NRK Meny
Normal

Brage (18) måtte forlate rettssalen

KRISTIANSUND (NRK.no) Brage Kristian Einum frå Surnadal måtte forlate rettssalen etter nokre timar. – Det vart for mange sterke inntrykk, seier 18-åringen.

Brage Kristian Einum

Brage Kristian Einum seier at han fekk inntrykk som han kunne ha vore spart for, då han møtte i retten i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Brage Kristian Einum var på Utøya 22. juli. I dag møtte han ved Nordmøre og Romsdal tingrett for å følgje saka. Det blei ei vanskeleg oppleving. Etter nokre timar fekk han nok av det han fekk høyre og sjå.

– Det var mange sterke inntrykk, og det kom mange kjensler på ein gong. Det kom ikkje som noko sjokk, så det var forventa, seier Brage Kristian Einum til NRK.

Under rettssaka fekk tilhøyrarane først sjå ein Anders Behring Breivik som gjorde ei høgreorientert helsing straks handjerna blei tekne av han. I lange periodar sat han roleg, med eit ansiktsuttrykk som er vanskeleg å tolke.

Det blei for drygt å vere i rettssalen. Det blei mange, sterke inntrykk.

– Sjokk og frustrasjon

På eitt punkt brast Breivik i gråt. Dette var under visninga av ein propagandafilm han hadde laga.

Anders Behring Breivik

Behring Breivik gret under framvisinga av hans eigen video, men såg ikkje ut til å reagere under presentasjonen av ofra.

Foto: HEIKO JUNGE / Afp

– Det blei ei slags blanding av sjokk og frustrasjon når ein ser korleis han reagerer og kva han reagerer på. Han tok til tårene ein gong. Det var vel ein slags kjensle av stoltheit. Det var i allefall ikkje snakk om kjensler overfor ofra.
seier Einum.

– Angra du på at du gjekk inn?

– Nei. Eg angrar ikkje. Eg har fått ein innblikk i korleis saka er og korleis alt blir teke seriøst. Dette blir gjort på ein skikkeleg måte. Men det kom inntrykk som eg kunne ha vore forutan, seier Einum.

– Fekk mindre lyst til å følgje saka

Brage Kristian Einum er ikkje sikker på korleis han skal følgje saka vidare. Opplevinga i dag blei så sterk at han ikkje er sikker på om det blir fleire turar i rettssalen.

– Etter det eg opplevde i dag har eg fått mindre lyst til å følgje rettssaka vidare. Det er mange sterke inntrykk som kjem tilbake.