Lars Saabye Christensen kviler verken på laurbæra etter trilogien «Byens spor» eller på sotteseng etter år med alvorleg sjukdom: I fjor kom han både med ei diktsamling og ei sakprosabok, no er han ute med roman, og enno skriv vi berre februar.
Forfattaren har heilt klart mykje på hjartet. Ikkje minst i «En tilfeldig nordmann» der vi møter ein nordmann som slett ikkje er tilfeldig, men skreddarsydd for denne romanen.
Denne mannen kan brukast til å lage skandale på litteraturhuset, eller altså til å la piskesnerten ramme dårskapen. Kanskje det går ut på det same?
Mannen med hesteslipset
Hovudpersonen Gordon Moe (59) er ein oppsiktsvekkjande anonym byråkrat i Landbruksdepartementet. I starten har han ingen familie utover ei senil mor, ingen vener, ingen fiendar. I løpet av boka misser han mor si og skaffar seg både vener og fiendar.
Denne anonyme mannen er nemleg ikkje heilt anonym. Han har, lik resten av det brokete mannskoret av Saabye Christensen-hovudpersonar, eitt spesielt trekk som blir styrande for livet hans. Gordons trekk er at han kokar over.
Han ber på eit raseri så formidabelt, så fullt av skjellsord, bannskap og fysiske utfall at han skjuler det med stor flid, heilt til det brått og brutalt bryt seg fram og det midt i kantina i Landbruksdepartementet.
Og her, i denne nøkkelscenen, ligg ikkje berre Gordons fall og kimen til hans nye liv, her slepper Lars Saabye Christensen satiren laus: Den frådande tiraden av skjellsord treffer nemleg ei stigande stjerne i departementet som blir djupt krenka.
Krenking er eit effektivt våpen: Gordon misser jobben og blir forsøkt karakterdrept i rettssystemet. Hesteslipset han hadde i skuffa på kontoret i alle år – i fall han skulle bli forfremma – får han ettersendt i posten.
Med krenking og utfrysing som våpen
Sidan går det slag i slag: Romanen raljerer over kvite menn som ser ned på kvite menn fordi dei er kvite, legar som pressar diagnosar på dei som ikkje er heilt innanfor dagsnorma, folk som blir krenka på vegner av andre når nokon kler seg ut, og slike som meiner at «det nye mennesket er valgfritt» og at berre det medisinsk moglege set grenser.
Lista er lang og blir toppa med historier om kva som skjer med dei som protesterer, eller prøver seg med motargument der slike identitetsspørsmål er på dagsordenen. Då vankar det skammekrok, utfrysing og degradering. Samtalen i det offentlege rommet er under stort press.
Men pass opp, det er ikkje Gordon som meiner alt dette. Han er berre ein mann med eit stort og retningslaust raseri. Samtidskritikken er lagt i munnen på ein mystisk bakmann med solid økonomi og skjør psyke, det første etter rike og tidleg døde foreldre, det siste etter uheldige eksperiment med psykofarmaka i ungdommen.
Saman med ein flyklovn som også er advokat, og ein amerikansk krigsveteran som også er nattevakt på ein psykiatrisk institusjon, set bakmannen i gang eit veldig spel med Gordons raseri som ressurs.
Forvirra? I så fall blir forvirringa neppe mindre av å lese romanen. Intrigen er nemleg ellevilt usannsynleg og til tider temmeleg tåkelagt. Det er reine sirkusframsyninga, der illusjonisten og akrobaten opphevar naturlovene og der den snublande klovnen kjem ned på beina til slutt.
Moro og moral
Vi er fjernt frå den langsame forteljestilen der forfattaren målar fram ein bydel, ei stemning og ei forgangen tid som i «Byens spor». Nærmare tendensromanen har Lars Saabye Christensen aldri vore, her svingar han sirkussvepa over samtida igjen og igjen.
Og då må spørsmåla stillast: Treff han? Er sirkuset underhaldande og piskeslaga fortente? Svaret er ikkje opplagt, men eg har tvilt meg fram til eit «ja».
Romanen er underhaldande dersom ein slepper ideen om at historia skal henge på greip, og i tillegg har høg toleranse for blødmer av typen «Gordon Mo får øye på seg selv i speilet. Det er lenge siden sist. Gjensynet er ikke hjertelig» eller «En pasient uten diagnose er som en forfatter uten språk».
Og satiren er treffande dersom ein aksepterer den tilspissa versjonen av tidsånda som kjem til syne, som likevel ikkje er spissare enn at det går an å kjenne den att, kanskje til og med på eit litteraturhus.
Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.