Hopp til innhold
Anmeldelse

Eit kraftfullt svar på spørsmål du kanskje ikkje har kome på å stille

Bak den bråkjekke tittelen på boka «Derfor må du vite at jeg er same», skjuler det seg eit menneske med stor kunnskap om og bankande hjarte for det samiske.

Ella Marie Hætta Isaksen og omslag til boka "Derfor må du vite at jeg er same" av Ella Marie Hætta Isaksen og Randi Helene Svendsen

NY GENERASJON: Ella Marie Hætta Isaksen skildrar gleder og snublesteinar i livet som same med eit friskt blikk.

Foto: NRK/Cappelen Damm
Bok

«Derfor må du vite at jeg er same»

Ella Marie Hætta Isaksen og Randi Helene Svendsen

Sakprosa

13. oktober 2021

Cappelen Damm

Då den 20 år gamle Ella Marie Hætta Isaksen joika seg til siger i «Stjernekamp» i 2018, var det fleire enn dommarpanelet som blei rørt. Både alvoret, kroppsspråket og tittelen «Máze» fekk oss som ikkje forstår eit ord samisk til å innsjå at det er mykje vi ikkje skjønar.

No, tre år etter, kjem boka «Derfor må du vite at jeg er same», ei bok eg har hatt stort utbytte av å diskutere med den siste tida: Sidene er fulle av understrekingar og i margen står ropeteikn, spørjeteikn og eitt og anna «hm».

Denne boka vil nemleg mykje: Ho vil gje oss alle innblikk i den rike samiske kulturen, ho vil forklare korleis fornorsking og andre overgrep har festa seg både i kollektiv og individ, og ho vil inspirere andre unge samar til å utforske det samiske universet.

Kjensler og kjelder

Ei formidabel oppgåve, som Hætta Isaksen følte blei lagt på henne etter den overveldande responsen ho fekk då ho joika samebygda Masi i «Stjernekamp».

Klokleg nok har ho søkt til kjelder, som er lista opp bakarst i boka. Meir uklår er rolla til Randi Helene Svendsen som står oppført som forfattar saman med Ella Marie Hætta Isaksen.

Ettersom historia tydeleg er fortalt av sistnemnde, kunne det vore greitt å vite kva for rolle Svendsen har. Det går likevel an å leve med, eg les uansett dette som Hætta Isaksens credo, manifest og personlege historie.

Fornorskingspolitikken er hovudfienden

Ingen historier om undertrykte utan fiendebilde. I denne boka er fornorskingspolitikken hovudskurken. Den reiv barn ut av familiane og inn på internatskular, der dei skulle bli norske og indirekte forstå at kulturen dei kom frå var mindreverdig.

Samane kom også dårleg ut i den tvilsame raseforskinga som for 100 år sidan rangerte ulike rasar etter skallemål og anna rart. Og mykje energi har gått med i kampen for retten til land og vatn.

For mange lesarar vil dette vere kjent stoff, som likevel dannar eit nødvendig bakteppe for dei to sterkaste sidene ved boka, sider som pregar kvarandre gjensidig.

Då tenkjer eg først på formidlinga av gleda ved det samiske, ved kofta og joiken og språket og levemåten og tradisjonar og historier og segner. Boka målar fram bildet av eit rikt liv i ein familie på fire ved Tana bru, omgitt av ein frodig storfamilie som igjen har sin plass i Sapmi.

Møtet med verda utanfor dette barndomsuniverset der det samiske var ei sjølvsagt sak, er brutal og den er godt skildra: Storsamfunnet er rause med reaksjonar av typen sjikane, vitsing og sleivreplikkar. Politiske vedtak som trugar samiske interesser føyer seg inn i bildet.

Hætta Isaksen skildrar på overtydande vis korleis summen av dette set seg i kropp og sinn både hjå henne sjølv og andre.

Unge Ella tek opp kampen og blir sameaktivist, feminist og aktiv i Natur og Ungdom. boka gjev fargerike skildringar av iskalde erfaringar i kamp mot kopargruvedrift i Repparfjord.

Prisen for å vere offer

Eg nemnde innleiingsvis at eg har hatt nokre debattar med boka. Eg skal nemne ein av dei, som gjeld spørsmålet om kor langt ein skal gå i å la fornorskingspolitikken forklare uheldige trekk ved den samiske kulturen.

Det går ei hårfin linje mellom det å adressere undertrykkaren og det å ta frå den undertrykte alt ansvar for eigen situasjon. Her går Hætta Isaksen langt, men tek seg inn på slutten når ho skriv at samar sjølv må ta ansvar for å rydde opp i slikt som overgrep, teiekultur og tendensar til å påføre andre samar skam.

Ein eineståande formidlar

Ella Marie Isaksen Hætta kallar seg for hundre prosent samisk og hundre prosent norsk, med trygg forankring i eit tradisjonsrikt miljø i Aust-Finnmark. Ho er på mange måtar ein typisk representant for unge samar som set pris på bakgrunnen sin og vil kjempe for at den skal ha ein plass.

Typisk er også at ho høyrer til dei nye nomadane; dei som bur i Oslo-området og dreg på besøk til heimtraktene no og då. Denne utviklinga reiser eit stort spørsmål: Korleis blir framtida for samane og for den samiske kulturen?

Eit enormt og samansett spørsmål, som strengt tatt ikkje er innanfor det denne boka skulle handle om.

Eg kalla nett Hætta Isaksen for ein «typisk» representant for unge, stolte samar. Men som formidlar av eit samtidsblikk på det samiske er ho ein unik formidlar.

Boka har temperatur og engasjement, fakta og tolkingar. Denne boka har eg aldri lese før.

Takk for boka, Ella Marie!

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: