Hopp til innhold
Anmeldelse

Menneske mot maskin

I «Tolvskillingsoperaen» på Det Norske Teatret vert mennesket sett inn i ei verd der me er i ferd med å verta overflødige. Kva er eit menneske då?

Fra "Tolvskillingsoperaen" på Det norske Teatret

Mackie Kniven (Kristoffer Olsen) og hans utkåra Polly Peachum (Kjersti Dalseide) på bryllaupsnatta.

Foto: Dag Jenssen / Det norske Teatret
Musikal

«Tolvskillingsoperaen»

Det Norske Teatret

Spelast fram til 2. oktober, 2021

Tore Vagn Lid er ein scenekunstnar som lét publikum sitja att med fleire spørsmål enn svar når ei framsyning han har laga, er omme. Slik er det utan tvil òg med «Tolvskillingsoperaen» ved Det Norske Teatret.

Denne framsyninga har skodespelarar og kunstnarleg lag ruga på i nær halvanna år. Premieren i november i fjor vart spela for tom sal på grunn av korona, men no får publikum høve til å fylla Det Norske Teatret att.

Det er passande at eit musikkspel om urettferda i samfunnet spelast no, rett inn i ein valkamp. Og resultatet gjev ein mykje å tenka på.

Fra oppsetningen av «Tolvskillingsoperaen» på Det Norske Teatret.

Ein havarert Vy-buss er sentral i framsyninga «Tolvskillingsoperaen» ved Det Norske Teatret. Den er òg eit bilete på korleis kapitalismen bit seg fast i samfunnet.

Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret

Aldri enkelt

Ein ting er sikkert, Tore Vagn Lid vel aldri dei enklaste løysingane. Det skal teater-Noreg vera glade for. Elles hadde me aldri fått «03:08:38» , det viktigaste teaterstykket om terroren i 2011. Eller «Vår ære / vår makt», som speler på Nordahl Griegs stykke, men som òg tar eit oppgjer med gløymde sider ved Bergen si historie.

«Tolvskillingsoperaen» er, som mange av Lid sine verk, komplekst i utforminga. Her er video, dokkespel, togbaner, intelligente sexdokker, robotar og ein havarert Vy-buss på scena. I tillegg til åtte skodespelarar og ni musikarar.

Bertolt Brecht og Kurt Weill står bak dette berømte stykket frå 1928. Operaen er ein kritikk av strukturane i samfunnet, av kapitalismen, av korleis dei med pengar, mat og makt held dei som ikkje har pengar, mat og makt nede. Og korleis begjæret etter å komma seg opp og fram gjer at den enkelte ikkje skyr noko i kampen for tilværet. Alt sentrert kring meisterskurken Mackie Kniven – og horene hans. Mackie innlet seg både med dottera til leiaren av det kriminelle nettverket i byen, og med dottera til politimeisteren. Og då er det duka for hurlumhei.

Fra oppsetningen av «Tolvskillingsoperaen» på Det Norske Teatret.

Skodespelarane gjer mykje av det tekniske i framsyninga. Dei styrer alle projeksjonane som kjem opp på skjermen på bakveggen. Nett som eit dokketeater-i-teateret. Frå venstre: Joakim H. Ousdal, Pål Christian Eggen og Ina Svenningdal.

Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret
Kristoffer Olsen spiller rollen som Mackie i oppsetningen av «Tolvskillingsoperaen» på Det Norske Teatret.

Mackie Kniven (Kristoffer Olsen) i sitt bordell, der han til sist vert arrestert. I bordellet er sexdukker i ferd med å erstatta dei prostituerte.

Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret
Fra forestillingen "Tolvskillingsoperaen" på Det norske Teatret

Menneskeerstattande dokker er eitt av mange moment i framsyninga "Tolvskillingsoperaen" ved Det Norske Teatret. Frå venstre: Vetle Bergan, ei dokke, Gina Bernhoft Gørvell.

Foto: Dag Jenssen / Det norske Teatret

Skvisar menneska ut

Ved Det Norske Teatret har Tore Vagn Lid flytta handlinga inn i nær framtid, til april 2025. Kapitalismekritikken er framleis tydeleg. Her er tjuvpakket hos Brecht bytta ut med frilansmusikarar som så å seia må tigga for å overleva, og kapitalismen er manifestert mellom anna i konkuranseutsett jernbane. Her er både gamle NSB-uniformar og den nemnde havarerte Vy-bussen. Dei som eig naturen, sit på kapitalen. Og menneska erstattast lett av maskiner. Bordella fyllast av stadig fleire intelligente sexdokker, noko som skvisar menneska ut.

Og her er fleire dokker: På skjerm på bakveggen speler skodespelarane ut rollene sine som ulike dyr: elg, rev, jerv. Som eit dokketeater. Ein kan spørje seg kva som er mest humant av ein dokke-rev eller ei sexdokke med hemmeleg opptakar. Og kven av dei som bør erstatta menneska.

Det er mange moment i framsyninga, mykje å ta inn. Historia om menneska sitt strev for eit betre liv kan tyggast på i lang tid etterpå.

Og då har eg ikkje nemnt forteljaren, ein vaskerobot som snakkar med stemma til Bjørn Sundquist og har påskrifta «smartare enn du trur». Framsyninga er fylt til randa, og ikkje alle elementa synest like godt. Til eksempel dette med frilanskunstnarane, det druknar i samanhengen.

Rydda og skrella

Samstundes er «Tolvskillingsoperaen» prega av ein energi som berre skodespelarar som har venta i halvanna år kan hente fram. Særleg Kristoffer Olsen som Mackie Kniven og Kjersti Dalseide som kona Polly skin. Variasjonen i temperatur og temperament i stemmer og rørsler er fin og balansert.

Framandgjering og brot er drivkrafta, slik det skal vera hjå Brecht. I tillegg driv orkesteret framsyninga godt. Og Halldis Moren Vesaas si gjendikting står fjellstøtt, ho trivst i ei snodig framtid.

Fra forestillingen "Tolvskillingsoperaen" på Det norske Teatret

Mackie Kniven (Kristoffer Olsen) og hans utkåra Polly Peachum (Kjersti Dalseide) på bryllaupsnatta.

Foto: Dag Jenssen / Det norske Teatret

Når det er sagt: Ein kunne ha rydda og skrelt. Det er mange moment her, mykje å le av, mykje å tenka på. Her er dobbeltmoral på grensa til det hysteriske. Brecht ville, med alle sine brot og forklaringar, visa fram mekanismane i urettferd og undertrykking.

«Kva er eit menneske?» spør dei i framsyninga. Tore Vagn Lid set mennesket inn i ei verd der det er i ferd med å verta overflødig. Velferda raknar og marknadskreftene rår.

I ei stødig, men innimellom litt tung framsyning, er det mykje å plukka opp og henta med seg heim. «Tolvskillingsoperaen» er kunstferdig, med høg kvalitet i alle ledd – men gapar diverre over vel mykje.

Alle anmeldelser og anbefalinger fra NRK finner du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt videre lesing: