Leirvik på Stord

Det blei halde eit møte i 5xclub på veteranskipet M/S «Sunnhordland» i Leirvik på Stord like før jul. Biletet er teke ein annan dag.

Foto: Magne Langåker

Krypto­pengane ingen får ut

Rundt 60 personar har troppa opp på eit møte på eit veteranskip. Dei lurer på kor pengane deira blir av.

Det er 20. desember 2023. Ein regntung førjulskveld på kaien på Leirvik på Stord.

Inne på veteranskipet M/S «Sunnhordland» held ein lukka kryptoklubb møte. NRK får opplyst at rundt 60 medlemmer er samla. Fleire er irriterte.

Kryptoklubben 5xclub hevdar medlemmene tener seg rike på bitcoin.

Femdobling, viser skjermen til fleire når dei loggar seg på kontoen sin i klubben.

No vil dei ha svar på kor pengane blir av.

Møte i 5xclub på MS Sunnhordland

Rundt 60 medlemmer i 5xclub deltok på eit møte på veteranbåten MS Sunnhordland på Stord like før jul. Informasjonsmøtet blei halde fordi medlemmer vil ha svar på kor pengane deira blir av. NRK presiserer at båten berre var lokale for møte i klubben, og ikkje skal vere knytt til kryptonettverket.

Foto: Privat

Minst 400 medlemmer

Namnet gir løfte om rikdom: 5x står for femdobling av investeringar i bitcoin.

NRK har undersøkt 5xclub. Funna baserer seg på nettsider, brukarkonto, intern informasjon til medlemmene, og samtalar med folk som er med i klubben eller kjenner til han.

Du må ha invitasjon for å bli med, og du tener meir pengar dess fleire du rekrutterer inn. I to år har medlemmer verva vener, kollegaer og familie, og investeringane aukar.

Særleg på øya Stord, sør i Vestland.

Rundt 200 av dei 19.000 innbyggarane i kommunen skal vera medlemmer.

Enkelte har investert 10.000 kroner, og andre fleire hundre tusen, seier kjelder til NRK.

I ein video på YouTube frå desember i fjor, viser ein medlem i 5xclub korleis han har mangedobla investeringane sine.

Han har investert rundt 115.000 kroner i bitcoin. Sjølve investeringa har dobla seg. Men det er verving av nye medlemmer som løner seg mest.

Samla har mannen tilsynelatande ein konto verdt over 760.000 kroner.

Skjermdump frå brukarprofil i 5xclub

Ein 5xclub-medlem har lagt ut brukarprofilen sin på YouTube.

5xclub har også medlemmer i andre kommunar i Sunnhordland og Haugalandet. Samla kan fleire enn 400 personar ha investert pengar.

På eigne kontoar i 5xclub ser dei pengane veksa, men dei er umoglege å ta ut.

Pengane må stå i minst eitt år, ifølgje 5xclub. Fleire NRK har snakka med, har vore inne i nettverket i over eitt år. Ingen har fått ut pengar.

NRK har vore i kontakt med 17 personar som anten har investert pengar i 5xclub eller er forsøkt verva. Ingen vil uttala seg.

Men nokre fryktar at dei er lurte.

Ein av grunnleggarane av kryptoklubben er Kurt Helgesen.

Han har også starta ein ny kryptoklubb, som heiter Five. Og han oppmodar medlemmene i 5xclub om å investera vidare og meir i Five.

NRK har stilt han ei rekke spørsmål om bekymringar knytte til 5xclub og Five. Han har også fått tilsendt sitat i denne saka, der fleire kryptoekspertar åtvarar om svindel.

Helgesen avviser at det er svindel, og garanterer at ingen har tapt eller kjem til å tapa pengar. Han seier det er ein lukka og privat klubb.

– Klubben blir driven på frivillig basis og har ingen inntekter fordi det er gratis medlemskap.

5xclub er under avvikling. Det er forseinkingar, men det gjer det ikkje til svindel, skriv Helgesen til NRK.

Les heile svaret til Helgesen lenger nede i saka.

Kryptoekspertar åtvarar mot 5xclub

På nettsidene hevdar 5xclub at pengane du investerer, blir plasserte i «ein sensasjonell kryptorobot som dyrkar bitcoinen din».

Det vi er med på er unikt og noe vi aldri vil få muligheten til å bli med på igjen.

Nyheitsbrev til medlemmene i 5xclub

NRK har fått fleire ekspertar på krypto og svindel til å vurdera 5xclub, basert på både nettsider og interne dokument.

– Dette er svindel, meiner Bjørn Bjercke.

Han er ekspert på blokkjedeteknologi og bitcoin, med lang erfaring frå bank- og finanssektoren.

Bjercke har tidlegare avslørt Onecoin, ein falsk kryptovaluta som førte til at 3,5 millionar personar blei svindla for meir enn 40 milliardar kroner mellom 2014 og 2016.

I saka rundt 5xclub og Five har ekspertane blant anna undersøkt ei bitcoin-adresse, som medlemmer blir bedne om å senda bitcoin til. Dei har spora kor midla går, og tvilar på at dei blir handla av robotar.

– Det gir eit veldig konkret mønster når det er ein robot som handlar, og det ser me ikkje her.

– Det er kjempealvorleg. Ikkje berre for medlemmene, som det er utruleg trist for. Det saboterer også for det totale kryptomiljøet, seier han.

Bjørn Bjercke

Kryptoekspert Bjørn Bjercke seier det er fleire teikn på at 5xclub er svindel.

Foto: Magnus Thorén / NRK

Kurt Helgesen seier at bitcoin-adressa ikkje har noko med 5xclub å gjera.

Den tilhøyrer eit heilt anna prosjekt der ingen får ta ut pengar på fleire månader enno, skriv han.

I interne dokument kjem det fram at medlemmer i både 5xclub og Five kan senda bitcoin til adressa.

Ulogisk med rekruttering til «gullgruve»

Åtvaringar kjem også frå Torbjørn Bull Jenssen. Han er dagleg leiar i kryptoplattforma K33, som blant anna tilbyr investeringstenester.

Dette ser ut som svindel. Nettsida gir inga form for tryggleik. Det blir lovd skyhøg avkasting. Alle komponentane som minner om dei andre svindlane me ser i marknaden, er til stades i dette prosjektet.

Han trur heller ikkje at investeringane blir forvalta av handelsrobotar. Sjølv om sporing av bitcoin-adressa i seg sjølv ikkje kan slå det fast.

Viss ein hadde hatt robotar som kunne gitt denne avkastinga det blir lovd her, så ville ein ikkje invitert inn alle moglege andre til å ta del i det. Ein ville brukt dei robotane sjølv og blitt kjemperik.

Og når medlemmene i tillegg ikkje kan ta ut pengane sine, og avkastinga er høgare enn det du faktisk kan få til med robotar, så er det ugler i mosen, for å seia det mildt, seier Jenssen.

Det jeg personlig er sikker på er at ingen lurer oss og uttak VIL bli mulig.

Nyheitsbrev til medlemmene i 5xclub

Johanne Andresen leier eit team av spesialistar på virtuell valuta i rådgivingsselskapet KPMG.

Samanfatta finst det lite informasjon om leiing og kva produkt og tenester 5xclub tilbyr. I kombinasjon med lovnad om avkasting, bør det få varsellampene til å lysa.

Ho tvilar også på at bitcoin blir investert på vegner av medlemmene, men vil ikkje slå det fast utan å ha alle detaljane.

5xclub nettside

Enkel tilgang til kryptomarknaden, skriv 5xclub på nettsidene sine.

– Privat og lukka klubb

Kurt Helgesen står oppført som ein av tre grunnleggarar av 5xclub. Det er han som gir informasjon til medlemmene, og som arrangerer både fysiske og digitale møte.

NRK har spurt han om det sit andre personar i leiinga, men har ikkje fått svar.

Helgesen oppgir også at han er partnar i House by the gate, som kallar seg ein eksklusiv investeringsklubb. 5xclub skal vera medlem av House by the gate.

Det finst ingen offentleg informasjon om kven som driv House by the gate.

– Me har også gjort ein del søk på det selskapet, og det er ingenting som tyder på at det selskapet eksisterer, seier Bjørn Bjercke.

NRK har prøvd å ringa Helgesen, og spurt om å få snakka med han. Han vil berre svara skriftleg. På e-post har han fått ei rekke konkrete spørsmål, men svarer på få av dei.

Han avviser blant anna at klubben driv aktiv rekruttering.

Det blei sett inntaksstopp for nye medlemmer for rundt seks månader sidan, ifølgje Helgesen.

NRK veit at personar er blitt medlem eller forsøkt rekruttert til å gjera investeringar i 5xclub eller den nystarta kryptoklubben Five seinast i desember.

Ifølgje Helgesen kjem medlemmene frå ulike land, blant anna Noreg.

– Vekst har skjedd ved at ein medlem inviterer inn ein ven.

Helgesen skriv at det før nyttår blei bestemt å avvikla klubben. I interne nyheitsbrev lover han at utbetalingar vil skje, men det blir stadig utsett.

Medlemmene er i ein oppgjersposisjon mot ein tredjepart, der me er i ein løpande kontakt med den tilbydaren, som medlemmene har investert hos. Ingen medlemmer har motteke utbetaling.

Det blir no arbeidd med ein struktur som må på plass for å motta oppgjer. Samtalane er konstruktive, og me forventar å bli einige om ei løysing i løpet av første kvartal 2024, skriv Helgesen.

Kurt Helgesen

Kurt Helgesen er frå Vindafjord, men bur i Sandnes. Biletet er frå 2018, og er tatt i ein annan samanheng.

Foto: Grethe Hopland Ravn / Grannar

Fleire blir svindla

Svindel med kryptovaluta er eit aukande problem.

Økokrim registrerte tap relatert til investeringssvindel på minst 200 millionar kroner i 2022. Tala for 2023 er ikkje klare.

I mange tilfelle har fornærma investert i kryptovaluta, eller trur dei har det. Økokrim estimerer at norske svindeloffer sende om lag 75 millionar kroner ut av landet i samband med kryptosvindel i 2021.

Lone Charlotte Pettersen er avdelingsdirektør for førebygging og etterretning i Økokrim. Ho seier mørketala truleg er store.

– Mange offer rapporterer ikkje svindel, for dei er ikkje klare over at dei er blitt svindla. Spesielt dei som er nye i kryptovalutamarknaden, og som manglar kunnskap. Dei klarer ikkje å sjekka om dei kjøper ekte varer eller ikkje.

Dei som innser at dei er lurte, melder heller ikkje alltid frå.

– Dei kan føla skam. Dei kan føla seg lurte og dumme for at dei har falle for svindelen. Nokre nektar også å innsjå at dei er blitt lurte, seier Pettersen.

Økokrim seier dei ikkje kan seia noko om eventuell kjennskap til 5xclub, og uttalar seg på generelt grunnlag.

Les også – Jeg er jo kjempe­dum som ble svindlet på denne måten

­

5xclub-medlemmer har fått interne råd om at dei truleg ikkje bør føra eigedelane sine i bitcoin på skattemeldinga. Det blir vist til indikasjonar frå rådgivingsselskapet EY.

NRK har vore i kontakt med EY, som avviser at dei har gitt slike råd.

Dei stadfestar eit innleiiande møte, og at det er heilt vanleg når dei får førespurnader. Men dei avviser at det er etablert eit kundeforhold med 5xclub.

Ifølgje Skatteetaten er alle formuar og inntekter frå kryptovaluta skattepliktige, og skal rapporterast inn.

I skattemeldinga for 2022 gav fleire enn 48.000 personar opplysningar om virtuelle eigedelar som kryptovaluta. Det er fleire enn i tidlegare år. I 2020 var talet 15.410.

Politiet har ikkje fått inn anmeldelsar på verken 5xclub eller Kurt Helgesen.

– Forbrukarane har for dårleg vern

Finanstilsynet kjenner ikkje til 5xclub. Det vil ikkje vurdera nettverket spesielt før dei har gjort eigne vurderingar.

Kryptovaluta er ikkje underlagt noko tilsyn i seg sjølv. Verksemder må likevel vera registrerte hos Finanstilsynet viss dei tilbyr vekslings- og oppbevaringstenester for virtuell valuta. Det gjeld dei som opererer frå Noreg eller rettar seg mot den norske marknaden.

– Me får ofte tips om moglege investeringssvindlar knytte til krypto, seier seksjonssjef og forbrukarkoordinator Jo Gjedrem i Finanstilsynet.

Finanstilsynet vil ikkje uttala seg spesielt om 5xclub utan eigne undersøkingar, men åtvarar på generelt grunnlag mot investeringar i kryptovaluta.

– Forbrukarvernet er alt for dårleg i dag. Det er viktig å vera forsiktig, og bryta kontakten viss du får eit investeringstilbod som er for godt til å vera sant.

Jo Gjedrem

Jo Gjedrem i Finanstilsynet seier at EU jobbar med å regulera kryptoindustrien, og at nye reglar truleg blir innført i Noreg også på sikt. I dag er forbrukarvernet for dårleg, meiner han.

Foto: Kimm Saatvedt

Kurt Helgesen meiner at 5xclub ikkje tilbyr vekslings- og oppbevaringstenester for virtuell valuta.

– Me vurderer at aktiviteten vår ikkje er konsesjonspliktig, og heller ikkje fell inn under dei tenester som Finanstilsynet er sett til å kontrollera, meiner han.

Får telefonar frå folk som er i ferd med å bli svindla

Forbrukartilsynet, som fører tilsyn med forbodet mot pyramidespel, har heller ikkje høyrt om 5xclub. Dei seier dei ikkje kan vurdera selskapet konkret utan eigne undersøkingar.

Hvorfor ikke spørre slekt, venner, kollegaer om de kunne tenke seg det samme som deg. Du kan bygge opp en stor bitcoin portefølje bare ved å hente inn flere medlemmer/investorer (...)

Nyheitsbrev frå 5xclub

Kryptovaluta er lovleg. Mange tener seg også rike på investeringar, men dei seriøse aktørane i bransjen ber folk vera på vakt når dei skal investera.

Torbjørn Bull Jenssen i kryptoselskapet K33 seier dei får mange telefonar frå folk som er i ferd med å bli svindla og treng råd.

– Rådet til dei som allereie har investert, er å prøva å få ut pengane, men ikkje betal meir inn. Ofte påstår svindlarane at du må betala ein liten sum til for å få ut noko som helst. Mest sannsynleg kjem pengane aldri tilbake.

Den største risikoen vi har nå er medlemmer som har mistet tålmodigheten og går sammen og saksøker evt prøver å gjøre undersøkelser på egen håd. Vennligst ikke gjør det fordi det kan skade oss alle og vi kan risikere å miste hele trading poolen.

Nyheitsbrev til medlemmer i 5xclub

Hei!

Har du opplevd brannen? Send meg gjerne ei melding.

Les også Kryptoverdiene har tidligere rast – nå tror entusiastene at 2024 blir et knallår

Torbjørn Bull Jenssen tror 2024 kan bli et comeback-år for kryptovaluten.