Hopp til innhold
Anmeldelse

Trolsk album med uklar tekst

Øyonn Groven Myhren har skapt ei drøymande stemnings­verd, men kva er det eigentleg som blir sunge?

Folkemusikar Øyonn Groven Myhren.
Foto: Knut Utler
Terningkast 4 Musikk

«Haugtussa – forteljing i songar (vol. 1)»

Øyonn Groven Myhren

Folkemusikk

2023

Øyonn Groven Myhren har ei særeigen og fengslande stemme. Ho er ei folkesongar med lang fartstid, eit rikt repertoar og med fleire førstepremiar frå Landskapp­leiken. Særleg er ho kjend for utforskinga av balladar.

I den tredelte utgivinga «Haugtussa – forteljing i songar» har ho saman med musikarane Rasmus Kjorstad og Tomas Nilsson toneset Arne Garborgs dikt om Haugtussa frå 1895.

Volum éin, som speglar årstida vinter, er eit energisk album som samstundes er stillferdig og nedpå.

I opningslåten «Til deg, du hei» kling ein vibrafon heile sporet gjennom. Den ringande, metalliske lyden av vibrafon gir ein noko sakral og svevande kjensle som passar veldig godt til den oversanselege verda Haugtussa bur i.                     

STORT PROSJEKT: Utgivinga er ei samling på heile 34 nummer. Skiftinga mellom årstidene spelar ei viktig rolle i forteljinga, og albumprosjektet er delt inn i tre årstidsbolkar. Volum to og tre blir lansert seinare.

Ein repeterande frase blir spelt i forskjellige toneleie, noko som er med på å frigjera musikken frå eit tonalt sentrum og opna han opp.

Over vibrafonen plystrar ei seljefløyte med så mykje luft i tonen at det høyrest ut som lyden kjem frå ein stor avstand. Ei djupare fele kjem etter kvart inn og blir ei tydeleg motvekt til den lyse seljefløyta.

På det første minuttet har musikarane etablert eit musikalsk, magisk mikrokosmos.

Lyttaren inviterast inn i ei stemningsverd som er full av mystikk, og det er i grunnen denne mystikken vi held oss til gjennom dei elleve spora på albumet.                     

Rasmus Kjorstad. Bildet, som er i svart-hvitt, viser en mann som spiller munnharpe foran en mikrofon på scenen.

BIDRAR: Rasmus Kjorstad speler fleire av instrumentane som høyrast på skiva: langeleik, hardingfele, fele, oktavfele og munnharpe, som han speler på dette biletet...

Foto: Knut Utler
Tomas Nilsson. Bildet viser en musiker som står oppreist foran et trommesett, ser inn i kamera og holder et par trommestikker.

medan Tomas Nilsson speler hakkebrett, klokkespel, vibrafon og «blåhauginstrument».

Foto: Knut Utler

Synsk budeie

I diktverket får vi høyre om Veslemøy, ei ung jente som veks opp på Jæren, og som har synske evner som gjer at ho kan sjå dei indre kreftene til menneske.

Ho får framtids­visjonar i form av draumar og hallusinasjonar, og har innsyn i ei verd busett av overnaturlege skapnadar.

Arne Garborg skriv at ho kan sjå både nissar og nøkk, draug og troll, og «gasten med håri lange».

Evnene ho har til å sjå klart, gjer at andre folk blir skeptiske og fryktar ho.

Sidan ho er budeie i ei lyngmark mellom tre haugar, får ho kallenamnet Haugtussa. Forteljinga skildrar korleis det er å vera ein outsider og korleis det kan opplevast å vera i strid med sine eigne indre kjensler.

Blåhauginstrument

Tonesettinga inneheld ingen opprørande dramatikk, men fer i staden gjennom forteljinga med opne klangar, undring og mystikk.

Eg kjenner at eg er nøydd til å gira ned i tempo for å vera til stades i musikken, og eg tenker det er ein positivt eigenskap ved musikken at han får meg til å stoppa opp og pusta rolegare.

Langeleik, lyre, munnharpe, klokkespel, forskjellige feler, og det musikarane kallar for «blåhaug­instrument», kimar i albumet og fraktar lyttaren med inn eit annleis og trolsk klangunivers.

Blåhaugen er i Arne Garborgs dikt bustaden for dei underjordiske skapnadane.                     

2003: Odd Nordstoga og Øyunn Groven Myhren vinner Spellemannpris i klassen Folkemusikk 2002.

PRISBELØNT: Øyunn Groven Myhren vann Spellemannpris i klassen Folkemusikk under utdelinga i 2003 saman med Odd Nordstoga.

Foto: Morten Rakke / SCANPIX

Ufatteleg tekst

Myhren kved rikt utsmykka melodiar, flust av krusedullar og prydtoner, noko som gjer at ho held på merksemda mi som lyttar.

Ulempa med dei intrikate melodi­linjene er at dei har ein tendens til å sabotera for teksten. Det blir rett og slett vanskeleg å høyra kva som blir kveda.

Ord glir over i kvarandre, og aksentueringa kan stundvis høyrest merkeleg og framandspråkleg ut.

Sidan albumet er ei tonesetting av dikta til Garborg, har teksten ein sentral plass. Då opplevast det som noko frustrerande at eg ikkje klarer å få med meg tekst­innhaldet utan å ha diktverket slått opp framfor meg.

Om eg ikkje bruker alle kreftene på å høyra etter teksten, men heller lyttar meditativt, klarar eg likevel fint å bli ført inn i det drøymande og gåtefulle klanguniverset som Haugtussa bur i.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post! 

Oppdatering 06.07.23 kl 11:45: Artikkelen er oppdatert med presiseringar om at den meldte utgivinga er volum éin i ein trilogi. Informasjon om det er lagt inn i avsnitt to og tre i brødtekst, i faktaboksen nedst, i biletteksten under Youtube-lenkja og under biletet øvst.