Kryptofest
Foto: Grafikk: Tom Bob Peru Aronsen / NRK

Noreg – eit paradis for kryptovaluta

Dette er historia om då politikarane inviterte til fest, men fekk panikk då dei såg kven som kom.

Noreg har vore gode på fest. På oljefest. Men den siste tida har stemninga dalt litt. Regjeringa har leita etter nye, gjerne elleville, temafester.

Ideen om datasenter dukka opp. Noreg har grøn og billig kraft. Datasenter treng store mengder kraft. Kva med å toppe invitasjonen med sterkt redusert elavgift?

Kanskje Facebook, Google, Microsoft eller Amazon ville kome?

Regjeringa lanserte «Noreg som datasenternasjon». Det var tid for party!

Men så kom nokon litt krevjande gjester.

Russarane kjem

Ein kald desemberdag i 2017 kom to russarar til Alvdal. Dei fekk ein varm velkomst på rådhuset. Her presenterte dei planane sine.

Den vesle fjellbygda i Østerdalen kunne vente investeringar opp mot ein milliard kroner dei neste to åra.

Tre gongar kommunebudsjettet.

Russarane ville etablere datasenter og drive med såkalla Bitcoin-mining. Til dette trengde dei om lag like mykje straum som det totale årsforbruket til dei rundt 1100 husstandane i kommunen.

For å få fram nye Bitcoin, eller andre kryptovalutaer, treng ein kraftige datamaskiner. Desse skal knekke kompliserte matematiske reknestykker. Dess fleire kodar som blir knekt, dess meir kryptomynt i kassa.

Tilgang til billig kraft er avgjerande for kor utvinning av kryptovaluta skjer. Den norske datasenterfesten kunne tilby både grøn, billig og nærast avgiftsfri kraft.

Medan du betalte 16,58 øre per kWh i elavgift i fjor, betalte selskap som produserte kryptovaluta 0,48 øre. Denne avgiftsreduksjonen lokka mange partyløver til datafesten.

Spionmistankar

I Alvdal skulle russarane setje opp 24 containerar med plass til 252 datamaskiner i kvar container.

Ordførar Johnny Hagen (Ap) visste lite om kryptovaluta, men likte tanken på meir pengar i kommunekassa.

– Enten blir vi genierklært eller så blir vi idioterklært. I det ligg det at vi kanskje er litt naive. Grunnen til at vi sa ja, var lovnader om arbeidsplassar. Det er kjærkome i ein distriktskommune.

Kommunen hadde næringsområde tilgjengeleg. Ordføraren hadde hatt håp om at Facebook eller Google ville etablere seg i bygda. I staden kom altså det russiske selskapet New Mining Company.

– Vi veit vel fælt lite om kven dei er. Vi veit at det er russiske bakmenn. Eit norsk firma er registrert som tiltakshavar. Det kan virke som det er god økonomi.

I Alvdal var mange skeptiske til russarane. Det var noko med timinga. Bygda var sentral i haustens NATO-øving, Trident Juncture.

Dei første containerane med datamaskiner kom først i september 2018. Nokre veker seinare slo rundt 700 NATO-soldatar leir i den vesle fjellbygda.

Ordføraren fortalde om alt frå jubel til konspirasjonsteoriar blant folk. Alvdøler oppsøkte han på kontoret for å få svar på om det heile var tryggingsklarert.

Kven var russarane?

Krypto i Fjærland

Det var tidenes sommar i den vesle bygda Fjærland i Sogndal kommune. På garden til bonde og kraftverkseigar Bjarte Haugen kom det besøk langvegs frå.

Ei dame frå Singapore stod på trammen i lag med to brør frå Sogndal. Dei hadde planar om å vere med på datasenterfesten. Bonden hadde det dei trengde.

Han hadde både eit jorde og eit kraftverk. Dei ville kjøpe jordet og byggje eit 400 kvadratmeter stort datasenter der. I tillegg ville dei kjøpe kraft frå kraftverket hans.

Inne i datasenteret skulle mellom 1000 og 2000 datamaskiner vinne ut kryptovalutaen Ethereum.

Bjarte var positiv til gjestane sine. Han såg for seg at dette kunne skape litt vekst i den vesle bygda med rundt 300 innbyggjarar.

– Kvifor dei er interessert i å koma hit det har eg ikkje forstått. Men eg har jo registrert at det har dukka opp mange sånne datasenter etter kvart. Vi har vel billig straum i Noreg. Det er vel der det ligg.

Dei to brørne hadde allereie starta så smått med kryptoutvinning, men ynska å utvide i egna lokale.

– Noreg er bra for utvinning. Akkurat no trur eg det er to land som er billegare. Det er Kasakhstan og Venezuela. Men dei er ikkje akkurat så politisk stabile, fortalde ein av brørne til NRK.

I denne saka skulle det vise seg at heller ikkje Noreg var heilt politisk stabilt.

Løysepengar i kryptovaluta

I dag finns det om lag 1600 forskjellige typar kryptovaluta.

I saka der Anne-Elisabeth Hagen er antatt bortført, skal kidnapparane ha bedt om løysepengar i kryptovalutaen Monero.

Monero svært vanskeleg å spore. Det er kryptering i alle ledd. Både avsendar, mottakar og storleiken på beløpet er kryptert. Bitcoin er enklare å spore.

Men også Bitcoin blir brukt av kriminelle. Dette drog Økokrim fram i si trusselvurdering for 2018.

Her vart bruken av kryptovaluta problematisert. Rapporten viste til ei undersøking som kopla nesten halvparten av transaksjonane med Bitcoin til kriminalitet.

Samtidig var Noreg i ferd med å bli eit av dei mest ettertrakta landa i verda for produksjon av Bitcoin og andre kryptovalutaer.

Kinesarane kjem

I august valde det kinesiske selskapet Bitmain å etablere seg i Noreg. Dei er ein av verdas største produsentar av utstyr til utvinning av kryptovaluta.

– Elavgiftreduksjonen er svært viktig. Kraft utgjer om lag 90 prosent av investeringane I denne industrien, seier kinesiske Julie Zhaodi Hvideberg.

Ho har bakgrunn frå Huawei og Telia, og vart tilsett i Bitmain i august.

Julie Zhaodi Hvideberg

I haust så Julie Zhaodi Hvideberg lyst på framtida i Noreg.

Foto: Marie Gjerver / NRK

Vi møtte henne i nyinnflytta lokale nokre etasjar over kontora til Økokrim. Planen var å eige og leige norske datasenter for kryptoutvinning.

– Noreg har på kort tid blitt det mest ettertrakta landet i verda å produsere kryptovaluta.

– Vi etablerte oss i Noreg på grunn av billig og grøn kraft. I tillegg er det eit politisk stabilt land.

Det skulle vise seg at dei bomma litt på det siste.

Klondike i kraftkommunar

I 2018 vart det Klondike-stemning i norske kraftkommunar. Datasenterfesten tok av, men i litt feil retning. Regjeringa mista oversikta over gjestelista.

Verken næringsdepartementet, Brønnøysundregisteret, Statistisk sentralbyrå, Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Statnett hadde oversikt over kor mange datasenter som dreiv med kryptoutvinning.

Ei heller kven som stod bak selskapa som etablerte seg her.

Innovasjon Norge hadde ei viktig rolle i å marknadsføre Noreg som datasenternasjon i utlandet, men ikkje oversikt over kor godt dei lykkast:

I august i fjor visste Innovasjon Norge om fem datasenter som dreiv med kryptoutvinning eller hadde planar om å starte med det.

Men på same tid hadde Brennpunkt kartlagt 14 datasenter som dreiv med, eller hadde planar om, å starte med utvinning av kryptovaluta.

Norske kraftselskap jubla over dei nye gjestene. Her var det pengar å tene, kunne ein begeistra Ole Sunnset fortelje oss i haust. Sunnset er konsernsjef i kraftselskapet Ringeriks-Kraft som held til på Hønefoss.

– Kvar einaste veke blir vi kontakta av selskap og investorar frå heile verda som ønsker å etablere datasenter. Interessa er større enn vi såg for oss. Dei kjem frå ulike verdsdelar. Seinast i går var eit kinesisk selskap her. Ein stor og seriøs aktør.

Også andre kraftselskap fortalde at dei har hatt stor pågang frå kryptovaluta-aktørar, noko som betyr ein oppsving for dei. Men etableringane er ikkje nødvendigvis ei positiv nyheit for folk flest.

Straumkundane betalar

Hushaldningane sine straumutgifter ligg an til å bli historisk høge i år. Årsaka er tredelt: Større etterspørsel, tørr sommar og høge prisar på fossil kraft i Europa.

– Det er klart at datasenter vil ete av kraftoverskotet i Noreg. Kor mykje veit vi ikkje enno, men kraftprisane blir blant anna styrt av summen av tilbod og etterspørsel, fortel Martin Vik i NVE.

Produksjon av kryptovaluta har blitt ein stor energisluker på verdsbasis.

Også Statnett har merka at det er ein fest på gong. I november sa kommunikasjonssjefen at dei til saman har fått førespurnadar frå datasenter om kapasitet som svarar til rundt halvparten av heile Noregs forbruk av straum.

– Behovet for kraft til datasentera har gjort at energiselskapet har vore nøydd til å styrke nettet. Dette har hatt kostnadar som straumkundane i stor grad har betalt, fortel leiaren for eit kraftselskap som ikkje ønskjer å bli identifisert.

Men at datasentera blei ein omstridd affære, har handla om andre ting enn straumprisar.

Lyden av kryptovaluta

Det norske selskapet Kryptovault såg at det var god forretning i kryptovaluta. Dei etablerte datasenter på Follum i Buskerud og i Dale i Hordaland. I tillegg hadde dei store planar om datasenter i Sauda i Rogaland og Glomfjord i Nordland.

Tidlegare stortingsrepresentanten for Frp, Gjermund Hagesæter, er talsmann for selskapet. Då Brennpunkt møtte han i haust, såg han lyst på framtida:

– Eg trur datasenterindustrien om 20 år kan bli større enn oljeindustrien.

– Kryptovault skal vokse. Vi skal skape godt betalte arbeidsplassar og skape verdiar, la Hagesæter til.

Store internasjonale kundar, primært frå Asia, leigde seg inn i datasentera og produserte kryptovaluta. Berre på Follum gjekk 20.500 datamaskiner døgnet rundt. På grunn av varmeutvikling i maskinene, måtte dei kjølast ned av kraftige vifter.

Ingen av naboane fekk beskjed, før dei vakna til ein merkeleg lyd frå den nedlagde fabrikken til Norske Skog.

– Vi lurte på om det var fossen eller ei varmepumpe som hadde gått berserk. Det viste seg å vere lyden frå hallane der kryptovaluta vart produsert, fortel Trond Gulestø til NRK.

Også ved den nedlagde tekstilfabrikken i Dale var støyen uuthaldeleg for naboane. Det enda i ein aksjon, og ein anonym trussel om sabotasje mot selskapet:

Om dykkar ekspanderar mykje og forsøplar heile lande med støy, da vortar bygga dykkar sabotera. eg vil tru eksplosivar vil varta enklast.

Trussel sendt frå ei anonym e-postadresse

Festen gjekk i litt feil retning.

Tankefull næringsminister

I mars i fjor opna det internasjonale selskapet Bitfury eit datasenter i Mo i Rana. Her skulle dei blant anna utvinne Bitcoin. I ei pressemelding sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen:

«Jeg er strålende fornøyd med at Bitfury velger å legge sitt nye datasenter til Mo i Rana. Datasentre er en næring som kan bidra med økt sysselsetting og verdiskaping over hele landet ... Her ser vi en industri som er grønnere, smartere og nyskapende.»

Ein solrik haustmorgon eit halvt år seinare fekk Brennpunkt vere med næringsministeren på omvising i Mo industripark. Då ministerbilen køyrde forbi datasenteret til Bitfury vakna han til.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen virker ikkje like «strålende fornøyd» med Bitfury når han oppdager kva dei gjer.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen verkar ikkje like «strålende fornøyd» med Bitfury når han oppdagar kva dei gjer.

I dag har Bitfury to datasenter i Mo i Rana. Eitt i industriparken og eit anna nærare sentrum.

Til saman krev dei to datasentera om lag like mykje kraft som dei rundt 9000 husstandane i Mo i Rana, men slapp altså unna med å betale berre tre prosent av elavgifta.

Då vi møtte næringsministeren i Mo i Rana, tok han avstand frå kryptovaluta:

– Som dei fleste andre statar er Noreg skeptisk til kryptovaluta. Det er ein uregulert valuta, noko som gjer kvitvasking av pengar lettare. Det kan også gjere det enklare for kriminelle og andre å skjule pengestraumar frå det offentlege.

Samtidig fekk produksjon av kryptovaluta ei sterkt redusert elavgift. Hadde Regjeringa hamna i eit vanskeleg dilemma?

– Det kan bli vanskeleg å regulere kva som er riktig innhald i eit datasenter. Det kan også vere andre ting vi ikkje liker som blir lagra i datasenter, sa Røe Isaksen.

Medan Røe Isaksen syns det var vanskeleg å regulere innhald i datasenter, hadde Finansdepartementet bedt Skattedirektoratet om å gjere akkurat det.

Noko som skulle dempe festen for dei ubodne gjestene.

Russisk oligark i Alvdal

I Alvdal rigga New Mining Company opp tre containerar med rundt 500 datamaskiner. 400 meter unna låg leiren til dei franske NATO-soldatane.

Det var datasenterselskapet Nordavind som fekk russarane til Alvdal. Nordavind er eigd av tre energiselskap og sju kommunar i Hedmark og Oppland.

Stein Solbu er dagleg leiar. Han kunne fortelje at oppgåva deira er å promotere dei to fylka som gode stadar for datasenteretablering.

Dei etablerte seg i 2014, og håpa på store selskap som Facebook og Google.

Men det var berre russarane som kom.

I forkant av etableringa hadde Nordavind møte med PST. I fylgje Solbu freista dei også å undersøke selskapet på eiga hand:

– Vi har gjort nokon undersøkingar, men det seier seg sjølv at med eit selskap som kjem frå Russland er det avgrensa kor langt ned i materien vi kan kome.

Då Brennpunkt undersøkte nærare kven russarane var, oppdaga vi at ein av Russlands mektigaste forretningsmenn eigde halve selskapet.

Alexander Ryazanov

Fram til 2006 var Alexander Ryazanov ein av toppane i det russiske oljeselskapet Gazprom.

Foto: GEORGE ABDALADZE / Ap

65 år gamle Alexander Ryazanov har i løpet av dei siste 20 åra etablert seg i tetsjiktet av mektige russiske forretningsmenn.

Han har sote i Dumaen, og har hatt nokon av dei viktigaste posisjonane i russisk næringsliv dei siste 20 åra.

PST bekreftar at dei har hatt møteverksemd i forbindelse med den russiske etableringa i Alvdal.

– Vi hadde fokus på etterretning før og under NATO-øvinga. Kor stor del av dette som har vore retta mot utvinning av kryptovaluta, kan vi ikkje svare på, fortel Martin Bernsen i PST.

Også i Vardø vart eit russisk selskap med på festen. I september avdekka NRK at Arctic Catch dreiv med Bitcoin-produksjon i eit fiskerianlegg i byen.

Fabrikken ligg like ved den militære radaren Globus II, som russiske jagarfly skal ha simulert angrep mot.

PST sa til NRK at det var vanskeleg å vite om dataparken var ein tryggleiksrisiko.

Exit kryptogjestar

I Regjeringa auka uroa. Ingen hadde sett for seg at datasenterfesten skulle verke som eit flugepapir på kryptoselskap.

I Stortinget stilte opposisjonen kritiske spørsmål om elavgiftfritaket for Bitcoin-selskap.

1. november kom vurderinga frå Skattedirektoratet. Dei meinte det var mogeleg å innføre ei avgrensing, så datasenter som driv med utvinning av kryptovaluta må betale full elavgift.

Dette ville bli ei dramatisk endring for selskap som hadde investert i Noreg med tanke på kryptoutvinning. I fylgje Gjermund Hagesæter i Kryptovault ville full elavgift bety ei prisauke på 30 prosent for kryptoutvinning i Noreg.

Etter budsjettforliket med KrF låg avgiftsendringa i budsjettet for 2019.

Jokeren i budsjettforhandlingane, Krfs Kjell Ingolf Ropstad, forklarte endringa med at ein ikkje ynskte å subsidiere ein industri som er knytt til kvitvasking og terrorfinansiering.

– Det vil alltid vere ulike dilemma med kva som blir lagra i datasenter. Men når det gjeld kryptovaluta, er det enorme summar du kan tene på det. Eg stiller spørsmål rundt klimakostnaden og verdien av det som blir gjort i desse datasentera.

– Bananrepublikk

Noreg hadde gått for å vere eit politisk stabilt land, men no opplevde internasjonale selskap norsk næringspolitikk som uforutsigbar.

– Eg visste det hadde blitt diskutert, men ikkje at det kunne bli bestemt over natta, sa Julie Hvideberg då ho fekk nyss om det nye regelverket.

– No må Bitmain revurdere alle planane vi har hatt i Noreg.

– Bananrepublikk!, tora talsmann i Kryptovault, Gjermund Hagesæter.

– Om vi skal betale full elavgift vil det ikkje løne seg å produsere kryptovaluta i Noreg.

Han pakka sporenstreks trillekofferten og drog frå Bergen til Stortinget for å prate fornuft til politikarane. Det var enno litt tid før budsjettet skulle bli vedteke av Stortinget.

– Stortingsrepresentantar kan litt om mykje, men dei kan ikkje mykje om nokon ting, sa den tidlegare stortingsrepresentanten frå Frp på veg opp trappa til vandrehallen.

Gjermund Hagesæter

Gjermund Hagesæter vart kraftig provosert over måten elavgift-rabatten blei fjerna.

Foto: Stephan Reis / NRK

Men det var ikkje så mange som var interessert i å snakke Bitcoins og kryptoutvinning på Stortinget denne dagen.

Endringa vart vedteken då Stortinget stemde over budsjettet før jul.

I fylgje dåverande finanspolitisk talsmann i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, kom innspelet frå Finansdepartementet.

Finansdepartementet viste til at dette var eit stortingsvedtak. I tillegg kunne dei fortelje at dei jobbar med eit forslag om korleis avgrensinga skal gjennomførast.

Planen er at endringa skal tre i kraft 1. mars.

Ingen kake – ingen fest

I dag er det stille på industritomta på Alvdal. Det vart ingen milliardinvestering. Russarane har ingen høyrt noko frå.

– Det har utvikla seg i litt feil retning. Det har vore fælt lite aktivitet med såkalla mining. Det er berre ei eller to maskiner som går har eg skjønt. Det har vel ein samanheng med avgiftsauken og den varierande Bitcoin-kursen, seier ordføraren i Alvdal.

Jordet til bonden i Fjærland står tomt. Med dagens straumprisar tener han godt på å selje krafta si på den opne marknaden. Han har ikkje høyrt frå investorane som ville vinne ut kryptovaluta på tomta hans sidan i haust.

Julie Hvideberg har slutta i Bitmain og selskapet står oppført med null tilsette i Noreg. Ho opplyser at ho ikkje lengre kan uttale seg på vegner av selskapet.

Kryptovault har lagt alle planar om utbygging i Sauda og Glomfjord på is. Dei har redusert staben med 17 stillingar.

Selskapet Bitfury hadde planar om å bygge fleire datasenter i Noreg. I fylgje Rana blad har fem tilsette i Bitfury i Mo i Rana mista jobben som fylgje av avgiftsendringa.

Kryptoutvinninga i Vardø vart flytta til Austerrike like etter avsløringane til NRK. Her hadde dei funne betre lokasjonar enn fiskerianlegget og billegare elektrisitet.

På spørsmål til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen om korleis endringa av elavgifta kom til, viser han til budsjettvedtaket.

– Dette er eit vedtak som vart fatta av Stortinget.

Utover det har han ingen kommentar.

Så effektivt var det. Kanskje ein ide til neste gong du inviterer til fest. Sjekk invitasjonen nøye før du sender den ut.

Anbefalt vidare lesing: