Hopp til innhold

Fjernar Hurtigruten frå reklame

– Dette er på inga måte noko nederlag, forsikrar prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Stad skipstunnel etter forliket med Hurtigruten.

Randi Paulsen Humborstad

NØGD: Randi Paulsen Humborstad seier Stad skipstunnel er nøgde med å inngå forlik med Hurtigruten og fjernar logoen deira frå alt promoteringsmateriell.

Foto: Øystein Torheim

Lobbyorganisasjonen har i fem år brukt Hurtigruten i sine reklamefilmar og bilete, utan at at Hurtigruten gav samtykke til det.

Dette har ikkje falle i god jord hjå reiarlaget, som kravde slutt på det dei meinte var misbruk.

– Vi hadde eit veldig godt møte i Tromsø for ei veke sidan med kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten. Vi vart samde om at vi skal fjerne den grafiske profilen, altså Hurtigrute-logoen, frå våre illustrasjonar, seier Randi Paulsen Humborstad.

– Ynskjer kontroll

Det var spesielt bruken av hurtigruteskipet «Midnattsol» og nestenhavariet til fartøyet utanfor Stad i 2003 som fekk selskapet til å reagere.

– Vi ønskjer ikkje å bli brukte i kampanjen. Vi ønskjer også å ha kontroll over bruken av Hurtigruten som merkevare, sa Bjørnflaten til avisa Dag og Tid, som først skreiv om saka.

Humborstad i lobbyorganisasjonen har heile vegen hevda at dei handla i god tru . Mellom anna ettersom Richard With aktivt deltok i innspelinga av ein reklamefilm i 2005.

Positive i 2010

Seinare har det også kome fram at Hurtigruten i 2010 uttala seg svært så positive til tunnelen i eit brev til Kystverket.

Anne Marit Bjørnflaten

SLUTT: Anne Marit Bjørnflaten og Hurtigruten ville ikkje lenger la seg bruke av lobbyorganisasjonen Prosjekt Stad.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Hurtigruten seier i dag at dei ikkje vil ta standpunkt for eller mot verdas første tunnel.

– Det handlar ikkje om å vere for eller imot, det handlar om å på dette tidspunktet bestemme seg for om ein skal bruke dei eller ikkje, sa kommunikasjonsrådgiver i Hurtigruten, Stein Lillebo, til NRK.

– Medieskapt

No er Humborstad glad for at striden er over, sjølv om Stad skipstunnel ikkje har opplevd usemja som ein konflikt.

– Vi er godt nøgde med å gjere dette, og vi er samde om å leggje saka død, seier ho.

– Blir det mykje arbeid å fjerne logane?

– Neida, det er veldig enkle grep. Vi fjernar logoen, så ser det ut som eit vanleg cruiseskip.

– Er det greitt å setje punktum for konflikten?

– Dette har ikkje vore noko konflikt slik vi har sett det. Dette er noko media har blåst veldig opp. Dei må gjere sine vurderingar og den dagen Stad skipstunnel står klar så er eg trygg på at Hurtigruten vil bruke Stad skipstunnel ved dårleg vêr.