Hopp til innhold

Norske låtar lever lenger

Norsk musikk må syngjast på norsk for å overleve til nye generasjonar, meiner rockehistorikar Per Kristian Olsen.

Knudsen og Ludvigsen

Knudsen og Ludvigsen musikk er interessant for stadig nye generasjonar.

Foto: Ellinor Hansen / NRK

Han trur at ein av dei store norske rockegruppene dei siste tiåra, Madrugada, med tida er dømde til å hamne i gløymeboka.

Per Kristian Olsen

Per Kristian Olsen trur dei norskspråklege tekstar lever lenger.

Foto: Sylvi Inez Liljegren / NRK

- For nye generasjonar, som berre har eit forhold til Madrugada gjennom plater, vert det vanskeleg å forhalde seg til dei engelske tekstane. Når ein tek dei ut av live-opplevinga, og dei mistar aktualiteten, vil dei verte gløymt, seier Per Kristian Olsen.

Undersøkingar frå Synovate for Gramart og Språkrådet viser då også at heile 77 prosent av folk i Noreg synest at det har vorte tøffare å syngje på norsk. To artistar som har forstått dette er platedebutantane i bandet Kråkesølv og NRK Urørt-sensasjonen Bjørn Hellfuck.

Nye norskspråklege artistar

Kråkesølv

Bandet Kråkesølv gjer suksess med norske tekstar.

Foto: Sanna Blix

Bandet Kråkesølv har vorte ein stor favoritt hjå norske platemeldarar denne veka med plata "Trådnøsting". For vokalist Kristoffer Unstad og resten av bodøværingene i Kråkesølv var det eigentleg aldri nokon tvil om at det måtte bli norsk.

- Fordi det kjennest mest naturleg, vi omgås folk som snakkar norsk, drøymer og tenkjer på norsk. For oss har det aldri vore noko mål å slå gjennom i utlandet, i den grad vi vil slå gjennom er det i Noreg, seier Kristoffer Unstad.

Artisten Bjørn Hellfuck skriv tekstar på bergensk, og har teke NRK-nettsida for nye artistar, Urørt, med storm det siste året. På eitt tidspunkt var heile ti av de elleve mest populære låtane på Urørt Bjørn Hellfuck-låtar. Frontfiguren sjølv forstår rockehistorikar Olsens språkpåstandar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bjørn Hellfuck

Bjørn Hellfuck syng på bergensk.

Foto: Promobilde

- Det er veldig vanskeleg å slå gjennom med engelskspråkleg musikk i Noreg. Eg har ikkje fått med meg nokon udødelege band frå Noreg som syng på engelsk, seier Bjørn Hellfuck.

Hinder for internasjonal satsing?

Eit opplagt argument mot å synge på norsk er det likevel umogleg å unngå. Dersom ein vil slå gjennom på det internasjonale marknaden, er det ein fordel å syngje på norsk. Det har Per Kristian Olsen ei enkel løysing på.

- Seigmenn hadde ei oppskrift på korleis det kan gjerast. Ein kan gje ut den same plata i to versjonar, ein med norsk tekst og ein med engelsk. Kvifor ikkje prøve seg i to ulike versjonar, føreslår Olsen.

Bjørn Hellfuck har faktisk vært inne på Olsens tankegang allereie, men har valt å sjå mot ein litt annan marknad.

- Eg har sett ein tyskar på saka, vi har omsett ein del av tekstane til tysk, så det skal eg i gang med no, fortel Bjørn Hellfuck.

A-ha spesialtilfelle

Men det finst sjølvsagt unntak som stadfestar regelen om at norskspråklege musikk er den som overlever til nye generasjonar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

2009: A-ha med f.v. Paul Waaktaar Savoy, Morten Harket og Magne Furuholmen.

A-ha er unntaket som stadfestar regelen, meiner Olsen.

Foto: Berit Roald / Scanpix

- A-ha er i ein divisjon for seg sjølv, dei er ikkje samanliknbare med andre norske band. Dei er like mykje eit internasjonalt fenomen som eit norsk, seier Per Kristian Olsen.

Høyr musikkprofessor Odd Skårberg frå Høgskulen i Hedmark sitt syn på Olsen sine teoriar: Odd Skårberg om norskspråkleg musikk

  • Trur du Madrugada kjem til å vere gløymt om 20 år?

Kulturstrøm

  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift
  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP