NRK Hordaland - Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny

Siste nytt

  • Kontroll på brann i Os

    Brannvesenet har no kontroll på brannen i ein einebustad på Furuflaten. Røyken vert no lufta ut, og restverdiredning er på veg til staden, melder 110-sentralen.

  • Vil ha operahus ved Grieghallen

    Grieghallen, Bergen Nasjonale Opera og Harmonien føreslår no å bygge eit heilt nytt, delvis underjordisk opera- og konserthus på Edvard Griegs plass i Bergen, like ved Grieghallen. Etter å ha jobba med prosjektet i eit år vart visjonen presentert i dag. Bygget vil kunne romme scene og sal med 1000 publikumsplassar, ifølge Rambøll AS som har utarbeida ei moglegheitsstudie for prosjektet.

    Føreslått operahus ved Grieghallen
    Foto: Rambøll AS
  • Ingen personar i huset som brenn

    Det skal ikkje vere folk i huset på Furuflaten der det brenn. – Ein person var i huset då brannen vart oppdaga, men vedkommande har gått ut. Det kjem mykje svart røyk frå eit rom i huset, men førebels er det ikkje sett opne flammar. Det ligg ein garasje i nærleiken, men er ikkje fare for at brannen skal spreie seg til andre hus, seier vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen.

  • Sender inn røykdykkarar

    Brannvesenet sine røykdykkarar er no på veg inn i einebustaden på Furuflaten der det brenn, opplyser 110-sentralen.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik

Nyheter

Laster innhold, vennligst vent..