Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei lystig reise gjennom alvoret

Eventyret om makrellen gnistrar godt når fantasien og digresjonane får råde.

Forfatter Tor Åge Bringsværd og omslaget til boka Den himmelske makrell
Foto: Lina Hindrum/Cappelen Damm
Bok

«Den himmelske makrell»

Tor Åge Bringsværd

Roman

2. februar 2023

Cappelen Damm

I meir enn 50 år har Bringsværd levert fantasi, science fiction, og fablar til liten og stor i eit veldig tempo. På eiga hand eller saman med makkeren Jon Bing har han utvikla ein særeigen stil som er lett å kjenne att og lett å falle for.­

Dette gjeld kanskje særleg for dei av oss som snubla ned i den bringsværdske fabelgryta i ung alder. Vi veit at bøkene hans utvidar universet, fargelegg horisonten og er særs heldige for humøret.

«Den himmelske makrell» føyer seg inn i forfattarskapet som fisk i stim.

Boka har også, det må seiast, eit lite hint av det som til tider dreg ned kvaliteten på dette universet, nemleg ein bastant og humør­laus polemikk mot fiendar som er grådige på makt og pengar.

Lesaren forstår bodskapen også utan slike overtydelege utfall. Heldigvis er det snakk om ein liten dose, som det er lett å bere over med.

Jon Bing og Tor Åge Bringsværd

NYSKAPANDE FANTASI: Bringsværd (til høgre) har lenge kjempa for anerkjenninga av fantasisjangeren. Saman med Jon Bing forfatta han Noregs første science fiction-bøker. Her i 1970 under premieren av teaterstykket «Å miste eit romskip».

Foto: NTB

Auga som ser

Men altså makrellen, som ein dag i nær framtid heng på himmelen og er synleg for om lag 800 menneske som bur innanfor eit kvartal, etter kvart kalla «Kvartalet».

Desse utvalde ser ikkje berre makrellen, men snakkar også med dyr og døde som ingen andre ser.

I beste science fiction-stil blir makrell­folket innesperra og forska på. Spørsmålet er om det er nokon fæle folk med skumle motiv som manipulerer desse folka, eller om makrell­folket ser tilværet på ein annan måte enn andre utan at det nødvendigvis er noko gale.

Bringsværd opnar gjerne for svært ulike perspektiv på same situasjon.

Fredriksen er snekker. Er det her dere trenger noen til å flytte på en dør? spør han.

Nemlig, sier katten. Akkurat her er det.

Egentlig trenger dere vel heller hjelp til å sette opp vegger? sier snekker Fredriksen og ser seg rundt. Gulv og tak mangler dere jo også?

Det kommer helt an på øynene som ser, sier katten trist.

Denne herlege konversasjonen finst i ei av fleire side­historier forfatta av ein viss Ricardo Martillo, som var esla til ei nøkkelrolle i siste del av historia, men som ikkje nådde fram på grunn av eit sterkt forseinka tog.

Kven kan ein stole på?

Personleg lurte eg lenge på om det var heilt fint å leve eit sutlaust og absurd liv under den vakre makrellen, eller om innbyggarane i Kvartalet tvert om burde bergast frå eit uverdig liv.

Svaret har konsekvensar for kven som er skurkar og kven som er heltar i romanen.

På vegen mot svaret tek historia mange rundkast, det same gjer folk. Så kven kan ein stole på?

Silas, ein ganske stabil helt, lurer også på kven han har på si side, og manøvrerer så godt han kan mellom sannsynlege fiendar, sannsynlege vener og sannsynlege svært gode vener.

Heilt uforvarande fører dette til at tre kvinner meiner han er kjærasten deira.

To av dei med ein viss rett, den tredje trur at alle menn ho møter er den nyss døde mannen hennar.

Fantasien i helterolla

«Den himmelske makrell» er på ingen måte strukturert etter prinsipp som stringens og streng logikk. Her er det i staden digresjonar og pussige detaljar som dominerer.

Handlings­trådar forsvinn før dei er blitt vovne inn i den fargerike veven.

Det blir ei lystig reise gjennom alvoret.

Bakteppet her er sterk motstand mot overgrep mot menneske og natur, mens personane prøver å finne ut av kva som er kva og kven som er kven i forgrunnen. Denne oppdelinga i to nivå fungerer utmerka.

Der alvoret tek heile bildet, mister romanen spensten. Som når ei gruppe forblinda kaksar vassar rundt i eit oljebasseng. Slikt må ein håpe går fort over, og det gjer det.

Det som gjer historia leseverdig er ikkje et nytt syn på alvoret. «Den himmelske makrell» er ei hylling av krafta som ligg i fantasien, absurditetane og alle avsporingane.

Og det er verdt heile turen.

Om det går bra til slutt? Den som les, får sjå.

Det fremmede skipet sprenges. Mannskapet på "Marco Polo" er i ferd med å miste motet. Vil de rekke å avsløre hvem av dem biomaten har tatt bolig i, før de selv blir destruert? 
Norsk science fiction fra 1978 av Bing & Bringsværd.

SJÅ I NRK TV: Saman med Jon Bing skapte Tor Åge Bringsværd romthrilleren «Blindpassasjer», Noregs første science fiction-serie.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.