Hopp til innhold

Slik vil ekspertane bygge Stad skipstunnel

Stad skipstunnel kan bli den første fullskala skipstunnelen i verda, og ekspertar har no drøfta korleis den kan byggast.

Stad skipstunnel, Moldefjorden

SKIPSTUNNEL: Slik kan Stad skipstunnel bli. Illustrasjonen viser den sørlege inngangen i Moldefjorden.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

Terje Andreassen framføre staden der Stad skipstunnel er planlagt

Terje Andreassen i Kystverket framføre staden der det sørlege tunnelinnslaget for Stad skipstunnel er planlagt.

Foto: Pål Are Lilleheim / Kystverket

– Tunnelen er ein kombinasjon mellom ein stor fjellhall og ein tunnel, seier prosjektleiar for forprosjektet for Stad skipstunnel, Terje Andreassen i Kystverket.

Tunnelen som er planlagt mellom Moldefjorden og Kjødepollen kan bli 1700 meter lang, og kan få eit tverrsnitt på 1625 kvadratmeter. Den er planlagt å bli 37 meter frå vassflata og opp, 12 meter frå vassflata og til botn, og 36 meter i breidda.

– Det er mange millionar kubikk som skal sprengast ut, så det krev god logistikk, seier Andreassen.

Vil sprenge og bore

Frode Arnesen i Multiconsult

Frode Siljeholm Arnesen er bergingeniør og geolog i Multiconsult.

Foto: Mariia Pyhlainen / Multiconsult

Ekspertar frå Norconsult, Multiconsult, Jernbaneverket, Statens vegvesen, NTNU, og Kystverket har drøfta korleis dei kan drive bygginga av Stad skipstunnel.

Ifølge Teknisk Ukeblad som først omtalte saka var ekspertane einige om at tunnelen skal drivast som ein konvensjonell veg- og banetunnel, altså med boring og sprenging.

– Først vert det sprengt og sikra ein tunnel som vert kalla ei takskive i toppen av bergrommet, seier bergingeniør og geolog Frode Siljeholm Arnesen i Multiconsult.

– Seinare vil resten av volumet bli tatt ut med pallsprenging. Sikringsarbeid vert gjort etter kvart som ein arbeider seg nedover, seier han.

Store mengder masse

Stad skipstunnel

Det er planlagt at Stad Skipstunnel skal ligge med sørleg opning i Moldefjorden og nordleg opning i Kjødepollen.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

I alle fall tre millionar kubikkmeter med fast fjell skal flyttast ut, noko som svarar til rundt 7,5 millionar tonn med stein frå fjellet.

– I forbindelse med bygginga må det byggast ein del hjelpetunnelar for tilkomst, så det kan godt hende det blir noko meir masse enn det, seier Arnesen.

SJÅ BILETE:

Stad skipstunnel, Moldefjorden
Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

Massane kan bli molo

Stad skipstunnel

Illustrasjonen viser dimensjonane på skipstunnelen, og korleis det vil bli jobba med å lage tunnelen. Store mengder masse skal flyttast ut, og arbeidet kan bli gjort tørt ved at det er demningar i kvar ende av tunnelen.

Foto: Appex/Kystverket / Illustrasjon

Det er ikkje bestemt kvar massane i tunnelen skal flyttast, og det er fleire alternativ.

Me ser på korleis ein kan nyttiggjere seg av den sprengte tunnelmassen til diverse industriområde eller eventuelt molobygging, seier han.

Kan gjerast tørt

Arnesen i Multiconsult seier bygginga kan gjerast tørt, ved å anten ha demningar, eller ved at det står att fjelltersklar i begge endar. Ein god del hamnetekniske anlegg og vegløysingar blir det også i begge endar av tunnelen.

Stad skipstunnel

Slik kan det vil bli jobba med skipstunnelen. Store mengder masse skal flyttast ut.

Foto: Illustrasjon: Appex/Kystverket

– Kystverket må ha store støttekonstruksjonar for å kunne manøvrere båtane sikkert i tunnelen, seier Arnesen.

– Portalane for tunnelen kjem til å bli ganske imponerande, for i sjølve opninga må det leggast betongkonstruksjonar for å halde grensa mellom terreng og tunnel, seier han.

Ventar på vedtak

Stad skipstunnel

Slik kan den ferdige skipstunnelen ende med å sjå ut.

Foto: Illustrasjon: Appex/Kystverket

Forprosjektet skal leverast våren 2017, og vidare trengst det pengar til bygginga av tunnelen.

– Det er eit politisk vedtak som må til for å sette i gang bygginga. Det er foreløpig sett av ein milliard på nasjonal transportplan, og det må iallfall doblast for at prosjektet blir realisert, seier Andreassen.

– Slik eg ser det kan byggestart vera 2019, kanskje seint 2018. Viss ein reknar ein fire-fem års byggetid som realistisk gjennomføringstid vil tunnelen kunne opnast for trafikk i 2022, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL