NRK Meny
Normal

Her er refleksvideoen som tar av

Å sjå fotgjengarar i mørket som går uten refleks, er nærast umogleg. Videoen som viser det, er sett av over 1,5 millionar personar i sosiale medier.

SoMe-video som viser barn i mørket med refleks. Mye tekst på bildene.

Berre ein av tre nordmenn brukar refleks i haustmørket, viser tal frå Trygg trafikk. Distriktsleiar i Trygg trafikk, Erik Hartmann, trur mange rett og slett gløymer å ta på seg refleks.

– Vi spurte reisande på ferjene rundt omkring om refleksbruk og dei svarte at dei gløymer det. Dei har kanskje mange jakker og er ikkje flinke til å flytte refleksane over til nytt yttertøy, seier Hartmann.

LES OGSÅ:

Påsydd refleks

Distriktsleder i Trygg Trafikk, Erik Hartmann.

Erik Hartmann i Trygg Trafikk trur refleksbruken kjem til å betre seg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han ventar på nye tal frå refleksbruken no, og trur at det har betra seg det siste året.

Ein av grunnane til det er at mange klesprodusentar, spesielt av sportsklede, har refleks påsydd på kleda.

– Det er ei betring, men det går for seint, seier Hartmann. Han trur det å skape merksemd og snakke om refleksbruk, er det som får fleire til å tenkje.

Video tar av

NRK sin refleksvideo har blitt sett av over 1,5 millionar og delt 47.000 gongar. Hartmann er imponert over rekkjevidda.

– Det er jo berre heilt fantastisk flott at så mange deler videoen, seier fylkesleiaren.

Statistikk frå Statens vegvesen viser at en tredjedel av forgjengerulykkene skjer i mørket. Halvparten av fotgjengarane som omkom i i perioden 2005 til 2014, brukte ikkje refleks.

Se ulykkesstatistikken i ditt fylke:

Drepte og skadde fotgjengere fordelt på

fylker i årene 2010-2014

Fylke

Drepte

Hardt skadde

Lettere skadde

Totalt:

Østfold

2

18

119

139

Akershus

12

39

187

238

Oslo

18

143

658

819

Hedmark

3

15

55

73

Oppland

1

13

62

76

Buskerud

6

16

68

90

Vestfold

5

19

109

133

Telemark

3

16

74

93

Aust-Agder

1

5

39

45

Vest-Agder

2

10

71

83

Rogaland

6

24

198

228

Hordaland

8

48

276

332

Sogn og Fjordane

1

4

22

27

Møre og Romsdal

6

20

81

107

Sør-Trøndelag

3

24

158

185

Nord-Trøndelag

1

9

21

31

Nordland

6

11

70

87

Troms

6

9

48

63

Finnmark

3

6

19

28

Totalt hele landet:

93

449

2335

2877