Hopp til innhold

Ny Jacko-låt frå Stargate

- Vi skalv på hendene, seier stjerneprodusentane om det eksklusive remix-oppdraget.

Stargate, Tor Erik Hermansen (til høyre) og Mikkel Eriksen.
Foto: Handout

Verda blei snudd på hovudet då Michael Jackson døydde 25. juni , 50 år gamal. Men musikken til kongen av pop er på ingen måte død.

I haust gir det legendariske plateselskapet Motown Universal ut plata «Michael Jackson - the remix suite». Eit eksklusivt utval av verdas beste produsentar har fått i oppgåve å blåse liv i den gullbelagde arven etter popkongen.

Mellom dei, har Motown Universal funne plass til dei norske stjerneprodusentane i Stargate.

  • Høyr intervjuet med Stargate her .

Fekk draumen oppfylt

Michael Jackson

Michael Jackson under dei siste konsertførebuingane.

Foto: Kevin Mazur / AP

- Først og fremst er eg lei meg for at Michael Jackson har gått bort. Og for vår eigen del er det trist at vi ikkje kunne lage noko saman. Men når det er sagt, så har vi faktisk laga noko saman no, seier den eine halvparten av produsentduoen, Tor Erik Hermansen.

I fjor var Stargate i samtalar med Michael Jackson. Poplegenda var interessert i å bruke nordmennene som bidragsytarar på si nye plate, men den muligheita fekk Hermansen og Mikkel S. Eriksen aldri realisert.

No får dei to nordmennene likevel oppfylt draumen om å lage musikk saman med Michael Jackson - sjølv om det ikkje blei på den måten dei hadde håpa på.

Plateselskapet Motown Universal har nemleg bede 20 av verdas beste musikkprodusentar om å bidra med remixar til den nye plata, fortel Hermansen.

- Motown har vore i arkiva sine, og funne dei gamle masterteipane. Så har dei latt oss produsentane velje ein låt i katalogen til Michael Jackson, og sendt over vokalsporet til oss.

- Skalv på hendene

Jackson 5, Michael i midten, Tito, Randy, Jackie, Marlon

Jackson 5, med Michael i midten.

Foto: HO / Reuters

Stargate valde seg Jackson 5-låta «Skywriter», tittelsporet frå familiegruppas sjette album frå 1973.

- Michael syng heilt fantastisk, han er berre 13-14 år, men det let heilt utruleg bra, fortel ein entusiastisk Hermansen.

Det var ikkje heilt utan ærefrykt at Stargate rulla i gong teipane med dei historiske opptaka på.

- Vi skalv på hendene då vi byrja å jobbe med materialet. Samtidig følte vi eit visst ansvar for at musikken blei bra.

Men prestasjonsangsten skulle syne seg å gå over ganske raskt.

- Det vi høyrde var at uansett kva vi gjorde så blei det bra, fordi Michael syng så bra. Så dermed kunne vi komme unna med å lage noko som var heilt ok. Men vi laga fleire idear, og jobba knallhardt med låta til vi følte at vi tok vare på originallåta, samtidig som det vi laga høyrdest ut som 2009. Så det var eigentleg berre inspirerande å jobbe med dette. Men det er klart, vi måtte komme over den første kneika der vi skuggeboksa med vokalen til Michael.

  • Låta er ikkje offisielt tilgjengeleg enno, men har leke ut på YouTube.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.