Hopp til innhold

Her går det nesten gale

Familien frå Sunnmøre var på veg for å hogge årets juletre då ein bil plutseleg kryssa vegbana framfor dei. Det kunne raskt fått alvorlege konsekvensar.

Sjå videoen då det nesten gjekk gale.

Sjå videoen: Familien på seks var på veg til Larsnes på Sunnmøre for å hogge juletre då ein bil plutseleg køyrer inn på vegen framfor dei.

Det var førre helg at Baard Ole Grøtta, programingeniør i NRK Møre og Romsdal, og familien var på veg til Larsnes for å hogge årets juletre. Familien på to vaksne og fire barn, kom køyrande i 70-sona frå Hareid mot Ulsteinvik på Sunnmøre, då den farlege situasjonen oppstod.

Nestenulukke Ulsteinvik

Baard Ole Grøtta måtte køyre over i det motgåande køyrefeltet for å unngå kollisjon.

Foto: Baard Ole Grøtta / NRK

Idet bilen framfor dei svingar av vegen vel ein annan bil å krysse vegbana. For å unngå å kollidere med føraren i denne bilen må Grøtta legge seg over i det motsette køyrefeltet og familien greier akkurat å unngå ein samanstøyt.

– Heldigvis kom det ikkje bilar imot. Hadde det gjort det ville vi truleg fått bilen rett i sida. Det var først etterpå at det verkeleg gjekk opp for oss kva som hadde skjedd, og både eg og kona mi var heilt skjelvne då vi stoppa bilen, seier han.

Grøtta har frå før av installert eit dashkamera i bilen, som filma heile hendinga. Han er letta over at det heile gjekk så bra som det gjorde.

– Det var nysnø og glatt på staden, så eg hadde aldri greidd å bremse for bilen dersom det hadde kome bilar imot, seier Grøtta.

Kunne i verste fall blitt fatalt

Annette Henden, førstekonsulent for trafikktryggleik i Statens vegvesen Møre og Romsdal,meiner at situasjonen er alvorleg.

Annette Henden statens vegvesen

Annette Henden i Statens vegvesen oppmodar bilistane til å tilpasse farta etter føret.

Foto: Statens vegvesen

– Sidekollisjonar kan vere svært farlege. Når det i tillegg er glatt blir det ekstra vanskeleg for dei som kjem imot å stoppe og bremselengda blir fort lang. Det kan i verste fall bli fatalt, seier ho.

Henden fortel at nokre bilistar har det litt for travelt i trafikken og prøver å utnytte lukene som oppstår mellom bilane. Det er ikkje alltid like lurt, meiner ho.

– Vêret skifter raskt frå mildvêr til kaldt, og det er ikkje alle som er like førebudd på desse endringane. Difor er det lurt å tilpasse farta etter føret, seier ho.

Trass i for glatte vegar og varierande vegdekke i vintermånadane, skjer dei mest alvorlege ulukkene på sommarhalvåret når farta er høg og vegen er bar, fortel Henden.

– Vi ser at folk er flinkare til å ta det roleg når det er glatt, men det er sjølvsagt store variasjonar. Alvorlege ulukker kan skje heile året, så det er alltid viktig å køyre etter forholda og bruke bilbelte, seier ho.

Mange uhell i desember

Førjulstida er kjent for å vere ei stressande tid for mange og 23. desember har tradisjonelt vore kjent som «den store bulkedagen».

– Vi ser at det skjer fleire uhell i tida før jul, spesielt utanfor kjøpesentera. Eg oppfordrar bilistane til å konsentrere seg om å køyre bil når dei gjer det, og tenke på alt anna når dei har parkert, seier Henden.

I tillegg peikar Henden på fleire tiltak som kan betre trafikktryggleiken i vintermånadane.

– Det er mange som slurvar med lys og køyrer rundt med eitt lys. Vi tilrår også bruk av refleks, både hos gåande og syklande. Mange er flinke til å ha refleks på ungane sine, men berre ein av fire vaksne brukar det sjølv, seier ho,