut i London. Han meiner heile karikatur-saka skuggar over større problem i Midt-Austen, som Irak-krigen og konflikten mellom Israel og den arabiske verda.
Som journalist er Othman for ytringsfridom, men meiner publiseringa av karikaturteikningane var å be om trøbbel.
I dei innleiande drøftingane søndag kom mange inn på at vi lever i ein global landsby, der alt media publiserer kan bli mistolka i andre delar av verda.
Kuttar
I ein slik situasjon er Aidan White skremt over at mediahus kuttar i nyheitsavdelingane.
- For lite satsing på nyheitssjournalistikk kan føre til at ekstreme politiske krefter får for sterkt gjennomslag, som i tilfellet med karikaturane, meiner White.
Kulturnytt, NRK P2, 3. april 2006