Hopp til innhold

To år har gått sidan terrorangrepet - i dag skal dei omkomne minnast

Fleire stader i landet vert dagen markert, og også i Stryn skal dei i kveld ha markering. – Det er ein veldig tung dag, seier far til omkomne Hanne Kristine Fridtun.

Minnemonument for offera etter terroråtaka vart avduka i Stryn

TOÅRSMARKERING: Ved minnemonumentet i Stryn for dei omkomne etter terroren for to år sidan, skal dagen i dag markerast med talar og nedlegging av krans.

Foto: Øystein Torheim

Ein av dei som omkom i samband med terroren var Hanne Kristine Fridtun frå Stryn, og måndag kveld skal dagen markerast ved minnemonumentet i Stryn sentrum.

Kolbein Fridtun mista ei dotter, og er også leiar i støttegruppa i Sogn og Fjordane etter 22. juli.

– Det er ein veldig tung dag. Det er utruleg tungt å prøve å innfinne med at slikt har skjedd. Det er eit resultat av vondskap, alle 77 som gjekk bort, seier han.

– Fellesskapet er viktig

Markeringa startar klokka 18.00. Då skal det først leggjast ned krans ved minnemonumentet. Der kjem stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel og fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, for å seie nokre ord.

Deretter går turen vidare til «Smak», der det vert mat, litt musikk og sosialt samvære. Her kan dei som ønskjer få lov til å seie noko.

– Eg trur det vert ei god markering. Fellesskapet er det viktige oppe i slike tider som dette her. Alle minnemarkeringar har ein bodskap, og det har også denne. Det er ingen som ønskjer å ha frykta for terror hengande over seg heile tida, seier Fridtun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Far Kolbein Fridtun, mor Eva O. Fridtun og bro David Fridtun ved minnemonumentet.

MISTA FAMILIEMEDLEM: Her er familien til Hanne Kristine Fridtun samla ved minnemonumentet i Stryn, far Kolbein Fridtun, mor Eva O. Fridtun og bror David Fridtun. I dag samlast dei her igjen til toårsmarkering.

Foto: Øystein Torheim

Dagen i dag vert markert på mange ulike måtar. Det er fleire mindre markeringar rundtom i landet, og nokre har vald å reise til Utøya og andre til Oslo. Fridtun meinte det var naturleg for dei å markere dagen heime i Stryn.

Nokre vel å reise til Utøya, andre i Oslo og nokre markerer ikkje i det heile.

– Dette er toårsmarkeringa og då føler eg at det er rett å vere her. Det er både min og Hanne Kristine sin heimstad, seier han.

Har gått vidare i livet

Samstundes er det ikkje alle som føler behov for å markere dagen. Torbjørn Vereide frå Sandane var på Utøya under angrepet for to år sidan og kjende terroren på kroppen.

Han har stor forståing for at dagen i dag er spesiell for mange, men for han sit ikkje lenger hendinga så hardt.

– Eg antek at det er ein personleg ting om kor ein er i livet og kor ein er i forhold til kjensler, og då er det flott at det er opplegg for dei som vil vere med på det. Det er også flott at dei som vil halde det litt på avstand eller ta eit steg i ein anna retning får lov til å gjere det, seier Vereide.

Såg seg ut fluktvegar

Torbjørn Vereide

HAR GÅTT VIDARE: Torbjørn Vereide frå Sandane var ein av dei som var på Utøya under åtaket. Han har no begynt å få livet tilbake slik det var før terroren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fire av ti av dei som overlevde Utøya, slit framleis. Det viser ei undersøking utført ved NKVTS (Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress).

Vereide er ein av dei som endeleg har komme seg vidare. Han innrømmer likevel at livet ikkje alltid har vore like bra som det er no.

– Det har vore mange gonger der det har vore drit, og eg har kjend at det har vore tungt på grunn av den dagen. Men det siste halvåret har eg kjend at det har blitt betre og betre, og eg har tenkt mindre på det. Tidlegare kunne eg gå inn i ein bygning og automatisk få tankar om korleis eg kunne flykte dersom noko skulle skje, men heldigvis har eg også kutta ut dette no, så det kjennest veldig godt, fortel han.

– Opp til kvar enkelt

Malene Indrebø-Langlo

PERSONLEGE VAL: AUF-leiar i Sogn og Fjordane, Malene Indrebø Langlo frå Florø, meiner det er viktig at folk sjølv bestemmer om og korleis dei vil markere dagen.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Leiar for Sogn og Fjordane AUF, Malene Indrebø Langlo frå Florø, tok over leiarvervet etter at partikollega Hanne Kristine Fridtun mista livet i terroråtaket. AUF-leiaren markerer sjølv dagen i Oslo.

Ho fortel at AUF har vald å ikkje leggje føringar på korleis folk skal markere dagen, men at dei likevel heile tida er i dialog med støttegruppa og markeringa som er i Stryn i kveld.

– 22. juli er ein veldig personleg dag, og er det er opp til kvar enkelt korleis ein vil markere det. Først og fremst er det viktig å minnast dei som gjekk bort, og tankane våre går sjølvsagt til dei etterlatne, men samstundes er det viktig for oss som politisk parti å stå opp for politikken som vart angripe av terroren for to år sidan, seier ho.

To år etter meiner ho at AUF framleis står sterkt, og står på sitt.

– Eg synest AUF har vore flinke. Det er viktig at vi ikkje let oss truge til teiing etter å ha blitt angripne så brutalt.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.