Hopp til innhold

Fem personar i frontkollisjon på E39

Fem personar er involverte i ein frontkollisjon på E39 i Sunnfjord. – Ulukka står fram alvorleg, opplyser politiet.

Trafikkulukke på E39 i Jølster

STENGD: Både ambulansar og luftambulanse har rykt ut til frontkollisjonen mellom Ålhus og Årdal på E39 i Sunnfjord.

Foto: Henning Levold / NRK

To bilar har frontkollidert i ei 80-sone ved Juklestad, mellom Førde og Skei i Sunnfjord kommune.

Trafikkulukke på E39 ved Jølstravatnet.

Ein person er frakta til sjukehus med luftambulanse.

Foto: Privatfoto

Fem personar er sende til sjukehus etter ulukka. Skadeomfanget er førebels ukjend. Vegen var ein periode heilt stengd.

Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 1047. Det sat to personar i eine bilen, og tre personar i den andre.

– Det er ei alvorleg ulukke. Status no er at fire personar er køyrde i ambulanse til sjukehus. Ein person er frakta med luftambulanse, opplyser innsatsleiar for politiet, Ole Jørgen Eide.

Alle pasientar fekk tilsyn av helsepersonell før dei vart sende til Førde sentralsjukehus.

– Ein av bilane står i grøfta, den andre i delvis i vegbana. Det er snakk om ei høgenergiulukke, Jostein Steinsland Hauge ved 110 Vest.

Det danna seg lange køar på staden.

Klokka 12.49 opplyser politiet at bilane er frakta bort frå staden og vegen er opna igjen.

Innsatsleiar for politiet i Sunnfjord, Ole Jørgen Eide.

Ole Jørgen Eide er innsatsleiar for politiet i Sunnfjord.

Foto: Henning Levold / NRK

Politiet kjenner ikkje årsaka til frontkollisjonen.

– Vi har dokumentert staden, snakkar med vitne og gjer tekniske undersøkingar, seier innsatsleiar Eide.

Ulukka har skjedd ved Juklestad, like før Årdal, mellom Førde og Skei i Sunnfjord.