Hopp til innhold

– Han heldt hendene om halsen på henne

Den første som kom ut på verandaen på rom 411 på Hotell Alexandra drapsnatta, tok eit kraftig tak i nakken på gjerningsmannen og fekk han bort frå Kirsti Slinning. Den tiltalte heldt då framleis eit kraftig tak om halsen på kvinna.

Hotell Alexandra Molde

Dette er Hotell Alexandra i Molde. Rom 411 ligg i fjerde etasje i den borterste blokka.

Foto: Terje Reite / NRK

Mannen som vitna i Romsdal tingrett i dag var barsjef på Hotell Alexandra i oktober då drapet skjedde. Saman med resepsjonisten tok han seg inn på rom 411. Ute på verandaen kunne han sjå to menneske i eit basketak.

– Det var blodig på verandaen. Ein mann sat på skrevs over ein annan person. Eg heldt den eine handa i dørkarmen og den andre i nakken på mannen. Han heldt framleis eit grep rundt halsen på personen som låg under han, forklarte mannen.

Rettssak Molde

I dag var retten på synfaring på rom 411 på Hotell Alexandra. Ute på denne verandaen sat gjerningsmannen over Kirsti Slinning, då dei hotelltilsette bana seg på veg inn på rommet.

Foto: Terje Reite / NRK

Det var eit grufull bilete den tidlegare barsjefen teikna av det han såg ute på verandaen den natta Kirsti Slinning døde. I detalj beskreiv han korleis tiltalte heldt hendene rundt halsen til Slinning. For å stadfeste at tiltalte framleis heldt hendene om halsen til Slinning, beskreiv han også korleis kroppen til Slinning bevega seg då han drog vekk gjerningsmannen.

Vakna av bråk på naborom

Dei første meldingane om at noko var alvorleg gale på rom 411 kom frå ein gjest på rommet i etasjen under rom 411. Mannen var på arbeid i Molde, og budde på Hotell Alexandra. Brått vakna han av bråk på eit av naboromma. Han vart den første som melde frå om slåstkampen på rom 411, natt til 12. oktober 2011.

Mannen vakna av lyden av møblar som blei flytta, og rop om hjelp. Først trudde han bråket kom frå naborommet. Men det viste seg av ropa om hjelp kom frå etasjen over, frå rom 411.

Paal Berg Helland

Advokat Paal Berg Helland er forsvarar for den tiltalte mannen.

Foto: Terje Reite / NRK
Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg er aktor i saka.

Foto: Terje Reite / NRK
Eli Brusdal

Tingrettsdomar Eli Brusdal er domar i saka.

Foto: Terje Reite / NRK

Eg hadde lagt meg, og hadde sovna. Lydane av stolar som blei slept over golvet og rop om hjelp gjorde at eg skjønte det var alvor, sa vitnet.

Mannen varsla resepsjonen på hotellet, og heldt ut telefonrøyret slik at også resepsjonisten skulle høyre kor alvorleg det var.

– Det var ei høgrøsta og sint stemme eg høyrde. Det var ei kranglestemme. Og ei kvinne ropte fleire gonger etter hjelp, forklarte han.

– Trudde det var brukt stikkvåpen

Resepsjonisten var den første som blei varsla om hendinga. Som ein erfaren resepsjonist har han handtert bråk fleire gonger. Denne gongen forsto han med ein gong at han sto overfor noko spesielt.

Eg veit ikkje heilt kva det var. Men eg skjønte det var alvorleg, og eg reagerte straks. Eg fekk med meg barsjefen og låste oss inn på rom 411. Ute på verandaen såg eg ein mann sitje over skrevs på ein annan person, forklarte resepsjonisten.

– Trudde to menn slåst

Hotelrommetlet var opplyst, men det var bekmørkt ute på verandaen. Dermed var det vanskeleg med ein gong å sjå kva som var situasjonen ute på verandaen. Det var mykje blod. Men dei to som kom først til staden såg ikkje med ein gong at ei kvinne var involvert.

– Eg trudde det var to menn som slåst. Det var viktig for oss å få skilt dei to frå kvarandre. Ingen av oss hadde lyst til å vere att åleine med dei to, så eg bad ein kollega om å ringe politiet. Vi var redde for at dei skulle vakne til live og begynne å slåst igjen, fortalte resepsjonisten.

– Eg vurderte mannen som sat øvst som den aggressive av dei to. Og først seinare skjønte eg at den andre personen var ei kvinne, forklarte resepsjonisten i vitneprovet sitt.

Børre Husebø Harald Aarset

Børre Husebø (tv) er psykiatrisk sakkunnig. Harald Aarset (t.h.) er patolog.

Foto: Terje Reite / NRK

– Umogleg å få kontakt

Politibetjent Arnt Ove Rød var den første frå politiet som kom til staden. Han var ute på patrulje saman med ein politistudent, og dei fekk beskjed om å dra raskt til Hotell Alexandra.

– Då vi kom inn såg vi ein mann som sat på rumpa ved verandadøra. Då eg kom bort til han såg eg også ein person som låg på verandagolvet. Vi prøvde å få kontakt med mannen. Men det var umogleg. Han kommuniserte ikkje. Eg fastslo at han hadde puls, men det kom berre gurglelydar frå han, fortalde Rød.

Kort tid etter at ambulansefolk og lege kom til staden, blei det konstatert at Kirsti Slinning var død. Også gjerningsmannen var i så dårleg tilstand at han blei køyrd til sjukehus.

Veranda rom 411

Dette er verandaen på rom 411, der Kirsti Slinning døde natt til 12. oktober 2011.

Foto: Terje Reite / NRK

Rettssaka held fram til fredag, då det skal vere prosedyre.