Hopp til innhold

Bybane­førarar prega etter døds­ulukka: – Me opplever nesten­ulukker kvar einaste dag

Etter dødsulukka i Bergen slår bybaneførar Solveig Gilje Andresen alarm: – Me sit med hjarta i halsen.

Kristoffer Naley Nordnes og Andresen med Bybanen i bakgrunnen.

DEN STØRSTE SKREKKEN: Det er alle vognførarar sin største skrekk å oppleve noko slikt, seier bybaneførarane om måndagens dødsulukke.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Måndag morgon omkom ein mann i 30-åra etter å ha hamna under ein bybane i Bergen sentrum.

Han køyrde elsparkesykkel og blei påkøyrd då han kryssa bybanesporet. Både den forulukka og føraren av Bybanen har status som mistenkt i saka.

– Det kunne ha vore kven som helst av oss som køyrde den vogna, og difor blir vi alle prega, seier bybaneførar Solveig Gilje Andresen.

Andresen med Bybanen

Skremmande og ubehagelege situasjonar er ein del av kvardagen til bybaneførarane, meiner Solveig Gilje Andresen.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Gilje Andresen var sjølv på jobb natta før dødsulukka, og vakna til bekymra meldingar frå folk som lurde på korleis det gjekk med ho.

– Når eg då sjekka avisene og forstod kva som hadde skjedd vart eg rett og slett kvalm. Det var skikkeleg ubehageleg.

– Noko me har venta på

Bybaneføraren har sjølv vore vitne til fleire skremmande episodar. Ho har kome tett på både elsparkesyklistar, syklistar og gåande.

– Berre kvelden før snakka eg med nokre kollegaer om ulukker som kan skje, og korleis me må forhalda oss til folk som går i sporet.

Ulykke Bybane

Det var ved bybanestoppet Nonneseter at mannen hamna under ei bybanevogn og døydde.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Dødsulukka måndag er den andre sidan starten til Bybanen i 2010, ifølgje Bybanen AS.

Dødsulukka i 2013 førte til at det vart sett opp eit gjerde på ulukkesstaden.

Har de venta på at det skulle skje nok ei ulukke?

Ja, det er noko me går og ventar på.

– Hindrar ulukker dagleg

Store delar av bybanestrekningane er på opent gateplan, og deler vegen med andre trafikantar. Alle andre, både gåande, syklande og køyrande, har vikeplikt for Bybanen.

– Med det trafikkbiletet me er i – med bilistar, fotgjengarar og elsparkesyklar – så er det nesten-ulukker litt for ofte, seier Andresen.

– Me hindrar alvorlege ulukker dagleg.

Det er kollega og tillitsvald Kristoffer Naley Nornes einig i.

– Me opplever nesten-ulukker kvar einaste dag. Einaste grunnen til at det går godt kvar dag er fordi me er så drilla i det me gjer.

Naley Nordnes med Bybane-jakke. Bybanen i bakgrunn til venstre

Tillitsvald for bybaneførarane, Kristoffer Naley Nornes, oppfordrar trafikantar som ferdast nær bybanen om å vise omsyn og sjå seg føre før dei kryssar sporet.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Lang bremselengde

Dei to bybaneførarane trur ikkje folk har forståing for kor lang avstand bybanen brukar på å stoppe heilt opp.

– Under heilt ideelle forhold på ein rett strekning i 70 kilometer i timen har eg ein bremselengde på 75 meter, seier Andresen.

– Og det er med full farebrems.

Oppfølging av føraren

– Det gjev seg sjølv at dette er tungt og krevjande for både vognføraren og andre medarbeidarar som var tett på ulykka, skriv kommunikasjonsdirektør i Tide til NRK.

Det er Tide Buss og Bane AS som er arbeidsgjevarar for bybaneførarane.

Korleis følgjer de opp bybaneføraren som var involvert i dødsulukka?

– Me følger opp våre medarbeidarar i samsvar med våre rutinar, slik me alltid gjer når me opplever tragiske og alvorlege hendingar. Me har òg kopla på bedriftshelsetenesta som har spesialistkompetanse på krisehandtering ved alvorlege hendingar.

Kor stort problem er det for førarane av Bybanen at elsparkesyklistar oppheld seg i eller rundt sporet?

– Trafikkbiletet har endra seg dei siste åra med nye mobilitetsløysingar. Dette har òg medført fleire uønskte hendingar, sjølv om det heldigvis er sjeldan at utfallet blir så tragisk som mandag.

Har film av ulykka

Onsdag seier politiet at dei har sett gjennom videovervåking frå den aktuelle bybana, den som kom i motsett retning, og frå bybanestoppet Nonneseter.

– Vi har ulykka på film frå fleire vinklar og begynner å få eit godt bilde av kva som har skjedd og årsaka til ulykka, seier politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen.

Ho vil ikkje kommentere noko meir om årsak på noverande tidspunkt.

Les også Mann i 30-åra omkom etter å ha blitt påkøyrd av Bybanen

Bybanen kjørte på syklist i Bergen