Hopp til innhold

Gir blaffen i rettssaka, drar til sjøs

ÅLESUND (NRK.no) Mange meiner det allereie er for stort fokus på rettssaka mot Anders Behrings Breivik.

Elias Bakkebø

Elias Bakkebø er lei av rettssaka allereie første dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg er lei av heile rettssaka og slik skal det halde på i månadsvis, seier fiskar Elias Bakkebø til NRK.no.

Allereie etter dag ein av rettssaka mot Anders Behring Breivik er han lei.

– Kor lenge skal vi verte fora med dette, sier han oppgitt.

Historisk rettssak

Mandag starta Norges største rettssak i fredstid . Saken varer i 10 veker framover. Rundt 2000 vil følgje saka frå Oslo tingrett og dei 17 lokale rettssalane. Om lag 800 av desse er journalistar og fotografar.

For fiskar Elias Bakkebø er 16. april ein heilt normal dag. Som vanleg har han vore ute med sjarken sidan klokka 06.00.

No ligg han til kai i Ålesund og sel fersk torsk. Om bord i sjarken har han verken internett eller fjernsyn. Men radio har han. Den er skrudd av, for fiskaren orkar ikkje høyre om Anders Behring Breivik.

– Eg trur folk flest får nok av rettssaka. Og eg forstår ikkje vitsen med at skular og barnehagar skal engasjere seg, seier Bakkebø.

Altfor lang tid

Jan Ingebrigtsen

Jan Ingebrigtsen er kritisk til at styresmaktene brukar så mykje pengar på rettssaka.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Måsane hyler og skrik rundt båten til Bakkebø. På land står fleire kundar i kø og temaet dei diskuterer i dag er sjølvsagt rettssaka.

– Eg er lei av rettssaka før ho har byrja. Det er skandale at dei kan halde på så lenge og at det skal koste så mykje. Tenk korleis det ser ut på norske pleieheimar, seier Jan Ingebrigtsen.

Han meiner at styresmaktene burde ha brukt pengane annleis.

Slitsamt

Liv Hole

Liv Hole vil følgje med på rettssaka i media, men meiner det er slitsamt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Liv Hole er ute og går tur. Ho kjem til å følgje med, men synest det vert for mykje merksemd kring saka.

– Det er slitsamt å høyre på dette om att og om att. Ein blir deppa og redd av alt det negative, seier Hole.

Forstår folket

Kjetil Gjøen frå dommarane si mediegruppe, forstår at folk synest at dei får for mykje informasjon gjennom rettssaka

– Saka er så alvorleg at den krev ein grundig gjennomgang. Vi må sikre for ettertida at vi ikkje sit att med spørsmål som ikkje er svara på, seier Gjøen. Fordi dei fornærma skal få vite kva som skjedde og også kome til orde, vil saka ta tid, og dermed vert det også kostbart.

Underviser barna

Harald Teigene underviser elevar

Harald Teigene i Redningsselskapet brukar dagen til å undervise elevar i sjøvett.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På Dronning Sonjas plass i Ålesund har Redningsselskapet eit undervisningsopplegg for barneskuleelevar i dag. Her skal dei lære sjøvett, og medan nokre av barna er ute i småbåtar, står Harald Teigene på land og viser ei elevgruppe korleis dei skal knyte båtmannsknop.

–Sjå, dersom eg tar tauet under, vert det ein kjerringknute, demonstrer han.

Han synest rettssaka får altfor mykje plass.

– Den mediedekninga Anders Behring Breivik ikkje skulle få, har han fått, seier Teigene.

Orkar ikkje sjå

Lene Husevåg

Lene Husevåg orkar ikkje å høyre om Anders Behring Breivik.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Småbarnsmor Lene Husevåg er ute og trillar i det fine vêret. Ho klarer ikkje sjå på tv.

– Eg vil ikkje sjå eller høyre om han. Eg vil berre at han skal fengslast og site der til han rotnar, seier Husevåg.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.