Hopp til innhold
Anmeldelse

Startpunktet for eit stort forfattarskap

Det går nok an å nærme seg Afrika utan å lese forfattaren Ngugi wa Thiong’o, men vegen via bøkene hans er litt av ei reise. Den reisa kan gjerne starte med debutromanen hans, «Ikke gråt, barnet mitt», som no er ute på norsk.

"Ikke gråt, barnet mitt" av Ngugi wa Thiong'o blir gitt ut på norsk mars 2021.
Foto: Solum Bokvennen
Bok

«Ikke gråt, barnet mitt»

Ngugi wa Thiong'o

Oversatt av Reidulf Molvær

Skjønnlitteratur

29. mars 2021

Solum Bokvennen

Med romanen «Weep not, child» skreiv den 26 år gamle kenyanaren James Nguigi seg i 1964 inn i afrikansk litteraturhistorie og der har han blitt verande, jamvel om han sjølv har bytta namn under marsjen.

Ngugi har heile tida vore ei viktig stemme, i debattar og sakprosa så vel som i romanar og skodespel. Han har i mange år vore blant favorittane til å få Nobelprisen i litteratur.

Dei seinare åra har han skrive memoarar, og det viser seg at mykje som står i bøkene hans er bygd på eigne opplevingar. Livet hans har vore omskifteleg og dramatisk som ein roman, for ikkje å seie som afrikansk historie dei siste 80 åra.

Det var på høg tid å få sjølve startpunktet for dette forfattarskapet på norsk, og no er debutromanen her under tittelen «Ikke gråt, barnet mitt».

Den kenyanske forfatteren Ngugi wa Thiong'o. Fotografert 22. mars 2013.

NOBELFAVORITT: Ngugi wa Thiong'o vert ofte løfta fram som ein aktuell kandidat for Nobels litteraturpris. No er debutromanen hans frå 1964 endeleg ute på norsk.

Foto: Leo Sellén / TT NYHETSBYRÅN/NTB

Ngugis univers

Det er som kjent enkelt å spå om fortida, og når eg les «Ikke gråt, barnet mitt» er det to ting som slår meg: Det eine er at ein allereie i debutboka møter ein forfattar som ein kan vente seg mykje av. Det andre er at her ligg vesentlege deler av forfattarskapet i kim.

Vi er på 1950-talet. Kolonimakta England styrer, og det er strid om jord og politisk makt. Mau Mau-opprørarane skaper frykt hjå kvite, men også hjå svarte. Misjonen sørgjer for utdanning, men dei endrar også synet skulebarna har på eigen kultur.

Midt på torget i landsbyen står barberen og legg ut om eventyra han opplevde då han var ute i verda og kjempa mot Hitler. Og ved leirbålet, om kvelden, sit hovudpersonen Njoroge saman med søskenflokken og høyrer historier, fortalt av far eller ei av dei to konene hans.

Det er kvardagsliv og brutale konfliktar om kvarandre.

Romanen "Weep not, child" av James Ngugi (no: Ngugi Wa Thiong'o), utgitt 1964.

ORIGINALEN: Slik ser ei godt brukt førsteutgåve av «Weep not, child» ut. Det er trass alt snart 60 år sidan den kom ut.

Foto: NRK

Kven er ven og kven er fiende?

Romanen «Ikke gråt, barnet mitt» opnar med at Njoroge, den yngste i søskenflokken, skal få begynne på skulen. Ein eldre bror, som går i snikkarlære, understrekar ansvaret ved å seie at han utdannar seg for dei alle. Men Njoroge stilar høgare; han vil utdanne seg for å frigjere Kenya frå kolonimakta England.

Utan å verke overlessa, får den vesle romanen plass til ei rekkje ulike personar som kvar på sitt vis illustrerer kompleksiteten i samfunnet hovudpersonen Njoroge lever i:

Faren arbeider på jorda til forfedrane, men det er engelskmannen Mr. Howlands som no eig denne jorda. To eldre brør vart utkalla til å kjempe for Churchill mot Hitler, berre ein kom tilbake. Overlevaren «dro til skogen», det vil seie at han slutta seg til Mau Mau-opprørarane.

Njoroge forelskar seg etter kvart i Mwihaki, dottera til ein rik og mektig mann som samarbeider med dei kvite og tystar på mistenkelege svarte, slike som storebroren og faren til Njoroge. Den allvitande forteljaren går inn i tankeverda til mange av personane og forstår meir enn han fordømmer.

Konfliktane går på kryss og tvers og skjerpar seg så å seie frå side til side. Som i mange av dei seinare romanane til Ngugi, byggjer han allereie her opp spenning rundt fleire spørsmål:

Vil Mau Mau gå til åtak? Vil Njoroge og Mwihaki få kvarandre, eller har vi her ein klassisk Romeo og Julie-historie der konfliktar mellom familiane øydelegg for dei unge elskande? Kor mykje øydelegg far til Mwihaki med alle mistankane han sår? Og korleis skal det gå med den fritt-talande barberen på torget?

Det ville vore direkte dårleg gjort å svare på desse spørsmåla. Men andre del av romanen heiter «Mørket faller på» og det er heilt sant.

Mistenkte Mau Mau-opprørere passes på av fangevoktere fra Fifth Battalion King's African Rifles i Nyeri-distriktet i Kenya. Bildet er tatt 13. november 1952.

VÆPNA KONFLIKT: Mistenkte Mau Mau-opprørarar vert passa på av fangevaktarar frå Fifth Battalion King's African Rifles i Nyeri-distriktet i Kenya. Bildet er tatt 13. november 1952. Konflikten mellom opprørarane og den britiske kolonimakta gjekk føre seg frå 1952 til 1960 og er sentral i Ngugis første roman.

Foto: Ap/NTB

Frå leirbålet til professoratet

James Ngugi, som skreiv denne boka midt i 20-åra, lever no som pensjonert litteraturprofessor i USA og lyder namnet Ngugi wa Thiong’o.

Det er heilt klart ei lang reise dit frå leirbålet i landsbyen, der han var son til ei av dei fire konene til faren og hadde meir enn tjue søsken. Etter at faren mista levebrødet, fall mor i unåde hjå far og måtte flytte tilbake til far sin i landsbyen ho kom frå.

Det var altså turbulens i barndommen til James, men han var flink på skulen, fekk stipend og studerte engelsk litteratur. Etter kvart blei han forfattar og professor tilknytt universitet både i Kenya, Storbritannia og USA.

Drama og dramatikk

Unge James debuterte på engelsk utan å tenkje over det. Rundt leirbålet var det kikuyu som galdt, men alle bøker var på engelsk. Etter kvart oppstod ein diskusjon blant afrikanske forfattarar om språk: var det ein god ide å skrive om sitt eige land og eigne erfaringar på kolonimakta sitt språk? Mange ville mane folk til handling med bøkene sine, det var temmeleg meiningslaust dersom folka dei ville kommunisere med ikkje kunne engelsk.

For vår mann vart spørsmålet sett på spissen då han skulle skrive eit teaterstykke for ei lokal teatergruppe. Det måtte naturlegvis vere på kikuyu, eit språk som vert snakka av 7–8 millionar menneske i Kenya. Suksessen var formidabel – og sende James i fengsel og deretter i eksil. Stykket, som bar tittelen «Ngaahika Ndeenda», på norsk: «Eg gifter meg når eg vil» provoserte styresmaktene med språk og innhald, og visepresident Daniel arap Moi fekk han fengsla. Under fengselsopphaldet skreiv Ngugi romanen «Djevelen på korset» – på dopapir. Og i eksilet heldt han fram med å gje ut bøker.

Etter kvart gjekk han også over til å skrive romanane sine på kikuyu. Eit temmeleg radikalt val for ein forfattar med lesarar over heile verda, og med sete i England eller USA.

Og ja, bøkene vart signert Ngugi wa Thiong’o.

Den kenyanske forfatteren Ngugi Wa Thiong'o på en boksignering i Nairobi, 13. juni 2015.

FEIRA FORFATTAR: I 2015 kunne Ngugi wa Thiong'o feire 50 år som forfattar. Her er han på ei boksignering i Nairobi i samband med 50-års jubileet for «Weep not, child», debutromanen han ga ut på engelsk. Seinare gjekk han over til å skrive på det kenyanske språket kikuyu.

Foto: TONY KARUMBA / Afp/NTB

Fundamentalistar på alle kantar

Mens «Ikke gråt, barnet mitt» handlar om ein periode av frigjeringskampen på 1950-talet, legg han historia litt lenger bakover i tid i roman nummer to: «Elven som skiller». Originaltittelen er «The river between» (1965), som har ein tanke meir optimistisk klang.

Her står konflikten mellom dei eldste i landsbyen som vil «holde stammen ren» og dei strengaste kristne som ser på tradisjonane i landsbyen som djevelens verk.

Midt mellom dei steile fløyene står den unge læraren Wayaki og prøver å finne kompromiss. Og sanneleg forelskar han seg ikkje i dottera til leiaren for dei mest ytterleggåande kristne. Her har vi nok ein gong Romeo og Julie på kenyansk jord.

Forfattaren, som enno ikkje har bikka 30, er heilt klart romantisk anlagt og kjærleikshistoriene forsvarer plassen sin der dei intensiverer konflikten Wayaki står i. Likevel er det nok spenningane i samfunnet som gjer sterkast inntrykk.

Far til Wayaki ønskjer sonen skal skaffe seg kunnskap på misjonsskulen utan å bli påverka av vestlege tenkemåtar. Det er uråd. På den store omskjeringsfesten merkar Wayaki at han står utanfor og ser det heile med blikket til læraren. Det blikket er kritisk, for ikkje å seie nedlatande.

Å velje eit såpass kontroversielt tema som omskjering for å illustrere denne konflikten, viser at Ngugi ikkje gjer det enkelt for seg sjølv. Ikkje her heller.

Omslaga til bøkene "Elven som skiller" og "Blodige kronblad" av Ngugi wa Thiong'o. Utgitt av Solum Bokvennen.

SKREIV SEG INN I SAMTIDA: Etter debutromanen held Ngugi fram med å skrive om kontroversielle og vanskelege tema knytt til situasjonen i Kenya. «Elven som skiller» (1965) tek føre seg kulturkonfliktar, medan «Blodige kronblad» (1977) går inn i problema som oppstår etter at landet har blitt uavhengig.

Svarte elitar tek over

«Elven som skiller» viser kulturkonfliktar. «Ikke gråt, barnet mitt» går inn i den bitre frigjeringskampen der Mau Mau-militsen, som offisielt bar namnet «Kenya Land Freedom Army» spelte ei sentral, men kontroversiell rolle.

Omsider greidde Kenya å lausrive seg frå kolonimakta England. I den tredje og siste romanen som skal nemnast her, er handlinga lagt til tida etter at landet vart uavhengig. «Blodige kronblad» heiter den, og kom i 1977 (på norsk i 2019).

Eit fritt Kenya, då har vel Ngugi fått det som han ville? Ja, men mest nei. Her tek han opp konflikten mellom dei nye, svarte politiske elitane og folket.

I landsbyen Ilmorog står det dårleg til, og ein delegasjon dreg inn til byen for å fortelje dei folkevalde at dei treng hjelp. Dei bankar på døra til det flotte huset til ein av dei nye politikarane. Der er det stor fest. Gjestene syng dei gamle songane og har kledd seg i tradisjonelle gevantar. Men når våre folk frå Ilmorog melder seg, blir dei brutalt jaga vekk. Ironien er skjerande.

I «Blodige kronblad» er den kvinnelege hovudpersonen bartender og prostituert. Vi er langt frå dei uskuldige kvinnene i dei første bøkene. Wanja er ein problematisk helt og ei samansett kvinne som spelar med dei korta ho har.

Karen, kokken, kenyanaren og nobelprisen

Når «Ikke gråt, barnet mitt» no er ute i norsk språkdrakt er ei viktig brikke på plass, og ein kan lese historia om tre fasar i Kenyas historie gjennom desse tre bøkene som kom tidleg i forfattarskapet til Ngugi, ein nestor i afrikansk litteratur. Det er all grunn til å applaudere forlaget Solum Bokvennen som har omsett desse tre og fleire til.

For dei som berre kjenner Karen Blixens versjon av Kenya gjennom romanen «Min afrikanske farm», er forskjellen formidabel. Ngugi gir synsvinkelen til kenyanarane, og han har forfatta ein temmeleg ironisk artikkel om Blixen, kalla «Her cook, her dog». Tittelen får tale for seg.

Det er ingen grunn til å rive Karen Blixen ned frå sokkelen av den grunn, men Ngugis romanar fortel ei anna historie som er viktig, nødvendig – og svært velskriven.

At Ngugi enno ikkje har fått Nobelprisen i litteratur, blir meir og meir gåtefullt ettersom åra går.

Eg skulle likt å vere fluge på veggen i Svenska Akademien og høyre kva dei snakkar om når dei gong på gong legg til side dette forfattarskapet som står som ein påle gjennom meir enn 50 år.

HØYR «Åpen Bok» sitt spesialprogram om Ngugi wa Thiong'o:

Litteratur: «Weep not, child» (1964) på norsk: «Ikke gråt, barnet mitt» Omsett av Reidulf Molvær. «The River between» (1965) på norsk: «Elven som skiller» Omsett til norsk av Reidulf Molvær. «Petals of Blood» (1977) på norsk «Blodige kronblad» Omsett til norsk av Reidulf Molvær. Tonje Vold: «Å lese verden» (2019).

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: