Hopp til innhold

Klatrar vekk sjukefråværet

Meir sjølvstendige barn gir friskare vaksne i barnehagane. Fleire barnehagar opplever kraftig reduksjon i sjukefråveret etter at dei lét barna gjere meir sjølve.

Sjå tv-saka: Ved å la barna gjere meir sjølv, har Rensvik barnehage i Kristiansund redusert sjukefråværet med seks prosent. Foto/redigering: Eirik Haukenes.

«Klare sjølv» har i alle år vore eit av barn sine store parolar. No har det også blitt eit HMS-tiltak.

På stellerommet er det klart for bleieskift, og den vesle guten klatrar lett opp dei få skritta til stellematte sjølv, medan Ingrid Halsnes følgjer nøye med.

– Som du ser sparar det oss for mange tunge løft, og det gjer kvardagen betydeleg lettare, seier den barnehagetilsette.

Har redusert sjukefråværet kraftig

Prosjektet «La meg klare sjølv» er gjennomført i ein rekke barnehagar fleire stadar i landet, og ved å la barna klare mykje sjølv reduserer ein tunge løft, som igjen påverkar sjukefråværet.

Heidi Kleivli.

Heidi Kleivli, styrer i Rensvik barnehage i Kristiansund, meiner prosjektet «La meg klare sjølv» er positivt både for store og små.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

I Rensvik barnehage i Kristiansund bruker dei trillestolar, mjølkekasser og bevisste haldningar, for å spare ryggen til dei vaksne.

På eitt år har sjukefråværet gått ned frå 18 til 12 prosent.

Og det blir stadig betre, meiner styrer Heidi Kleivli.

– Vi har redusert sjukefråværet på belastningsskadar betydeleg og dei tilsette kjem fortare tilbake i jobb, seier ho.

Positivt for både store og små

Og tiltaka er viktige. Barnehagetilsette har eit sjukefråvær som er nesten dobbelt så høgt som gjennomsnittet elles i arbeidslivet.

: Trine Betten, Ingrid Halsnes og Ann Kristin Hjelkrem

Trine Betten, Ingrid Halsnes og Ann Kristin Hjelkrem er fornøgd med prosjektet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Det er snakk om enkle, små grep som gjer kvardagen så mykje enklare for dei tilsette, seier Kleivli.

– Det er nesten slik at eg ikkje skjønnar kvifor vi ikkje har gjort det før, held ho fram.

I gangen er barna travelt opptatt med å kle på seg yttertøyet. Og det er ikkje berre dei barnehagetilsette som får eit utbytte av prosjektet, også barna blomstrar ifølgje Kleivli.

– Dei får ei mykje større meistringskjensle, dei får auka sjølvtillit, blir meir sjølvstendige og klarer stadig meir, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL