Informasjon fra NRK

NRKs eigar og styre

Birger Magnus er styreleiar i NRK, medan Randi B. Sætershagen er nestleiar.

Styret i Styret i NRK fotografert høsten 2018.

Styret i NRK fotografert hausten 2018 saman med kringkastingssjefen. Ståande frå venstre: Silvija Seres, Thor Gjermund Eriksen (k-sjef), Geir Bergkastet, Birger Magnus (styreleiar) Lars Toverud, Veslemøy Tvedt Fredriksen sitjande frå venstre: Tor Egelien, Randi B. Sætershagen og Ingvild Fagerheim Fjereide.

Foto: Ole Kaland / NRK

Sidan 1996 har NRK vore organisert som eit aksjeselskap med staten som einaste aksjeeigar. Kulturdepartementet er NRKs generalforsamling, vedtar vedtektene og vel NRK sitt styre. Det er NRKs styre som ansetter kringkastingssjefen.

Dette er NRKs styre

Styret i NRK AS har åtte medlemmar: Leiar, nestleiar og tre styremedlemmar oppnemnt av generalforsamlinga samt tre representantar valde av dei tilsette.

Styret blir valt for ein periode på to år i gangen.

Styret i NRK i perioden 2018 - 2020:

  • Birger Magnus (sidan 2014), Bærum. Styreleiar. Bakgrunn frå ulikt styrearbeid og sjefsjobbar i medieselskapet Schibsted.
  • Randi B. Sætershagen, Stange (sidan 2018). Nestleiar. Administrerande direktør i M3 Helse AS. Ho har erfaring frå styreverv innan post og logistikk, forsikring, eigedom, media og handel.
  • Veslemøy Tvedt Fredriksen, Bergen (sidan 2018). Administrerande direktør i Eiendomsmegler Vest. Ho har brei erfaring som leiar og med kompetanse frå omstillingsarbeid, blant anna frå mediebransjen.
  • Geir Bergkastet, Moelv (sidan 2014). Administrerande direktør for Den Norske Opera & Ballett. Tidlegare sjefsjobbar ved Høgskolen i Lillehammer, Oslo Kinematografer, Rogaland Teater og Nationaltheatret.
  • Silvija Seres, Bærum (sidan 2016). Bakgrunn frå ulike teknologi- og mediebedrifter. Fleire styreverv i norsk næringsliv. Tidlegare nestleiar i styret for Norsk Tipping.
  • 1. varamedlem: Silje Aspholm Hole, Oslo (sidan 2014). Leiar av Innovasjonspolitisk avdeling, Innovasjon Norge. Tidlegare journalist, redaktør og analytikar i fleire selskap.
  • 2. varamedlem: Zeshan Shakar, Oslo (sidan 2018). Forfattar og spesialrådgivar ved Oslo Rådhus. Bakgrunn som statsvitar og økonom.

Ansatterepresentantar:

  • Lars Toverud, styremedlem med Monica White Martinsen som 1. vara (NJ - Norsk Journalistlag).
  • Tor Egelien, styremedlem med Sigrid Skeie Tjensvoll som 1. vara (TF - Tverrfagleg foreining).
  • Ingvild Fagerheim Fjereide, styremedlem med Are Bøhm som 1. vara (NTL NRK - Norsk Tjenestemannslag og MFO - Musikerne fellesorganisasjon).

Sekretær: NRK-direktør Olav Nyhus er styret sin sekretær.

Les også: Birger Magnus ny styreleiar i NRK

NRK si generalforsamling

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Kulturdepartementet ved statsråden–Abid Q. Raja–er generalforsamlinga i det statlege NRK AS.

Foto: Ilja C. Hendel

Det er Kulturdepartementet ved kulturministeren som utgjer generalforsamlinga.

Ordinær generalforsamling blir heldt i juni kvart år. På generalforsamlinga blir verksemda for siste år gått gjennom og aktuelle saker tatt opp. Her blir og medlemmar til styret i NRK valde.

Stortinget og departementet set rammene for NRK si verksemd gjennom Lov om kringkasting, vedtekter for NRK AS og NRK-plakaten. Gjennom desse lovane og reglane blir det gitt føringar for korleis NRK skal gjere sin oppgåve som allmennkringkastar i Noreg.

Les: Protokoll frå generalforsamling i NRK AS 19. juni 2019

Protokollar frå tidlegare generalforsamlingar i NRK AS finn du her.

Statleg eigd aksjeselskap

Fram til 1988 var NRK ein statleg forvaltningsbedrift. Då vart organisasjonsforma gjort om til ein meir frittståande stiftelse.

I 1996 bestemte Stortinget at NRK skulle bli eit statleg eigd aksjeselskap. Som stiftelse og seinare aksjeselskap fekk NRK ei friare rolle.

Det er Kulturdepartementet som rår over NRK som generalforsamling for NRK AS.

Den norske staten eig alle aksjane. Selskapet sin aksjekapital er 1 000 000 000 kronar - ein milliard - fordelt på 1 000 000 - ein million aksjar, kvar på på 1 000 kroner.

Om styret i NRK

Styret legg fram saker for generalforsamlinga, det vil seie, kulturministeren.

Styret tek for seg rammene for NRK si hovudverksemd, inkludert dotterselskap. Ser på NRK si økonomisk utvikling, store investeringar, byggeprosjekt og andre vesentlege endringar i NRK si verksemd.

Tidlegare styreleiarar i NRK:

  • William Nygaard 2010 - 2014.
  • Hallvard Bakke 2006-2010.
  • Eldbjørg Löwer 2004-2006.
  • Anne Carine Tanum 2001-2004.
  • Torger Reve 2000-2001.
  • Kåre Willoch 1998- 2000.
  • Trygve Ramberg 1990-1998.
  • Halvor Stenstadvold 1986-1990.