Hopp til innhold

Høgsterett behandla heimelaga musefelle - mange hundre følgde saka

Det var stor interesse blant folk då Høgsterett i dag behandla spørsmålet om det er lov å drukne mus i ei heimelaga musefelle.

Linda Strand i Surnadal

Linda Strand bur i eit 400 år gamalt tømmerhus. Ho seier det var så mykje mus då familien flytta inn, at ho måtte gå med støvlar innandørs.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er ei spesiell sak landets høgste rettsinstans har hatt på bordet i dag: avliving av mus.

Og det er så stor interesse for saka at Høgsterett har bestemt seg for å sende direkte rett frå rettssalen, noko som berre har blitt gjort i ei handfull saker før.

Torsdag føremiddag følgde mellom 400 og 500 tilhøyrarar med på saka elektronisk.

Ber om frifinning

Advokat John Christian Elden ba torsdag formiddag om at klienten hans blir frifunnen.

– Det er eit vere eller ikkje vere for Linda Strand sitt høve til å kunne bu heime, sa han torsdag morgon.

Elden sa det burde vere mogleg å bu i det 400 år gamle tømmerhuset sitt.
Han seier det ikkje ville vere meir humant å bruke andre, meir tradisjonelle musefeller eller katt.

Advokat John Christian Elden i Bergen

Forsvarar John Christian Elden.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Meiner ho burde forsøkt andre metodar

Statsadvokat Magne Nyborg held fast på at Linda Strand må straffast, og at ho burde vurdert andre metodar før ho konstruerte den utradisjonelle musefella.

– Påtalemakta tvilar ikkje på at Strand hadde eit stort problem med museinnvasjonen. Det er metoden ho brukte som er problematisk, sa Nyborg i si prosedyre.

Statsadvokat Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg representerer påtalemakta i musesaka i Høgsterett.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Lokka dei med Bamsemums

Trebarnsmora Linda Strand i Surnadal var så lei av musene som pila rundt i familien sitt gamle trehus at ho bestemte seg for å ta saka i eigne hender.

Problema skal ha vore så store at det ikkje hjelpte verken med ordinære musefeller, høgfrekvente lydar, gift – eller ein ekstra katt.

Løysinga blei å lokke musene med Bamsemums ut til ein tom, roterande brusboks.

Der fall dei ned i ei gamal sinkbøtte med frostvæske og vatn og drukna.

Musefella som Linda Strand har laga.

Den omstridde musefella med Bamsemums som åte.

Foto: Privat

Med den heimelaga musefella fekk ho tatt kverken på drøssevis med mus i løpet av kort tid.

Torsdag følgje ho saka i Høgsterett frå tilhøyrarbenken.

– Eg gler meg og synest det er spennande, og har veldig trua på at denne gongen går det vegen, sa ho før saka starta.

Linda Strand med katten Rigfar

Katten Rigfar har ikkje klart å hamle opp med alle musene i huset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Zoolog er skeptisk

Petter Bøckmann, som er zoolog ved Naturhistorisk museum, gjesta NRK Nyhetsmorgon torsdag. Han er skeptisk til avlivingsmetoden til Linda Strand.

– Det er ikkje noko morsommare for ei mus å drukne i ei bøtte enn det ville vore for folk, seier han.

Han meiner det luraste å gjere for folk som er plaga med mus, er å sikre seg at dei ikkje har tilgang på mat. Rottegift, musefeller eller ekstra kattar, er også problematisk, sett frå musa si ståstad, seier Bøckmann.

Han strekar under at han uttalar seg som zoolog og ikkje jurist.

Petter Bøckman

Zoolog Petter Bøckman er skeptisk til drukningsfella som no blir diskutert i Høgsterett.

Foto: Roy Pettersen / NRK

Du kan sjå og høyre heile intervjuet i NRK Nyhetsmorgon her:

Nyhetsmorgen, Politisk kvarter og Kulturnytt – alt du trenger for en oppdatert start på dagen. Direkte fra studio 50 hver morgen.

Nyhetsmorgen, Politisk kvarter og Kulturnytt – alt du trenger for en oppdatert start på dagen. Direkte fra studio 50 hver morgen.

Hevdar ho har brote lova

Politiet gav henne først 6000 kroner i bot då dei gjennom eit Facebook-innlegg blei klar over den heimelaga musefella. Tingretten konkluderte med det same.

Men Linda Strand nekta å betale, og viste til at ho forsøkte å verne hus og heim.

Det står ho fast på – og no skal Høgsterett avgjere om kravet til ein dyrevelferdsmessig forsvarleg avlivingsmetode skal gjelde også for skadedyr som mus.

Det same seier dyrerettsorganisasjonen Noah. Dei hevdar bruken av den heimelaga musefella er dyreplageri.

Leiar i dyrerettsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen.

Leiar i dyrerettsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Mattilsynet har gitt klar beskjed om at regelverket skal tolkast slik at denne typen feller er ulovleg, det har dei sagt veldig tydeleg, seier leiar Siri Martinsen.

Eldre hus i Surnadal

Det gamle tømmerhuset i Surnadal har vore bustaden til mange mus dei siste åra. No bur der også ein familie på fire.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Meiner dommen er viktig for mange

Advokat Thor Kleppen Sættem meiner det får store konsekvensar dersom Høgsterett i dag kjem til at Linda Strand skal dømmast. Han har tidlegare uttalt til NRK at hundrevis, om ikkje tusenvis av menneske rundt om i landet, har avliva mus på same måte.

Linda Strand med mobilskjerm med meldingar

Linda Strand har fått mange reaksjonar på saka. Fleire er sinte for det ho har gjort.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

No blir det opp til Høgsterett å avgjere om avlivingsmetoden i Surnadal er ulovleg. Linda Strand angrar ikkje og følgjer forhandlingane frå tilhøyrarbenken.

– Det er kanskje ei viktig sak, eg ser at det er svært viktig for nokre, så eg får ta ein for laget, seier Linda Strand.

Linda Strand

Linda Strand har studert ulike måtar å ta livet av musene på, men fann til slutt sin eigen metode.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også Hotell tapte i retten – cruisebåtane får likevel sperre utsikta

Hotel Waterfront med skipet Aida Nova foran.