Hopp til innhold

Uro også etter Høie-besøket

Ikkje alle slår seg til ro med at det er ope kva som skjer med akuttkirurgien ved sjukehuset i Volda. Besøket frå helseminister Bent Høie roa ikkje alle.

Helseminister Bent Høie i Volda

Bent Høie gav ingen lovnader om å bevare akuttkirurgien då han besøkte Volda.

Foto: Trond Vestre

I forslaget til den nasjonale helse- og sjukehusplanen er Volda eitt av fem sjukehus som kan miste akuttkirurgien. Men då helseminister Bent Høie besøkte Volda i går, var bodskapen at det ikkje er tatt noko avgjerd. Dei sjukehustilsette var likevel skuffa, og meinte at Høie ikkje svarte på spørsmåla han fekk, og at dei talte for døve øyre.

Demokratisk prosess

– Det er opp til oss sjølve å finne gode argument både med tanke på pasientane sitt beste og med tanke på beredskapen. Så må vi synleggjere dette for statsråden og departementet, seier helseministerens partifelle, Høgre-ordførar Anders Riise frå Hareid.

Riise set dermed sin lit den lokale- og demokratiske prosessen som Høie lovar skal vere gjennomført før ei avgjerd blir tatt.

Tidlegare Volda-ordførar Arild Iversen

Tidlegare Volda-ordførar Arild Iversen frå KrF let seg ikkje roe av besøket.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tidlegare Volda-ordførar Arild Iversen frå KrF er derimot kkje rolegare etter besøket, trass i at statsråden lovar å lytte til dei argumenta som kjem.

– Ut i frå kva Høie har sagt om Nasjonal helse- og sjukehusplan er eg framleis uroleg. Der står Volda i fare for å miste akuttkirurgien, og det forslaget står framleis ved lag.