Hopp til innhold

– Dette er ein draum som blir verkeleg, ei ny tidsrekning for meg

Vanylven-ordførar og skipstunnelforkjempar Jan Helgøy (KrF) jublar over meldinga om at regjeringa løyver éin milliard kroner til skipstunnel ved Stad.

Jan Helgøy

Ordførar i Vanylven, Jan Helgøy (KrF), heisar flagget for Stad skipstunnel.

Foto: Synste Møre, Vidar Parr

– Det er heilt fantastisk og det finst nesten ikkje ord som kan beskrive det eg føler no, seier ordføraren, etter at TV2 melde dette torsdag formiddag.

Draum som blir verkeleg

– Dette er ein draum som blir verkeleg. Det er ei ny tidsrekning for meg no. Før og etter denne meldinga. Det er heilt fantastisk!

– Er du rørt?

– Ja, det er eg faktisk. Det har vore ein lang kamp, men det som no vil skje vil nærast lage ei heilt ny tidsrekning.

Les også:

– Høghastigheitstog på norskekysten

Aksjeselskapet Stad skipstunnel vart starta i 1985. Jan Helgøy flytta frå Sola til Vanylven året etter.

Han kom med i kommunestyret i Vanylven for KrF i 1987, og sidan har han kjempa for å få ein skipstunnel forbi det harde Stadhavet.

– Det er fantastisk at det er mogleg å få denne meldinga. No har vi høghastigheitstog på heile norskekysten berre med ein tunnel på 1700 meter.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

Slik kan det sjå ut ved Kjødepollen når Stad skipstunnel er på plass.

Foto: NORDWEST3D

– Magnet

Helgøy trur den nye tunnelen vil gi meir enn ein etterlengta sikker veg over Stadhavet for sjøfarande, og føre meir gods over frå veg til sjø.

– Berre tenk på kva magnet dette vil bli for turistar. Det er heilt utruleg at vi er der no, seier ordføraren.

Video nsps_upload_2009_2_4_15_21_50_1015.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

TUNNEL: Slik blir Stad skipstunnel.