Hopp til innhold

Overlegar vil kaste hovudtillitsvald - hevdar han ikkje er nøytral

Overlegane i Kristiansund og Ålesund vil kaste Bernd Müller som sin representant i Helse Møre og Romsdal. Dei meiner han ikkje er nøytral i sjukehusstriden, og arbeider no aktivt for å finne ein motkandidat.

Margaret Sævik Lode

Margaret Sævik Lode, som er hovudtillitsvald for overlegane i Ålesund, seier ho

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Overlegane i Kristiansund og Ålesund kan i løpet av kort tid kome til å stille mistillitsforslag til Bernd Müller, som etter planen skulle sitje til neste haust.

I dag har han dobbeltrolla som foretakstillitsvald for alle legane i fylket, samstundes som han er hovudtillsvald for overlegane ved Molde sjukehus.

– Vi føler at han er veldig involvert i prosessen med å få eit sjukehus til Molde, og vi er redd at han ikkje ser heilskapen i fylket, seier Margaret Sævik Lode, som er hovudtillitsvald for overlegane i Ålesund.

Les også:

Leitar etter motkandidat

Sævik Lode karakteriserer Müller som ein "Molde-mann" i prosessen rundt nytt sjukehus, og seier ho no arbeider konkret for å finne ein motkandidat. Planen er, etter det NRK Møre og Romsdal forstår, å presentere ein eventuell ny kandidat på eit allmøte for legane i Ålesund 6. januar. Der skal også Bernd Müller delta.

– Det er vanskeleg å finne nokon til ein slik jobb. No snakkar vi med folk, sender e-postar og prøvar å finne nokon som er interesserte i å stille som motkandidat, seier Sævik Lode.

Dersom ho klarer det, og Müller framleis ønskjer å halde på sin posisjon, vil det bli fremja mistillitsforslag, seier ho.

Les også:

Bernd Müller

Foretakstillitvald Bernd Müller vil ikkje svare på om han er nøytral nok som representant for alle legane i fylket.

Foto: Roar Strøm / NRK
Vil diskutere saka internt

Bernd Müller vil ikkje svare NRK Møre og Romsdal på om han vurderer å trekkje seg. Han seier han ikkje er kjent med noko slikt krav, heller ikkje kven som eventuelt står bak, og kva som skal vere årsaka til det.

– Eg er ikkje kjent med noko krav om at eg skal trekkje meg, og vil først ta stilling til det, når det kjem, seier Müller.

– Men er du nøytral nok til å vere tillitsvald for alle legane i fylket?

– Det er ein diskusjon som vi får ta internt, det har eg ikkje tenkt å diskutere i media, seier han.

Må vise vilje til endring

Sævik Lode seier ho hadde ein lang telefonsamtale med Müller fredag, og at ho var klar på kvifor ho meiner han bør erstattast. Dersom han skal kunne ha ei framtid som fagforeiningsrepresentant for alle legane i fylket, må han opptre annleis framover, seier ho.

– Dersom han skal halde fram med den posisjonen må han i alle fall vise tydeleg at han tek dette på alvor, og vil tale også saka for sjukehuset i Ålesund og pasientane i heile fylket, og ikkje berre sjukehuset i Molde. Mange stiller spørsmål ved om det er mogleg for han å klare det, seier ho.