Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei framsyning det er lett å anbefala

Syrleg, direkte, intelligent og morosam samfunnskritikk i teateret: «Sudden death» har alt.

Marie Blokhus i "Sudden Death" ved Det Norske Teatret
Foto: Det Norske Teatret
Teater

«Sudden Death»

Det Norske Teatret i Oslo

25. mai-13. juni 2023

Sudden death er eit omgrep innan sporten. Når resultatet er uavgjort, speletida over og ein ha ein vinnar, då spelar ein til skåringa kjem. Brått og brutalt.

Omgrepet tyder sjølvsagt òg noko anna: Brå død. Det tenker eg ikkje så mykje på når eg sit i teateret og ein tenniskledd skodespelar kjem inn på scena gjennom eit glitrande forheng.

Med hendene fulle av rekkertar og drikkeflasker freistar han å slå av den durande mobilen som ligg i lomma – med olbogen.

Teaterstykket «Sudden Death» ved Det Norske Teatret

GAME ON: «Sudden death» startar på tennistrening, men noko er gale. Og då vert det gøy. Frå venstre: Oddgeir Thune og Kyrre Hellum.

Foto: Dag Jenssen

Ting som gneg

Det viser seg at Han (Kyrre Hellum) køyrde over ein katt på veg til treninga. Eller halve katten, som han sjølv meiner det var.

Gjer det noko? Kanskje ikkje.

Kva skal han gjera med det? Fint lite.

Men det gneg i han likevel – fint vist gjennom vassflaska, som ikkje inneheld vatn, men noko som kan likna blod. Eller ein vond, vond smoothie.

Treninga held fram, han og kameraten (Oddgeir Thune) snakkar sjølvsagt om katten, om ansvar, om livet. Så kjem Ho som er singel inn (Marie Blokhus). Og ho saknar ein katt.

Teaterstykket «Sudden Death» ved Det Norske Teatret

LYKKEKATT: Marie Blokhus endrar balansen i tennistreninga når ho kjem inn på jakt etter katten. Det ho ikkje veit, er at han er daud. Kanskje. Frå venstre: Oddgeir Thune, Kyrre Hellum og Marie Blokhus.

Foto: Dag Jenssen

Kattejakt

Dramatikar Petter S. Rosenlund («Kampen om tungtvannet» og «Hamilton») har skrive ein svært god teatertekst. Språkleg like spretten som livet i ein skog om våren, tematisk tett på det flaue i menneska, satirisk sprudlande og skarp.

I sentrum står den påkøyrde katten – eller rettare: Kva han er symbol for, kva han genererer. Av unnskyldningar, fornekting, leiteaksjonar, håp og løgner.

Ei slags prokrastinering av sanninga, eller korleis ein lagar seg si eiga forteljing når røynda blir for bøs.

Teaterstykket «Sudden Death» ved Det Norske Teatret

NEKTAR: I staden for å innrømma at han har køyrd over katten, startar Han (Kyrre Hellum) ein Facebook-aksjon og får 800 til møta opp på leiteaksjon.

Foto: Dag Jenssen

Å kopla Rosenlund sin tekst på regissør Sigurd Ziegler er eit godt val.

I denne framsyninga plukkar Ziegler fram detaljar som vert viktige – som vassflaska med blod i, eit døme på skuld ein freistar å skjula.

Men blodflekk på kvite tennisklede går ikkje så lett vekk.

I tillegg får han til å forløysa humoren som ligg i teksten. Då blir problema rundt den sakna, halvt (eller heilt) ihelkøyrde katten til teater om kvifor ein vik unna med blikket når verkelegheita står der og stirar deg i auga.

Kvifor det er enklare med si eiga sanning nokre gonger. Og vidare: Kva det gjer med oss som borgarar i verda.

Eg kunne rett nok ønskt at nokre tekstpassasjar ikkje forsvann i hektisk tennisspeling, men samstundes er «Sudden death» så godt spelt at det er fort gløymt.

Marie Blokhus gjer ei svært god rolle som Ho, som er singel.

Særleg den eine monologen om einsemd og korleis takla at katten har funne seg ein elskar, er så kontrollert og samstundes så full av vekslande kjensler at framføringa er verdt ein liten lykkekatt i seg sjølv.

Teaterstykket «Sudden Death» ved Det Norske Teatret

KOR ER KATTEN? Det vert leita med lys, lykt og ropert etter katten som er vekke i «Sudden death». Ein av dei tre veit kva som hende. Men den historia vil han ikkje fortelje. Bak: Kyrre Hellum og Marie Blokhus. Framfor: Oddgeir Thune.

Foto: Dag Jenssen

Nøydd eller sanning

Her er få som slepp unna i «Sudden death», for satiren er så allmenn.

Rosenlund skriv godt om alle dei rare omvegane menneska vel seg – og lever godt med – for ikkje å verta råka av sanninga.

Og når teksten brått vender, vert ein henta inn av det som er kjernen: Trongen til å vera ein del av ei større forteljing. Koste kva det koste vil. Nøydd eller sanning.

Teaterstykket «Sudden Death» ved Det Norske Teatret

TENNIS: Ei trening er ramma for teaterstykket «Sudden death». Men det handlar eigentleg om å våga å sjå verda utan filter. Frå venstre: Oddgeir Thune og Kyrre Hellum.

Foto: Dag Jenssen

Kva gjer ein ikkje for å finna att ein katt? Kva gjer ein ikkje for å skjula at ein har gjort noko gale? Kva gjer ein ikkje for å lata som at alt er ok? Kva gjer ein ikkje for menneske i naud?

Nett det speler Thune, Blokhus og Hellum godt og morosamt ut på Scene 3 ved Det Norske Teatret.

Ei framsyning det er lett å anbefala – om ein kan takla tanken på ein påkøyrd katt.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.