Hopp til innhold

No aukar skogbrannfaren

Det har vore tørt ei god stund, og til det kjem nedbør av betydning vil faren for gras- og lyngbrann auke i snøfrie område. Frå i dag er faren på gult nivå også for Vestland og Rogaland. Folk blir bedne om å ikkje bruke eld, då vegetasjon og store område kan bli råka.

I fastlands-Noreg er det no berre Finnmark som ikkje blir råka av gult farevarsel.