Hopp til innhold
Anmeldelse

Gammal kjærleik rustar ikkje

Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa byr på høglydte smask når dei står på scena som Romeo og Julie. Det sjarmerande prosjektet lukkast likevel berre delvis.

Romeo og Julie på Det Norske Teatret 6
Foto: Magnus Skrede
Teater

«Romeo og Julie»

Det Norske Teatret, Oslo

13. januar 2023 - 31. mars 2023

«Vel møtt, tolmodig sinn, som lytte vil», seier Julie i prologen til det verdskjende stykket om ho og kjærasten Romeo.

Eit stykke som no vert iscenesett ved Det Norske Teatret for sjette gong. Og det med eit aldri så lite historisk sus: Då teateret for snart 40 år sidan flytta inn i bygget dei sidan har vore i, var første framsyning «Romeo og Julie».

Liv Bernhoft Osa og Svein Tindberg spela tittelrollene.

Det same gjer dei no – ein halv menneskealder seinare.

iv Bernhoft Osa og Svein Tindberg som Romeo og Julie i 1985.

RUSTAR IKKJE: Romeo og Julie i 1985, spela av Liv Bernhoft Osa og Svein Tindberg. Vår kritikar skulle ønskt at dei nytta dei same kostyma no som då.

Foto: Morten Krogvold

For her er alt bytt om. Tenåringane Romeo og Julie vert spelte av skodespelarar i mogen alder, medan dei vaksne hos Shakespeare her er unge.

Med dette vil regissør og teatersjef Erik Ulfsby løfta fram Shakespeare sin tekst og gi han den roa og tyngda erfarne skodespelarar legg i han.

Og han vil seia noko om kva kjærleik er, at han kan ramma hardt og med vill attrå sjølv om ein har passert midtlivskrisa.

Prosjektet har mot og ein søt dose sjarm, men lukkast berre delvis.

Høglydte smask

For den tolmodige sjela som vil lytta, er framsyninga ei gåve. Her kjem teksten godt fram, og historiene som vert fortalde undervegs, får god plass. Til dømes når Romeo sin næraste ven Mercutio (Lasse Kolsrud) fortel om alvedronninga Mab.

Med eitt sit heile salen og lyttar til forteljinga om ho. Det same skjer når fader Lorenzo (Kenneth Homstad) fortel om urtene sine.

Den roa er fin og gir tid til å ta inn samanhengen kjærleiken får spela seg ut i.

Fra «Romeo og Julie» på Det Norske Teatret

FORELSKA: Svein Tindberg som Romeo og Liv Bernhoft Osa som Julie finn kjærleiken med attrå og mot. Samspelet er godt. Men kvifor vel dei døden?

Foto: Magnus Skrede

At ein kan forelska seg vilt kor enn ein er i livet, er det ikkje noko merkeleg ved.

Verken Tindberg eller Osa sprett av garde som lam på beite, men dragninga mellom dei to er sterk. Og mogen, sjølv om dei kyssar med barnlege, høglydte smask.

Tildraginga i Romeo og Julie sitt første møte (som alle som har sett Baz Luhrman si filmatisering vil hugsa) er ikkje like skilsetjande her.

Det eg saknar mest, er den råskapen, det absoluttet som ligg som premiss hos Shakespeare – kjensla av at det ikkje finst noko alternativ, at det ber eller brest.

Kontrastar

Kontrasten som ligg mellom replikkane og kroppane som seier dei, er til tider så stor at ein kan undra seg.

Det er som om kroppane fortel at dei har vore ute vinternetter før, at dei har visdom nok til å vita at det alltid finst utvegar. Medan teksten seier at det ikkje er noko før eller etter, orda er sprengde av lukke og desperasjon.

Denne kontrasten får eg ikkje alltid til å gå opp i framsyninga.

At døden blir det naturlege valet til Romeo og Julie, heng ikkje heilt i hop for meg.

Når Romeo og Julie er på scena, definerer dei si eiga verd og sett energien. Men i foreldra deira, til dømes i Julie si mor (Gina Bernhoft Gørvell), kjem ein annan energi inn, og maktforholda mellom barn og vaksen vert underlege.

Gørvell spelar mora med ung, rastlaus energi, Osa spelar dottera hennar med ei ro ein fin hos få fjortenåringar i dag. (Så er det også slik at Gørvell er Osa si dotter i det verkelege livet, så her er mykje som vert snudd opp/ned.)

Kasper, Jesper, Jonatan

Lasse Kolsrud gjer ein glimrande Mercutio i denne framsyninga. Likeins Kirsti Stubø som amma og Kenneth Homstad som Fader Lorenzo.

Dramatikar og omsetjar Edvard Hoem debuterer her som skodespelar i rollene som fyrsten av Verona og ein slags diktar. Ikkje verst til å ha passert 70, men til tider stivt. Her er patos å henta! Det vil diktar-replikkane tena på.

Debutant Edvard Hoem i stykket «Romeo og Julie» på Det Norske Teatret

DIKTAR OG DEBUTANT: Edvard Hoem på scena i si fyrste rolle.

Foto: Magnus Skrede

Scenografien liknar innsida av ei kyrkje, og er smart løyst med tanke på skodespelarar som ikkje nett driv på med balkongklatring på fritida.

Kostyma har hint til mellomalder, og maskeballet er morosamt løyst med hestehovud. Romeo og dei to kumpanane hans, Mercutio og Benvolio (Per Schaanning) minner til tider om dei tre røvarane frå Kardemomme by der dei snik seg lystig rundt.

Romeo og Julie på Det Norske Teatret 7

GJER VERONA UTRYGG: Mercutio, Romeo og Benvolio er i sin beste alder, får ein tru, og ter seg deretter. Frå venstre Lasse Kolsrud som Mercutio, Svein Tindberg som Romeo og Per Schaanning som Benvolio.

Foto: Magnus Skrede

Auget som ser

Regissør Erik Ulfsby gjer eit interessant forsøk, og lukkast med å la teksten få skina.

Samstundes er kontrastane så store at «Romeo og Julie» slit med å finna ein rytme i heilskapen.

Frå diktaren sine langsame stokkeskritt til amma sine muntre utbrot og fru Capulet sine rasande ordfløymer («Trassigførkje!»). Uttrykket er poetisk, men noko famlande og ikkje heilt samla.

Råskapen og det absolutte høyrer ungdommen til, likevel bringar Tindberg og Osa inn interessant visdom og ro i eit stykke som er så fylt til randa av lengt.

Eg trur at dess lenger ein har levd, dess meir interessant vil denne versjonen av «Romeo og Julie» vera. Jo meir livserfarent auge som ser, jo meir finn ein.

For slik er det i Verona denne gongen: Det er dei gamle som er eldst.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Høyr meir om romantikken på scenen, på tv og i bøker i «Arena»: