Hopp til innhold
Anmeldelse

Kan bli ein ny juleklassikar

«Snøsøstera» har potensial til å bli større og meir meiningsfylt enn sjølvaste «Reisen til julestjernen».

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret
Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret
Teater

«Snøsøstera»

Hovudscenen, Det Norske Teatret, Oslo

22. oktober–31. desember

Hausten 2018 slo ei bokbombe ned i Noreg: «Snøsøsteren» av Maja Lunde og Lisa Aisato (Kagge forlag), ei adventskalenderbok om å forsona seg med å ha mista eit søsken.

Boka vart ein snakkis, og trykt i over 250.000 eksemplar – svært mykje for ei barnebok.

Sjølvsagt vert ein slik boksuksess teater. Men korleis følga opp ei slik hending som «Snøsøsteren» er?

Eg kan berre seia det med ein gong: Framsyninga er faktisk betre enn boka.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

DET NORSKE TEATRET ON ICE: «Snøsøstera» byr på mange poetiske og vakre scener, som denne, der Hedvig (Gina Bernhoft Gørvell) og Julian (Vetle Bergan) går på skøyter i lag.

Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret

Magien i maskineriet

Historia handlar om 10 år gamle Julian, som har bursdag julaftan. Han elskar jul (sjølvsagt), men tidlegare same året døydde syster hans, og familien er sveipt i sorg. Så noko særleg til jul vert det ikkje, kvardagen og livet verkar grå.

Han klarar heller ikkje å vera ven med kompisen John. Men så treff han den raudhåra virvelvinden Hedvig, og saman med ho finn han tilbake til julegleda.

Det er berre ei hake ved det heile: Hedvig finst eigentleg ikkje.

I «Snøsøsteren» vert magi, sakn og jul miksa i hop til ei forteljing som har rørt mange, mange lesarar. Samstundes trykker boka på alle juleknappane, det er full jul og full kjenslepakke både i tekst og illustrasjonar.

Men Maja Lunde har vore smart når ho har dramatisert si eiga forteljing til teater. Som manusforfattar veit ho kva moglegheiter som ligg i alle dei andre verkemidla teateret har: lys, lyd, rom, tåke, musikk, stemme, kropp.

Teatermaskineriet er tilliten verdig, og nett her ligg magien.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

FINT SAMSPEL: Julian (Vetle Bergan) elskar jul, men etter at storesystera døydde, er ting ikkje lenger dei same. Men det endrar Hedvig (Gina Bernhoft Gørvell) på. Bergan og Gørvell har eit fint samspel i framsyninga ved Det Norske Teatret.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

AISATOS SIGNATUR: Scenografien er ein viktig historieforteljar i «Snøsøstera», meiner NRK sin meldar. Flatane på bakveggen tek vare på Lisa Aisato sin signatur frå boka «Snøsøsteren».

Store, poetiske rom

Til dømes er scenografien ein svært viktig historieforteljar her.

For eksempel i korleis scenograf Åsmund Færavaag lar Hedvig sitt hus ikkje henga saman i veggane, korleis han lett vender det frå julemagisk til spøkelsegrått – og korleis han nyttar skilnaden mellom Hedvig si herlege julestemning og den grå teinten på Julian sitt folkelege kjøkken.

Scenografien seier mykje i denne forteljinga. Lyset miksar elegant mellom koseleg og åtvarande, og tåka nyttast slik at ein kjenner att Aisato sin strek i dei klåre scenebileta. Regissør Alan Lucien Øyen skapar store, poetiske rom når han lar verkemidla fortelja så mykje av historia.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

EKTE ELLER IKKJE: Scenograf Åsmund Færavaag skapar store, magiske julerom i «Snøsøstera», og lar det samstundes dirre litt der under – for veggane i Villa Kvisten (der Hedvig) bur, heng ikkje heilt saman. Kan det vere ekte då? Til høgre: Vetle Bergan som Julian og Gina Bernhoft Gørvell som Hedvig.

Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret

Dette gjer at mykje frå boka kan skjerast vekk, og ein sit att med ei halvannan time lang teaterframsyning som likevel tek vare på historia.

Det gjer òg at Julian (Vetle Bergan) ikkje treng fortelja så mykje, og slik får venskap, sorg og glede ta stor plass i framsyninga.

Særleg venskapen med John (Andreas Koschinski Kvisgaard) er smertefullt spela. Dei knappe ordvekslingane mellom dei to, korleis dei i klønete faktar og ord ikkje når fram til kvarandre – det riv i ei barnesjel å sjå korleis Julian handterer det.

Det er i tillegg heilt avgjerande at Bergan held att dei vonde kjenslene. Når han til slutt slepp laus fortvilinga og ønsket om endring, er det til rett tid.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

SMERTEFULLT: Det gjer vondt når Julian (Vetle Bergan) ikkje klarer vera ven med John (Anders Koschinski Kvisgaard).

Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret

Vill og framfus

At den levande og fargerike Hedvig eigentleg ikkje finst, vert gradvis avslørt. Gina Bernhoft Gørvell spelar ho slik ein kjenner ho frå boka, vill og framfus, og Gørvell har god kontroll på dei viktige detaljane. Scenene der ho skøytar, er så fint gjort, mellom anna er dei nydeleg lyslagde.

Henrik Skram sin musikk kler stykket godt. Og Odd Nordstoga sin spesialskrivne song «Når alle andre sansar kan få kvile» smett òg fint inn i heilskapen.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

TIDDELI BOM: Snø er leik og moro. Her i skipinga av ei snøsøster.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

JULEKVELD I STUA: Hedvig får julestemninga tilbake hos Julian når ho inviterer han til gamaldags jul i Villa Kvisten. På bildet: Vetle Bergan og Gina Bernhoft Gørvell.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

HOVUDROLLE: Framfuse og ville Hedvig er godt spela av Gina Bernhoft Gørvell.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

STERK SCENE: Samspelet mellom Julian (Vetle Bergen) og Hedvig (Gina Bernhoft Gørvell) er berande i framsyninga. Difor vert det sterkt når han må la ho fara mot slutten.

Framsyninga inneheld nokre skumle scener og passar best for barn i skulealder. Ikkje berre er det vonde i venskapen mellom Julian og John noko ein verkeleg kjennar, stykket handlar jo om å miste eit søsken, om sorg, psykisk sjukdom og korleis ein handterer at nokon nær ein er død.

Og det utan at ein skal dyrka sorga, utan at ein skal verta for redd og utan at det skal bli for vanskeleg.

«Snøsøstera» er eit teaterstykke som passar til jul, men faktisk vel så mykje til halloween eller allehelgen, tida der ein minnest dei døde.

Fra Snøsøstera på Det norske Teatret

DELER AV ENSEMBLET: Frå venstre Vetle Bergan, Ellen Birgitte Winther, Stine Elverhøi Johnsen og Kyrre Hellum.

Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret

Ein ny klassikar

Når Julian let Hedvig fara, er det både magisk, mystisk, uforståeleg og skummelt. Kanskje treng borna ein prat om det etterpå.

Men det er jo poenget med Maja Lunde si bok, å setja ord på det vanskelege i å mista og det verdfulle i å minnast.

Eg trur Det Norske Teatret har ein juleklassikar på veg, potensielt større enn «Reisen til julestjernen». «Snøsøstera» er verkeleg vakkert og meiningsfylt teater.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.