Hopp til innhold

Nella (9) overlevde kollisjon med lastebil - no håper foreldra skulevegen blir sikra

To knekte tenner er resultatet etter at ein lastebil køyrde på Nella i eit fotgjengarfelt i Sula på Sunnmøre. No ber foreldra om at politikarane sikrar skulevegen betre før det skjer ei alvorlegare ulykke.

Artikkelen er endra og anonymisert etter publisering.

Nella (9) var på veg heim frå skulen då ho blei køyrt på av ein lastebil midt i eit fotgjengarfelt i Langevågen i Sula. Ifølgje foreldra blei ho kasta to-tre meter og ut av vegen, før ho landa i vegkanten.

Det var berre hyl og skrik, seier mora.

Tre tapte telefonoppringingar

Ho fekk kontakt med dottera berre minutt etter ulykka. Torsdag ettermiddag opplevde ho det som alle foreldre fryktar. Ho var ute av bilen ein augneblink for å hente mannen sin i Mauseidvågen. Då ho kom tilbake var det tre tapte oppringingar frå dottera. Då han ringde tilbake høyrde han dottera som skreik.

– Eg blei veldig redd for at ho var alvorleg skadd, seier mora, som køyrde så fort ho kunne tilbake til Langevågen.

Ber om tryggare skuleveg

Foreldra fortel historia, for å prøve å bidra til at det blir gjort noko med krysset der ulykka skjedde. Dei meiner krysset, som ligg mellom brannstasjonen og kyrkja i bygda, er uoversikteleg. Dei peikar på at dette er skulevegen for svært mange born i området.

Når eg høyrer folk snakkar om tunnellar over og under land, blir eg provosert, eg syns det er feil prioritert. Kanskje dei heller kunne begynt med eit lyskryss her, seier mor til Nella.

Ho understrekar samstundes at ho ikkje veit eksakt kva som bør gjerast i krysset, men at ho håper nokon tek tak i det.

Glede over å kunne feire bursdag

Fredag la ho ut på facebook ei melding der ho gler seg over i det heile tatt å få oppleve dottera sin ni-årsdag, dagen etter ulykka. Med to knekte tenner blei ho lagt inn til observasjon på Ålesund sjukehus torsdag, men skriven ut dagen etter.

«Gleden over at Nella får oppleve og feire sin 9-årsdag i dag er ubeskrivelig. I går kunne alt sett annerledes ut...Nella har fått masse oppmerksomhet, og er i følge søsken, medelever og venner "tøffere enn en lastebil". No skal dagen feires.»

Fekk førarkortet beslaglagt

Ifølgje politiet har føraren av lastebilen fått førarkortet beslaglagt, og politiet har oppretta sak.

Ingen kan med handa på hjartet seie at vi er 100 prosent merksame til ein kvar tid. Vi veit at det er fort gjort, og mange har fortalt om nestenulykker etter at Nella blei køyrt på. No håper vi det skjer noko, seier mora.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med sjåføren som køyrde lastebilen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL