Helseminister Bent Høie kom seg ikkje ein gong inn dørene for å møte ordførarane, før han måtte svare demonstrantane. Dei hadde rigga til med talarstol, høgtalarar og mikrofonar.
– Det høyrest ut som du legg opp til eit helikopter-helsevesenet, kva når ein pasient held på å blø i hel og det skjer akutte komplikasjonar, kva er planen når sekunda tel og helikopteret ikkje kan lette, spurte nestleiar i Folkeaksjonen for Volda sjukehus, Jørund Knardal.
– Vi er veldig opptatt av å oppretthalde ein desentralisert sjukehusstruktur. Ein må gjere konkrete risiko- og sårbarheitsvurdering ved kvart sjukehus, svarte Høie.
– Har ikkje sitte åleine på kontoret
Det har ikkje mangla på engasjement og sinne etter at helseministeren tidlegare i haust foreslo å kutte akuttkirurgien ved sjukehuset i Volda. Dette fekk han kjenne på også tysdag.
– No er det heldigvis ikkje slik at eg har sitte på kontoret mitt og åleine funne ut korleis denne planen skulle vere, kontra Høie og sa at modellen eksisterer på fem sjukehus allereie.
Han streka også under at ingenting er avgjort, og at han vil lytte til dei reaksjonane som har kome.
Kjempar for akuttkirurgien
Malvin Kile er ein av dei som tysdag morgon demonstrerer ilag med mange andre utanfor rådhuset.
– Eg har valt å møte opp for å markere at vi treng akuttkirurgien her i Volda. Eg opplevde sjølv ved ei bilulykke at folk hadde stroke med, om vi ikkje hadde hatt eit tilbod her. Dei hadde ikkje klart seg til Ålesund, hevdar han.
Sterke protestar
Bent Høie har foreslått å leggje ned akuttkirurgien i Volda, og har også foreslått ei rekkje andre endringar ved ei rekkje lokalsjukehus over heile landet.
– Poenget med lokale prosessar er at folk kan engasjere seg og gje uttrykk for det dei meiner, sa Høie til NRK Møre og Romsdal tysdag morgon.
Før møtet understreka han at han såg fram til å kome til Volda.
Møter tilsette seinare i dag
Flyet til Høie landa tysdag morgon, og Høie er fredag formiddag med på det omdiskuterte møtet med ordførarane i området, som Høie først ville lukke for pressa. Demonstrantane som møtte Høie skal seinare i formiddag til gå opp til sjukehuset.
Der skal Høie møte tilsette seinare i dag.
For tre veker sidan demonstrerte nesten 10 000 utanfor sjukehuset, og den eine etter den andre gjekk på talarstolen for å tale Høie midt i mot.
Ingenting tyder på at engasjementet blir mindre i dag.