Hopp til innhold

Kvinna blei kvelt

Ålesundskvinna som blei funnen død på eit hotellrom i Molde i oktober blei kvelt.

Video Drapet i Molde

Kvinna blei drept på Hotell Alexandra i Molde.

Foto: Nyhetsspiller

Det er no laga ein førebels obduksjonsrapport. Denne rapporten viser at kvinna blei kvelt.

Laura Havdal

Laura Havdal er politiadvokat ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I tillegg er kvinna påført stump vald mot ansiktet, seier poilitiadvokat Laura Havdal til Rb-nett. Ein 57-år gamal mann frå Nordmøre er sikta for å ha tatt livet av kvinna.

Den drepte er den 53 år gamle Kirsti Slinning frå Ålesund. Ho blei funnen drept på ein balkong på Hotell Alexandra i Molde. Både ho og mannen som er sikta for drapet deltok i ein konferanse i regi av Fagforbundet.

Det står framleis att mykje etterforsking. Vi har sendt ei rekkje ting til kriminalteknisk analyse. Dette har vi ikkje fått svar på enno. Det står også att ein del vitneavhøyr, seier politiadvokat Laura Havdal til RB-nett.

Den sikta 57-åringen sit no i fire nye veker i varetekt med brev- og besøkskontroll.